Hovudveg på Nærbø stengt

Trond Knutsen (t.v.) på Statoil og Bernt Ågesen på Kiwi misser begge mykje omsetnad i årets beste handelsmånad når Opstadvegen blir stengt i halvannan månad. Begge reagerer på manglande informasjon. Foto: Åge Bjørnevik

Næringsdrivande reagerer på sein informasjon. Hå kommune tar sjølvkritikk.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 02.12.2016 kl 08:30

Mandag stod annonsen i Jærbladet: Fylkesveg 181 Opstadvegen blir stengt frå 29. november til 15. januar på grunn av gravearbeid.

Tirsdag stengte vegen som annonsert. No er det ikkje mogeleg å kjøra forbi Statoil-stasjonen og vidare mot Åna og Varhaug, og heller ikkje motsett veg.

– Dette var eg ikkje førebudd på. Det var litt av eit sjokk då dei stengte vegen, for dette kjem me til å tapa mykje på, seier Trond Knutsen, som driv Statoil-stasjonen på Nærbø.

– Kanskje burde eg ha visst det, men eg hadde ikkje fått noko varsel til meg før annonsen stod i avisa. Det synest eg at eg burde ha fått, seier Knutsen.

Her er vegen stengt. Foto: Tarjei Håland

– For dårleg informasjon

På Kiwi litt lenger borte i gata er lyden den same:

– Informasjonen har vore for dårleg, meiner butikksjef Bernt Ågesen.

– Eg snakka med den prosjektansvarlege i kommunen for tre veker sidan. Då var tilbakemeldinga at dei skulle prøva å halda fylkesvegen open, og berre stengja ned litt av og til. Så høyrte eg ikkje meir før mandag, då dei ringde og sa at vegen skulle stengjast dagen etter. At me får så kort varsel, synest eg er for dårleg, både for dei som driv næring her og dei som bur her, seier Ågesen, som synest dei burde venta med å stengja fylkesvegen til den kommunale delen av Opstadvegen var klar for opning.

– Eg bur på Skjeraberget. Me som bur på den sida, må kjøra rundt heile Nærbø på ringvegen, eller tråkla oss gjennom byggjefelta, seier Ågesen.

Den stunda Jærbladet er på besøk på Statoil-stasjonen, kjører mange bilar inn til det fysiske stengslet og snur. Tydelegvis har mange ikkje fått med seg stenginga, som ved 13-tida onsdag ikkje var skilta oppe ved Store Ring.

Tar sjølvkritikk

I Hå kommune ser leiaren for kommunalteknikk, Eirik Sør-Reime, at informasjonen kunne ha vore betre.

– Her må me ta sjølvkritikk. Me burde ha informert betre. Me la ut litt informasjon om prosjektet på Facebook for eitt år sidan, der det me har begynt på no var nemnt, men me burde ha følgt opp med meir informasjon når det nærma seg, seier han.

Håpet var at dei skulle klara å halda fylkesvegen open for trafikk gjennom anleggsperioden. Men då det viste seg at Lyse hadde høgspentkablar i sykkelstien på den eine sida av vegen – i tillegg til Jæren Everk sine høgspentkablar på den andre sida – blei det umogeleg å gjennomføra i praksis.

– Eg burde nok ha visst om Lyse sine kablar tidlegare, men slik var det ikkje. Det er årsaka til at me trudde så lenge at me skulle klara å halda vegen open, seier Sør-Reime.

Sør-Reime fortel også at dei jobbar med å få på plass betre skilting.

Tapar omsetnad

For Statoil og Kiwi betyr stenginga truleg tapte inntekter. For begge butikkane er tilfeldig forbipasserande viktige kundar. Trond Knutsen anslår at kanskje så mykje som 40 prosent av butikksalet kjem frå gjennomgangstrafikken – som det er mykje av. Bernt Ågesen har ikkje konkrete tal for Kiwi, men tippar at i alle fall 10-15 prosent av omsetnaden kjem frå tilfeldig forbipasserande.

No risikerer altså begge å få øydelagd salet i desember, som er ein av dei beste månadane for begge.

– Me må vera kreative og skapa den aktiviteten som ikkje kjem av seg sjølv. Men hadde eg visst om denne stenginga tidlegare, hadde eg nok lagt litt andre planar, med ei litt mindre bemanning enn det eg har sett opp no, seier Knutsen, som tar vegstenginga tungt.

– Det er tøffe tider i utgangspunktet. No hadde det snudd, og me har hatt eit par gode månader, så dette trengte me ikkje, seier Knutsen

Men han klarar også å sjå det positive i situasjonen.

– Det er eit enormt viktig arbeid som blir gjort med å leggja nye vass- og kloakkleidningar. Me tapar på det no – slik slaktar Opstad, bakaren og Montér har gjort lenge. Men arbeidet må gjerast, og det blir bra til slutt.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...