Frp og Solvik-Olsen har fått meirsmak etter regjeringsdebuten

Ketil Solvik-Olsen kan slå fast at fire år i regjering ikkje har knekt det tidlegare protestpartiet Frp. Foto: Håvard Ovesen

Satsar på fire nye år som statsråd.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 12.09.2017 kl 13:58

Ketil Solvik-Olsen er berre 6. vara på Stortinget dei neste fire åra, men er likevel brennheit i regjeringskabalen etter å ha vore ein markant samferdselsminister sidan 2013.

– Og eg har veldig lyst å vere med vidare, seier brynebuen til Jærbladet.

– Eg trur ryktet mitt innan samferdsel har vore bra, så forhåpentlegvis har eg gode aksjar. Men det er Siv og Erna somt tar vala der, understrekar han.

Solid val på heimebane

Solvik-Olsen, som òg er 2. nestleiar i Frp, kan fornøgd slå fast at partiet hans gjekk fram i alle jærkommunane. I Rogaland gjekk Frp opp 1,1 prosentpoeng samanlikna med stortingsvalet for fire år sidan.

45-åringen legg ikkje skjul på at han er glad for å sjå at Ap ikkje klarte å ta Vestlandet, sjølv om det har vore fleire tøffe år i regionen.

– Me gjer jo eigentleg eit godt val over heile landet, men eit godt val i Rogaland varmar hjartet ekstra, seier han.

Møre og Romsdal, med statsrådane Sylvi Listhaug og Jon Georg Dale i «stallen», var det einaste fylket der Frp gjorde det betre enn i Rogaland.

Her i fylket har både Solvik-Olsen og Solveig Horne vore i regjering, så kanskje er det ein fordel å ha profilerte statsrådar i sitt fylke?

– Det kan jo tyde på det. Eg har jo ikkje hatt privilegiet å berre drive valkamp heime, men at eg var stortingsrepresentant i åtte år først gjer nok at eg er godt kjend i Rogaland, trur Solvik-Olsen.

– Men me har ein fantastisk organisasjon, både i Stavanger, Sandnes og jærkommunane - med mange som stiller opp på kort varsel. Det har vore ei skikkeleg dugnadsøkt!

– Me har vore ærlege

– Samtidig har både Høgre, Frp, Venstre og KrF gått litt tilbake på landsbasis frå 2013. Tar det på å sitje med makta, og vere låst til andre parti sin politikk?

– Sjølv om du hadde sete åleine, trur eg det ville tatt på. Det krev meir arbeid å løyse eit problem enn å fortelje at du har tenkt å løyse det, seier Solvik-Olsen.

Medan SV opplevde kraftig veljarflukt etter å ha vore med i regjeringa til Jens Stoltenberg, ser Frp så langt ut til å ha overlevd greitt etter sin aller første periode som regjeringsparti.

– Fallhøgda vår var jo eigentleg endå høgare enn SV, sidan me hadde stor oppslutning då me kom inn i regjeringa. Eg trur det handlar om at me har vore veldig flinke til å kommunisere og jobbe med partiorganisasjonen undervegs. Me har vore ærlege på det me har vunne og det me har tapt, forklarer Solvik-Olsen.

– Me har svelgt nokre kamelar, men så har me sagt at me har svelgt kamelar – dette var ikkje biff. Men om me berre hadde svelgt kamelar, hadde ikkje folk sett poenget. Me har hatt ein del sigrar og har fått til mykje bra – mellom anna på samferdsel. Summen har vore positiv, ikkje negativ.

Vil ha med KrF

Nå håper Frp-veteranen at Kristeleg Folkeparti og Venstre er klare for fire nye år med samarbeid, sjølv om spesielt KrF og Frp har vore i tottane på kvarandre i det siste.

– KrF seier dei treng litt tid til å setje seg ned for seg sjølve, og det skal dei få, understrekar han.

– Eg trur at noko av grunnen til at KrF gjer det såpass svakt, er at folk har vore i tvil om kor dei eigentleg står. Dermed har dei nok mista mange veljarar til Høgre og Frp.

Likevel vil han gjerne ha med KrF i regjering.

– Og eg håper og trur at me skal klare å bli einige. Men KrF seier noko anna nå, så her må me nok ta tida til hjelp.

Fleire alternativ

– Er det mogleg for Høgre og Frp å få støtte i enkeltsaker frå andre parti enn KrF og Venstre, om det ikkje skulle bli eit forpliktande samarbeid med dei to sentrumspartia?

– Eg trur me stort sett vil få støtte hjå KrF og Venstre, men både Senterpartiet og Arbeidarpartiet er store nok åleine til at me kan få fleirtal saman, seier Solvik-Olsen.

– Blir Frp å finne i regjering til 2021?

– Ja. Det må me. Nå har me kome så langt, me er mange positive erfaringar rikare, og det har gitt meirsmak hos oss.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...