Over 6.000 byter ting på Bryne

Guro Halvorseth Time fann denne saccosekken på byttoteket. Den skal eit av barna hennar få i julegåve. Foto: Kristine M. Stensland

Facebook-gruppa «Byttoteket Bryne» har fått fleire tusen nye medlemmar dei siste åra. Trenden har dessutan spreidd seg til Klepp og Hå.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 20.12.2017 kl 18:50

- Folk er blitt flinke til å bruka brukt, seier Guro Halvorseth Time.

For nokon år sidan, ho hugsar ikkje nøyaktig kor mange, starta ho gruppa Byttoteket Bryne på Facebook. Her kan folk byta bort ting dei vil bli kvitt, og byta til seg slikt dei heller vil ha.

- Eg gjekk mykje på biblioteket, og eg tok til å ønska meg eit bibliotek for klede. På den tida hadde eg mange barneklede som eg ønskte å gje vidare. Dermed fekk eg ideen til byttoteket. I starten var det berre folk eg kjenner, som var med.

Gruppa blei fyrst omtalt i Jærbladet i januar 2015. Då låg medlemstalet på kring 400. Når 2017 går mot slutten, har medlemstalet nett passert 6000. Om alle desse er busette på Bryne, noko ein rett nok ikkje kan rekna med at dei er, utgjer dette kring halvparten av folketalet i byen. Det er aktivitet på sida meir enn ti gongar til dagen.

Bytinga

- Når ein ryddar i huset, kan ein få nokon til å henta ting ein ikkje treng meir, i staden for å kasta dei. I byte kan ein til dømes be om gulrøter. Ei stund var Pepsi Max ein populær valuta på sida. Nokon byter også bort ting mot eit smil. Om ein ønskjer seg noko i byte som er veldig spesifikt, kan det bli meir stress for folk å få tak i denne tingen enn det ville vore å skaffa seg det ein vil byta til seg, ein annan stad. Derfor er det greitt å byta ting mot slikt som ein finn i daglegvarebutikken, for der går folk innom uansett.

Det hender også at folk i byttoteket spør om nokon i gruppa har noko dei treng.

- Då kan andre koma på kva dei har liggande. Eg er fæl til å legga ting bort i bua eller i garasjen og gløyma at eg har dei.

Time har registrert at mykje av det som blir bytt bort, er barneklede eller lite brukt sportsutstyr.

- Det er mykje som er sesongbasert. No er det mykje skøyter og ski. Rundt halloween er det mange kostyme.

Fleire byttotek

I 2015 sa Time at ho håpte at det kom til å bli etablert fleire byttotek. Eit søk på Facebook viser at draumen er gått i oppfylling. «Byttoteket Klepp» har kring 1400 medlemmar og eit gjennomsnitt på meir enn ti oppdateringar dagleg. «Byttoteket i Hå kommune» har 1200 medlemmar og ein gjennomsnittleg aktivitet på ni postar i døgnet. Ein finn mellom anna også byttotek for Orstad/Kverneland, heile Jæren, Gjesdal, Sandnes, Stavanger og i Sola. Det er også laga spesialiserte byttotek, som til dømes «Byttoteket Hesteustyr Rogaland».

Time fortel at ho er blitt kontakta av folk som lurer på om det er greitt for ho at dei startar opp eit nytt byttotek. Det seier ho alltid ja til.

- Eg er berre glad om folk startar opp. Dessutan er det ingen som eig konseptet.

Inspirerte Klepp og Hå

Ein må setja av mykje tid om ein skal finna ut om alle byttoteka i landet direkte eller indirekte er inspirerte av byttoteket på Bryne. Men ein kan i det minste ta seg tid til ein sjekk hos byttoteka i nabolaget.

Silje Bilstad Ask starta byttotek i Klepp for kring to år sidan. Ideen fekk ho frå byttoteket på Bryne.

- Tanken bak gruppa er at folk som bur i Klepp og ikkje har høve til å reisa rundt for å byta med andre, lettare skal kunna gjera seg nytte av gjenbruk og byte. Det er grei aktivitet i gruppa. Eg får fleire varsel dagleg om at det er posta nye innlegg, seier Ask.

Også i Hå var det ei som blei inspirert av byttoteket på Bryne.

- Eg starta opp byttotek i Hå for to år sidan. Eg kom på at eg ville starta gruppa fordi det er blitt veldig populært med gjenbruk, byting og det å gje bort ting. Dessutan ville eg hjelpa folk som har dårleg råd, seier Irene E. S. Obrestad.

I tillegg til gruppene som har teke namnet byttotek, finn en også fleire lokale sider der folk gjev bort, bytar bort eller sel brukte ting på Facebook.

- På byttoteket driv me berre med byting. Det er nok av andre sider der ein kan selja ting, seier Time.

Julegåve

Time har sikra seg ei av årets julegåver på byttoteket.

- Eg har funne ein saccosekk som sonen min skal få, seier ho og gjev Jærbladet tillating til å skriva dette sidan sonen er for liten til å lesa dette i avisa sjølv.

Ho er også open for å gje ting ho har sjølv, vidare i gåve.

- Det har eg gjort i nokon tilfelle. Men eg gjer det berre om eg veit at dei som får gåva, liker tingen godt. Om eg til dømes har delar av eit servise som ei venninne samlar på, kan eg gje dei vidare. Det handlar om at tinga ein eig, ikkje skal eiga ein sjølv. Eg blir meir glad for å få noko brukt, enn eg blir for å få noko tilsvarande som er nytt.

Vil redusera forbruk

Time meiner det er viktigast å fokusera på forbruk om nordmenn skal bli meir miljømedvitne. Ho peiker på at både produksjon og varetransport er ressurskrevjande.

- Og så kjøper nokon tingen og bruker han to-tre gongar før dei kastar han. Men det er lett å gjera noko med forbruket sitt.

Ho understrekar at ho ikkje er motstandar av å kjøpa nye ting.

- Men skal ein gjera det, bør det vera noko ein kan ha og bruka lenge. Det er mange som sel kvalitetsvarer med garanti, slik at ein kan få reparert dei om dei går sund. Når ein kjøper noko nytt, bør ein tenka på kvalitet og finna ut om det er produsert på ein etisk forsvarleg måte.

Brukte møbel

- Før kjøpte folk møbel for at dei skulle vara i generasjonar. No kjøper ein møbel ut frå trendar som gjer at ein stadig må byta dei ut, seier Time.

Ho har sjølv hatt stor glede av byttoteket når ho har møblert heimen.

- Eg synest det er keisamt å skru saman møbel. Derfor er det greitt å byta til seg nokon som er ferdig monterte. Nesten ingen av møbla i huset er kjøpt nye. Dei me ikkje har fått gjennom byttoteket, har me arva eller kjøpt på Finn.

Nytt av gamalt

Nokon av møbla ho har fått tak i, har ho gjort nokon endringar på .

- Eg pleier ofte å måla tinga, som til dømes det skapet der. Redesign er ein hobby eg har. Eg prøver også å redesigna klede, men det er eg ikkje så flink til.

Nye knottar gjev gamle skuffar og skap nytt liv. Foto: Kristine M. Stensland

Redesign av klede ønskjer ho å gjera meir av. På tysdag spurde ho medlemmane av byttoteket om nokon der er interesserte i å starta ein redesign-butikk der ein kan gjera seg nytte av gamle klede i staden for å kasta dei. Det gjenstår å sjå om ho får nok respons til at også denne draumen kan bli verkeleg.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...