Politikarane vil freda Hognestad skule

Ingen av politikarane i utval for levekår vil legga ned Hognestad skule. Foto: Kristine M. Stensland

Fleirtalet støttar rådmannen og vil bygga klasserom i ny symjehall, men ny skule på Bryne er òg eit aktuelt alternativ.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Innbyggjarane i Hognestad-bygda blei ikkje glade då utkastet til ny skulebruksplan for Time kommune dukka opp i februar. Administrasjonen presenterte fleire ulike forslag til korleis skulekartet kan sjå ut dei komande åra, og eitt av alternativa er å legga ned Hognestad skule.

– Det skal ikkje skje. Skulen er hjartet i bygda. Ryk skulen, ryk bygda, kommenterte FAU-representant Magne Hognestad.

Prislapp: 200 millionar

Onsdag starta den politiske behandlinga av skulebruksplanen. I utval for levekår gjekk fem av ni politikarar inn for rådmannen si innstilling, som i korte trekk går ut på at kommunen vil bygga klasserom i den nye symjehallen som kjem på Bryne.

Rådmann Trygve Apeland meiner at om kommunen bygger klasserom med kapasitet på 200 elevar, kan Rosseland skule flytta heile sjette og sjuande trinn til det nye symjeanlegget som skal byggast mellom Timehallen og Rosseland skule.

Symjehallen skal stå ferdig seinast i 2022, men før den tid må fleire av elevane på Rosseland skule inn i lokala til tidlegare Time vidaregåande skule. Den nedlagde naboskulen blir dermed ei mellombels løysing frå skuleåret 2018/2019. Prosjektet vil få ein kostnad på rundt 200 millionar kroner, avhengig av endeleg romprogram.

Føreslo å bygga ny skule

Kommuneadministrasjonen har òg lansert fleire andre alternativ for å løysa den venta plassmangelen ved barneskulane på Bryne. Rosseland skule har allereie 33 fleire elevar enn skulen strengt tatt har plass til, og det er venta vekst i elevtalet i åra som kjem.

Administrasjonen meiner at om ein skal bygga ny barneskule på Bryne, er det naturleg å legga ned Hognestad skule. Det er ikkje alle politikarane einige i, og i utval for levekår lanserte Senterpartiet og Arbeiderpartiet ei alternativ løysing; bygga ny skule på Bryne, men behalda Hognestad skule.

– Me meiner tre skular er den beste løysinga, forklarte Maren Vardøy-Lie (Ap). Ho er skeptisk til å ha for mange parallellklassar på same skule.

Dette forslaget fekk berre fire stemmer (Apx2, Sp og V), men fleire andre politikarar signaliserte at dei kan snu til saka skal opp i kommunestyret i mai.

– Det er eit veldig vanskeleg val me må ta, og eg er veldig glad for at me ikkje må ta det i dag, sa utvalsleiar Unni Sirevåg Lende (KrF).

– Me vil heller ikkje legga ned Hognestad, men me sparer ganske mykje pengar ved å ikkje bygga ein tredje skule, forklarte Andreas Vollsund (H).

Vollsund fryktar at å bygga ny barneskule på Bryne kan medføra at kommunen må legga ned Hognestad skule på sikt for å spara pengar. Då vil han heller bygga klasserom ved symjehallen.

– Eg kan snu fram til kommunestyret, men per i dag ser eg dette som eit godt alternativ som er ønska av både foreldra og elevane ved skulen. Og som i tillegg er ei rimelegare løysing, understreka han.

Diskuterte Undheim-flytting

Time kommune har også sett på moglegheita for å legga ned ungdomstrinnet på Undheim og gjera Undheim skule om til ein rein barneskule. Både Lye ungdomsskule og Utdanningsforbundet støttar dette forslaget, medan Undheim skule ikkje ønskjer å flytta dei tre eldste trinna frå bygda.

Rådmannen har foreløpig ikkje vurdert behovet for endringar i skulestrukturen i desse områda av kommunen, men Maren Vardøy-Lie (Ap) tok likevel opp tråden og anbefalte at ungdomstrinnet på Undheim blir flytta til Lye frå skuleåret 2019/2020.

– Eg trur Undheim-ungdommane kan ha godt av tre år på Lye, men eg synest ikkje me skal ta dette nå. Det er meir naturleg å ta opp når me skal revidera denne planen om to år, kommenterte Anders Undheim (KrF).

Fleirtalet var einige med Undheim, og forslaget frå Vardøy-Lie fekk berre støtte frå partikollega Jone Edland og Bjarte Solheim (V).

Ny runde tysdag

Time-rådmannen tilrår at skulebruksplanen vert revidert allereie etter to år. Det vil då vera tydelegare om veksten i folketalet har stabilisert seg på det nivået kommunen ligg på nå, eller om det har endra seg.

Allereie komande tysdag skal skulebruksplanen opp i neste instans; formannskapet. I løpet av våren skal planen spikrast i kommunestyret.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...