- Folk som lukkar seg inne, misser ein del av den omsorga andre vil gje

Bondelagsprofilen oppmodar sjuke som kan og har ork til det, til å ta i mot hjelp. Foto: Snorre Standish Norheim

Då bondevenen Svein Helge Harbo vart sjuk, fann han styrke i trua og sosiale nettverk.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

- Eg har vore inne på sjukehuset i dag, og får svar neste veke om kva som er skjedd i sommar. Det følgjer mykje uvisse og spenning ved å venta, det er kanskje det som tyngjer mest.

Svein Helge Harbo teiknar kurver i lufta, og forklarer at når han får cellegift, blir metastasane i kroppen mindre. Så, etter ein lengre periode fri frå cellegifta, veks dei att. Då ventar ein ny kur.

Jula for tre og eit halvt år sidan vart ikkje som planlagt for Svein Helge Harbo og kona Åslaug. Vesle julaftan samla dei sine tre søner med koner, for å prata om kreftdiagnosen familiefaren nettopp hadde fått veta om. Dagen etter skulle to bonusbarn og ni barnebarn, i alderen 5 til 21 år, få den julefeiringa dei hadde gledd seg til.

Korkje jula 2014 eller pensjonisttilværet generelt, vart som planlagd. Men målet om å reisa mykje og langt, har ekteparet nådd til gagns: tre veker til New Zealand, besøk til Kina, Svalbard og Egypt, og fleire andre land, i Afrika og Europa.

Til støtte for bøndene

Åslaug og Svein Helge Harbo vart kjærastar 17. mai 1968, då eksamenane var unnagjort og det vart tid for kristenrussen til å feira at tida ved landsgymnaset på Bryne, var over. Svein Helge, som hadde lese naturfag, matematikk, biologi og fysikk, søkte seg etter kvart til landbrukshøgskulen på Ås. Der vart paret buande tre år, etter kvart som rette ektefolk.
Etter enda militærteneste, venta eit par år ved Jæren forskingsring. Møtet med nyfikne, praktisk orienterte bønder gjorde godt for ein teoritung akademikar frå Ås.

- Ein skal ikkje kimsa av bøndenes praktiske innsikt, seier han no.

I fem år var han bladfyk med kamera og blokk, i fagbladet for landbruket, Bondevennen. Men det er som organisasjonssjef i Bondelaget han er best kjent; her vart han verande i 30 år, til dess han vart pensjonert. Praktiserande bonde vart han aldri, trass i ein barndommen på garden Reime.

- Men eg trur eg har kunna identifisera meg med bøndene ganske mykje likevel.

Han gjekk av som 62-åring, gjennom AFP-ordninga. Då hadde han ikkje meir å gje. Bøndene i Rogaland ville noko, fortel Harbo, og seier at tida i Bondelaget var krevjande, men veldig kjekk. Han har stadig eit nettverk i landbruket, men held seg no oppdatert gjennom studiar gjennom bilvindauget. Krisa i jordbruket kan avlysast på Jæren, grasveksten kan vera ut i oktober.

Svein Helge Harbo

Alder: 70 år
Bursdag: torsdag 13. september
Frå: Reime
Bur: Nærbø
Yrke: pensjonist
Sivilstatus: gift

Politikk og Gud

I tre periodar på 1980- og 90-talet sat Svein Helge Harbo i kommunestyret i Hå, for Kristeleg Folkeparti (KrF). I éin periode sat han i formannskapet, og han har hatt fleire verv i styre og utval. Kontakten med det politiske miljøet var nyttig i jobben for Bondelaget, det same var kjennskapen han fekk til planprosessar i kommunen.

- Tidlegare var det politikken, etterpå vart det kyrkja, seier Harbo. Engasjementet i kyrkje og bedehus voks etter at han fekk kreftdiagnosen.

- Paradoksalt nok. Det var ein terapi for meg å ha verv. Set du deg ned og tvinnar tommeltottar, går det galen veg. Det er viktig å vera oppteken av noko, og det med styre og organisasjonsliv; det kjende eg at var noko som eg kunne. Det er veldig godt å kjenna at eg er til nytte og glede for nokon.

Frå dag éin har det vore viktig å vera open om helsetilstanden, til familien og andre; det same rår han andre til, dersom dei kjenner at dei greier det. Han seier han har møtt mykje varme hjå folk dei kjenner i kyrkja og bedehuset, men òg i samfunnet elles. Han har ofte opplevd at folk har kome bort for å høyra korleis det gjekk med han, på handelslaget.

- Folk som lukkar seg inne, misser ein del av den omsorga andre vil gje. Mitt råd til dei som får ein diagnose, er å ta i mot hjelpa andre tilbyr.

Svein Helge og Åslaug Harbo fann kvarandre då dei var kristenruss. Han er eit halvt år eldre enn henne. Foto: Snorre Standish Norheim

Feira med storfamilien

På laurdagen som var, var det familiesamling i den nye kyrkja på Nærbø. Sønene hadde ordna med alt; faren visste ingenting. I gåve fekk han og kona eit bilde som vart teke av heile storfamilien, i breitt format, som snart skal hengjast opp på veggen. Seinare skal dei ha ope hus, i høvet 70-årsdagen.

Svein Helge Harbo har lenge hatt lyst til å skriva om faren og mora sitt liv på Reime. Han har samla mykje som kan vera interessant for neste generasjon, ikkje minst gjennom samtalar med faren. Han tykkjer tida frå krigen ende og fram til ei dag, er ei veldig spanande tid i landbruket, med stor teknisk utvikling.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...