HAR 280 PÅ LØNNINGSLISTA: Eigar og dagleg leiar Inge Brigt Aarbakke kan sjå tilbake på ei eventyrleg reise både for seg sjølv og for verksemda. Foto: Brit Romsbotn

Rampeguten som blei bedriftseigar

Inge Brigt Aarbakke gjekk ut av ungdomsskulen med to utskrivne meldingsbøker.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

– Eg var ein liten røvar. Men eg gjorde ikkje noko som eg har dårleg samvit for. Eg mobba ingen, men eg var berykta. Då eg kom til ungdomsskulen, sette dei den strengaste læraren på meg, seier eigar og dagleg leiar ved Aarbakke AS, som i år feirar 100 års jubileum.

Inge Brigt Aarbakke (59) sit på kontoret på Håland og ser tilbake på ei eventyrleg reise både for seg sjølv og for verksemda.

Då han i 1981 byrja å arbeida i Aaarbakke AS, var han nyutdanna maskinmekanikar med tre års arbeidserfaring frå Trallfa. Faren og han var einaste tilsette.

I dag har Inge Brigt Aarbakke 280 personar på lønningslista. Aarbakke AS er den største private næringslivsaktøren i Time, og reknar i år med å omsetja for 550 millionar kroner.

Starta med hestesko

Industrieventyret byrja med farfar Ingebrigt Aarbakke, som laga hestesko.

FARFAR MED HESTESKO: Ingebrigt Aarbakke (1897-1975) byrja med hesteskoproduksjon i Sunnhordland i 1918. Det blei starten på det som i dag er Aarbakke AS. Her er han fotografert saman med kona Britanna Andrea Aarbakke. Bildet er tatt i 1944. Foto: Privat

Produksjonen starta på Tysnes i Sunnhordland i 1918, og Ingebrigt kom flyttande til Bryne i 1922.

BYRJA HER: Den første smia, til høgre på bildet, låg på Nyland. Bildet er tatt i 1922, året då Ingebrigt Aarbakke flytta hesteskoproduksjonen frå Sunnhordland til Bryne. Foto: Privat

Ei syster budde på Bryne frå før, og to andre systrer og ein bror kom flyttande etter. På det meste hadde farfaren seks tilsette i hesteskoproduksjonen.

Like før 2. verdskrigen braut ut, kjøpte farfaren seg ny bil.

– Då han såg kva veg det gjekk, kjørte han bilen inn i hesteskofabrikken og la høy over kjøretøyet. Bilen blei ståande i fabrikken fram til mai 1945. Alle som hadde bilar, måtte levera dei frå seg under krigen. Men farfar sin var så ny at han ikkje var blitt registrert, fortel Aarbakke.

FØR KRIGEN: Farfar Ingebrigt bygde ny hesteskofabrikk i 1936, det firkanta bygget midt på bildet. Då foreldra til Inge Brigt gifta seg, i 1958, bygde dei seg hus oppå fabrikken. Foto: Privat

I 1962 var det berre to hesteskofabrikkar i Norge, Aarbakke på Bryne og ein tilsvarande fabrikk i Sarpsborg.

– Farfar kjøpte fabrikken i Sarpsborg for 250.000 kroner. Det var inga lur investering, sidan hesteskosalet var på veg ned. Men på mange måtar kan ein seia det same om meg, me satsar fullt på delar til oljeindustrien, sjølv om mange meiner olja nesten er slutt.
Inge Brigt har mange minne om farfaren, som var både hovslagar og smed.
– Me budde over hesteskofabrikken, og eg hugsar at eg vakna av hammarslaga. Farfar budde i nabohuset, og me var veldig mykje i lag.

Farfaren laga utstyret til hesteskoproduksjonen sjølv, og det var han som lærte Inge Brigt både dreiing og høvling.

– Om somrane reiste han og eg på ferie i lag, og me var både i Bergen, Tysnes og Oslo. Det var farfar som lærte meg å symja, og det skjedde ved at han kasta meg ut i sjøen og ropte «svøm». Foreldra mine hadde det alltid travelt og dei hadde ikkje tid til ferie. Difor blei det eg og farfar som reiste.

Farfar sin gullgut

Han var farfar sin gullgut.

– Til konfirmasjonen gav han meg 1000 kroner, medan søskenbarnet mitt som blei konfirmert same dag, fekk 100. Men eg måtte sjølvsagt dela med meg, så resultatet blei 550 kroner på oss begge.

Inge Brigt hugsar også kjøreturane med farfaren som på sine eldre dagar blei fråteken førarkortet sidan han byrja å bli dement.

– «Legg deg ned», sa han når me var ute og kjørte og møtte folk.

Farfaren dreiv hesteskoproduksjonen fram til 1964, då sonen Henrik, Inge Brigt sin far, tok over.

HEILE FABRIKKEN: Frå venstre: Jan Dalen, Henrik Aarbakke (Inge Brigt sin far), Klaus Taksdal, Karl Taksdal og Einar Serigstad produserte hestesko. Bildet er tatt i 1949. Foto: Privat

– Far tente aldri gode pengar, og han var aldri spesielt interessert i bedrifta. Han investerte ikkje, og han berre arbeidde. Helst ville han vore gartnar. Men han var einaste son, og han kjende på presset til å ta over.

Mora Ruth arbeidde i same verksemd, med ansvar for kantine og rekneskap.

Farfaren døydde sommaren 1975.

- Det skjedde den første natta då foreldra mine for første gong hadde reist på ferie. Dei var på Lyngdal bibelcamp då det kom melding over høgtalaren om at dei måtte ta kontakt.

Frå hestesko til CNC

BUDDE OVER FABRIKKEN: I tredje etasje i dette huset vaks Inge Brigt Aarbakke opp. Under han var verkstaden der dei laga utstyr til hesteskoproduksjonen, og under der igjen føregjekk sjølve produksjonen av hestesko. Foto: Privat

Inge Brigt hadde sitt første år i familiebedrifta frå 1975, rett etter at han var ferdig med ungdomsskulen. Allereie etter 14 dagar angra han på valet.

– Men då var det for seint å koma inn på skule, så eg blei verande i eitt år. Eg fekk god arbeidserfaring, og eg lærte at eg ikkje ville bli ståande i ei smie.

I 1976 byrja han på Time vgs, og han gjekk vidare som lærling på Trallfa.

– Då eg byrja på Time, opplevde eg for første gong å treffa ein lærar som viste at han hadde tru på meg. Han hadde vore verktøymakar hjå farfar, og eg hadde aldri før følt at ein lærar hadde heia på meg.

1981 var Inge Brigt Aarbakke tilbake i familieverksemda, no for å bli. I byrjinga var det berre han og faren, og produksjonen handla framleis om hestesko.

Aarbakke AS

  • 1918 starta Ingebrigt Aarbakke produksjon av hestesko på Tysnes i Sunnhordland.
  • 1922 blei hesteskoproduksjonen flytta til Bryne.
  • 1964 blei hesteskofabrikken overtatt av Henrik Aarbakke, Inge Brigt sin far.
  • 1981 starta Inge Brigt Aarbakke på hesteskofabrikken og Aarbakke AS blei etablert. Den første CNC-maskinen blei kjøpt inn.
  • 1985 blei hesteskoproduksjonen lagt ned.
  • 1990 blei Aarbakke AS, som då hadde 37 tilsette, slått saman med Njuma, et selskap etablert av Njål Underhaug, arving etter Nils Underhaug.
  • 1996 selde Inge Brigt Aarbakke verksemda til Weatherford-konsernet.
  • 2000 kjøper Aarbakke verksemda tilbake.
  • 2003 flyttar Aarbakke AS frå Nyland og inn i nytt bygg på Håland ved Bryne.
  • 2006 kjøper Hitec Vision 50 prosent av aksjane i Aarbakke AS.
  • 2014 prøvde Inge Brigt Aarbakke å selja Aarbakke AS, utan å lukkast.
  • 2018 feirar Aarbakke AS 100 år med 33 lærlingar på laget.

Men Inge Brigt hadde vore på Trallfa og lært CNC, datastyrt dreiing. Han meinte at det var noko å satsa på.

– Eg hadde ikkje pengar, og maskinen kosta ein million kroner. Heldigvis sa far ja til å finansiera kjøpet med pant i garden. Far var tøff som gjorde det, og det må jo bety at han hadde tru på meg.

I 1985 blei Inge Brigt eigar av bedrifta. Det første han gjorde, var å leggja ned hesteskoproduksjonen.

HISTORIE: Logoen til hesteskofabrikken, som var starten på Aarbakke AS. Foto: Privat

Han tilsette faren som lastebilsjøfør, noko han stortreivst med.

Foreldra blei verande i familiebedrifta fram til 1992, då Weatherford-konsernet kjøpte Aarbakke AS. Begge foreldra er no døde.

NY FABRIKK 1: I 1984 flytta Aarbakke AS inn i flunkande ny fabrikk på Nyland ved Bryne. Foto: Aarbakke AS

– Vil satsa meir globalt

Aarbakke AS har i mange år kun produsert utstyr for oljenæringa. Stort sett har det gått oppover.

– Den første nedturen kom i 2009, men den var som eit blaff, samanlikna med krisa innan oljenæringa som varte frå 2015 til 2017. I 2014 var me 315 tilsette, og me omsette for 810 millionar kroner. I 2017 var omsetjinga på 420 millionar, og me hadde 265 tilsette. No er ting heldigvis i ferd med å gå betre, og me har gått ut i den internasjonale marknaden for å få fleire bein å stå på.

I 2009 gjekk 95 prosent av produksjonen ved Aarbakke AS til den norske marknaden. No er talet 50.

– Me er til og med blitt gode i Russland, og me har no ordrar for 20 millionar i den russiske marknaden. Me har ingen planar om å bevega oss vekk frå olja. Men me vil satsa endå meir i den globale marknaden, seier Aarbakke.

Planla aldri å bli stor

Inge Brigt Aarbakke har aldri hatt nokon plan eller eit mål om å bli stor. – Ting er skapte etter kvart, saman med dei tilsette, fastslår næringslivsleiaren.

Noko han er godt nøgd med, er korleis han i 2003 klarte å skapa presseomtale i samband med flyttinga frå Nyland til ny fabrikk på Håland.

NY FABRIKK 2: Fabrikken på Håland blei formelt opna den 12. juni 2003. Foto: Arkivfoto: Steinar Sandvik

– Eg investerte for ein halv million i appelsintre for å fokusera på den reine, nye produksjonshallen. Det gav ei formidabel medieinteresse. Det er vanskeleg å skriva om CNC og dreiing, men enkelt å formidla det som handlar om appelsintre og rein industrihall.

Aarbakke fokuserer også mykje på fotball.

– Kranane våre får namn etter spelarar i Bryne FK. Men dersom dei går over til Viking, får kranane nye namn. Dette har også gitt oss mykje medieomtale.

– Korleis har åra som eigar og leiar ved Aarbakke vore?

– Utruleg kjekke. Eg har opplevd og lært utruleg mykje, og eg har gledd meg til arbeidet kvar dag.

– Kva har vore det vanskelegaste?

– Den første gongen eg måtte permittera folk. Det å ikkje ha plass til folk som ein kjenner godt, og som har gitt alt, har vore utruleg vanskeleg. Den verste tida var dei to-tre månadane før, der eg såg kva som måtte gjerast, svarer Aarbakke, som permitterte tilsette i 2009 og i 2015.

Du fyller 60 år neste år. Kven skal ta over etter deg som leiar ved Aarbakke AS?

– Eg har ingen i familien til å overta, men eg har absolutt mine tankar om kven etterfølgjaren min blir. Når den tid kjem, ønskjer eg sjølv å fokusera meir på marknadsarbeid. Meir ønskjer eg foreløpig ikkje å seia om den saka.

Jubileumsfeiring i fabrikken

Tilsette og kundar markerer i kveld Aarbakke AS sitt 100-års jubileum.
Jubileumsfeiringa som vil samla kring 600 menneske, skal gå føre seg i produksjonshallen fabrikken på Håland. Inge Brigt Aarbakke vil ikkje gå ut med detaljar om kva som skal skje.
– Eg vil at det skal vera ei overrasking. Men det blir god mat og god underhaldning. Og så blir det taleforbod, for eg tykkjer det er kjedeleg med talar, seier bedriftseigaren.
Han markerer også 100-års jubileet med ei bok om Aarbakke AS, som blir skriven av Stavanger Aftenblad-journalist Egil Ø. Nærland. Boka kjem ut til jul.
– Det blir ei lettlest bok med mange bilde. Eg er ikkje glad i å lesa sjølv, så difor satsar me på mange bilde, seier Aarbakke.
Næringslivsleiaren sit allereie på ein del bilde, men han tek meir enn gjerne imot fleire.
– Det gjeld særleg gamle bilde frå tida då far og farfar dreiv fabrikken, seier Aarbakke.

Nøkkelord

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...