Jærbladets fenalår:

– Rasmus redda livet mitt

Rasmus Soma (t.v.) og William Gjersdal gløymer ikkje det som skjedde på Ogna for ni år sidan. Foto: Kristine M. Stensland

Då hjartet til William Gjersdal stoppa, visste Rasmus Soma kva han måtte gjera.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

– Er det nokon som fortener fenalår, så er det Rasmus. Han redda livet mitt, seier William Gjersdal.

I 2009 var Gjersdal på ei sosial tilstelling i regi av Landsforeningen for hjerte- og lungesyke (LHL) i Ognahallen.

– Eg skulle reisa meg for å gå bort til ein kamerat, seier Gjersdal.

Så langt kom han ikkje.

– Du seig saman på stolen. Dei som var rundt deg, ropte på meg. Eg måtte prøva å konstatera kva som var skjedd. Me la deg ned på golvet og starta med innblåsingar og kompresjonar. Eg brekte eit par ribbein på deg medan eg heldt på. Eg fekk ei oppleving av kor mjuk kroppen eigentleg er. Det er annleis enn dokkene ein øver på, seier Rasmus Soma.

Tre forsøk

Medan Soma utførte hjarte- og lungeredning, sprang nokon for å henta hjartestarten som var i hallen. Soma festa elektrodane på overkroppen til Gjersdal.

– Maskinen registrerte korleis hjartet oppførte seg og gav beskjed om at me skulle gje støyt.

Soma gjorde som maskinen bad han om. Ingenting skjedde på fyrste forsøk. Heller ikkje den andre støyten fekk liv i Gjesdal.

– Då me hadde gjort det for tredje gong, såg me at han livna til. Fargen kom tilbake i huda og augelokka vibrerte. Kjensla eg fekk då han slo opp auga og kom til seg sjølv, var berre heilt fantastisk. Det er ikkje mogleg å beskriva det, seier Soma.

– Eg hugsar at eg kom tilbake til livet. Den tida eg var daud, såg eg inn i eit lyst, fint røyr. Det var nesten så fint at dei ikkje skulle ha vekt meg, så fantastisk var det. Men eg var sjølvsagt glad for å sjå folk att, seier Gjersdal.

Etter at han vakna, blei han henta av ambulanse.

– Eg kom ikkje heilt til meg sjølv før eg var i senga på sjukehuset. Det hender framleis at eg tenker på røyret eg såg då eg var borte. Eg veit ikkje kva det var. Det er ganske mystisk.

Ny hjartestartar

Hjartestartaren i hallen var ny.

– Me hadde arbeidd lenge for å få ein. Av og til var det heile 300 samla i hallen. Eg hadde bede om å få ein hjartestartar der, og eg ønskte også at folk skulle få gå på kurs for å læra korleis han fungerer. Den fyrste som fekk bruk for hjartestartaren, var meg, seier Gjersdal.

– Me var ein gjeng som hadde vore på kurs for å læra å bruka maskinen. Men ein skal eigentleg kunna bruka hjartestartaren utan kurs også. Han gjev beskjed om alt ein skal gjera, seier Soma.

Dette er ikkje den fyrste hjartestansen Soma har vore vitne til i hallen.

– Me har opplevd korleis det er å ikkje har ein hjartestartar her også. Då var det ein som ikkje overlevde, sjølv om me heldt lenge på med innblåsingar og kompresjonar, minnest Soma.

Då Gjersdal blei henta av ambulansen, tok ambulansepersonellet seg tid til å snakka med Soma om det som var skjedd. Det sette han stor pris på.

– Eg følte at det var godt. Den fyrste gongen eg var til stades under ein hjartestans i hallen, var det ingen som brydde seg om å snakka med meg. Eg sleit veldig med den hendinga i ettertid. Eg må tilstå at det eg opplevde den gongen, kom tilbake då det skjedde igjen, seier Soma.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...