Linda Tysdal Orre er sentral når Orrerevyen blir vekt til live att

Med oppvekst på Buøy og Mosterøy, kjende Linda Tysdal Orre seg raskt heime på landlege Orre. Foto: Snorre Standish Norheim

På ein bygdefest tok Linda Tysdal Orre initiativ til å setja opp den første Orrerevyen på tre tiår.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 15.02.2019 kl 08:36

- Eg har alltid vore fascinert av revy og teater, og alltid syntest at det verka veldig spanande, seier Linda Tysdal Orre.

Ho er ein av initiativtakarane til Orrerevyen, og drivkrafta bak når det fredag og laurdag blir duka til festaftan, med revy og servering på samfunnshuset på Orre. Ho har aldri gjort noko slikt før, men seier som Astrid Lindgrens Pippi, «at det har eg aldri gjort før, så det greier eg sikkert».

Det var under haustfesten til 4H, at ideen om ein eigen Orrerevy først vart ytra. Linda Tysdal Orre sat og drøste med Jette Bjorland. Dei var samde om at bygda mangla noko som kunne samla folk, utanom idrett og faste pliktoppgåver. Bygda trong ein eigen revy, slik Lye, Undheim og Nærbø (to stykk) har.

- Då fann eg ut, at dét må me gå i gang med. Eg gjekk heim og tenkte litt meir på det, begynte å ta kontakt med litt folk, og fann ut at det hadde jo vore ein revy på Orre for 29 år sidan.

Litt gammalt og mykje nytt

Tittelen på førestillinga, «Noge nytt, noge gammalt, noge lånt», viser til samansettinga av revygruppa. Tysdal Orre har fått med seg to av eldsjelene som var med for 29 år sidan, for å finna ut korleis ein lagar revy. På oppløpssida vart Odd Harald «Diddass» Enåsen henta inn frå Revy i 90 på Nærbø, for å spe på med sceneerfaring. I tillegg har svogeren til mannen, Torulf Time, som i over 20 år har vore med og drive Lyerevyen, vore inspirasjonskjelde og gjeve mange tips.

Revygruppa har måtta starta frå botnen, og brukt mykje tid heime og i hytta til familien Tysdal Orre, nede i strandkanten på Orre, på å skriva manus.

- I og med at me starta på bar bakke, hadde me ingen kapital til å hyra inn profesjonelle folk, slik mange andre som har vore i «gamet» i mange år, gjerne gjer. Men me vil gjera dette sjølve, og då må me skriva òg.

Kjem frå heile Orre

Linda Tysdal Orre har tromma saman eit variert ensemble på 16 mann - «ein sprudlande og kjekk gjeng», som ho seier sjølv. Prosessen med å skriva manus kravde at revymedlemmane var brutalt samde med kvarandre, forklarer ho, slik at ideane som ikkje var gode nok, heller ikkje kom med i førestillinga.

Medlemmane i revygruppa er henta frå heile Orre, og jobbar i kafé, barnehage og oljefirma, er bønder, seljar og anleggsarbeidar. På scena blir dei ti mann, og ytterlegare seks mann er med i styre og stell.

Linda Tysdal Orre med ein av rekvisittane som skal nyttast under revyen – ein rullator. Foto: Snorre Standish Norheim

- Me er ein gjeng med vidt forskjellige menneske som ikkje går saman til vanleg. Me er blitt ei gruppe gjennom å spørja venar og kjende, altså gjennom jungeltelegrafen, for å greia å dra med folk og laga ei gruppe. Det har vore kjempespanande å læra nye folk å kjenna, og ikkje minst det å trø utanfor komfortsona saman med framande, seier ho.

Nokon tende på ideen om revyen med éin gong, andre trong meir overtaling. Å tora å eksponera seg på scena, er ikkje kvardagskost for folk som aldri har gjort det før, forklarer Linda Tysdal Orre.

Nærbilde: Linda Tysdal Orre

  • Aktuell: Tok initiativet til den første Orrerevyen på 29 år, saman med Jette Bjorland. Fredag og laurdag blir det heilaftan med servering og førestillinga «Noge nytt, noge gammalt og noge lånt».
  • Bur: På slektsgarden til ektemannen Sigurd Orre, på Orre. Saman har dei fire barn.

På skulebenken i vaksen alder

Men revyen er ikkje første gong Tysdal Orre startar med noko heilt nytt. Ho arbeidde mange år som frisør i kjeda Modern Design, og har også hatt eigen hår- og neglesalong. Den gongen var det ikkje så vanleg at frisørane vart gamle i yrket, med statiske arbeidsoppgåver og kraftige kjemikaliar. Då dei eldste ungane var små, valde ho derfor å utdanna seg innan rekneskap og økonomi.

Ho har arbeidd hjå Kjell Haver Regnskapsservice AS og det kinesiske oljeselskapet COSL. For tida er ho heime på garden, med dei minste ungane. Dei to eldste er ein gut på 19 år, som snart skal begynna på universitetet, og ei jente på snart 15 år, som går på Tryggheim ungdomsskule. Spranget til dei to neste er stort. Dei yngste gutane er 5 og snart 2 år, og er begynt i barnehagen. Ungane er aktive, og det er mykje å gjera.

- Travelt, spanande, kjekt og utfordrande. Alt på éin gong, seier ho og ler.

- Det er veldig kjekt. Eg har så god hjelp i dei eldste.

I vekedagane, då Linda Tysdal Orre voks opp, budde familien på Buøy utanfor Stavanger, der begge foreldra arbeidde. I helgane flytta dei ut til garden på Mosterøy, der mora hennar kom frå. Frå barndommen var Tysdal Orre van med både by og land, og då Sigurd Orre fann fram traktoren og viste fram Jæren, kjende ho seg straks heime på Orre.

- I og med at eg er så van med det avslappa bygdelivet på Mosterøy, var det behageleg å koma ut hit. Eg hugsar det første eg sa, då me var ute og køyrde med traktoren, var at det var akkurat som å koma heim.

- Viktig å trø utanfor komfortsona

Dei to yngste barna er i barnehagealder, dei eldste har passert tida der foreldra støtt må stilla på idrettsdugnad. Å starta opp revy, er noko Tysdal Orre gjer for å utfordra seg sjølv, og ikkje for å følgja opp ungane frå sidelinja.

- Eg har vore i idretten i mange år. Det er vel det som har vore av aktivitet utanom barn og jobb. Før har det vore ungane du heile vegen har følgt, så nå var det rett å gjera noko for meg sjølv, rett og slett.

- Det er kjekt med nye utfordringar. Når du er i den alderen eg er i, er det viktig å tora å trø utanfor komfortsona og prøva noko nytt.

Familien på seks bur på eit gardstun med fleire hus, rett ved gartneriet til Kåre Wiig. Akkurat her bur familiane tett, men elles er det store avstandar mellom bustadene på Orre. Men dei har ein naturleg samlingsstad i Orre sentrum, eller Pollestad, med skule, handelslag og samfunnshus.

- Sånn som eg har lært å kjenna Orre, er det ei veldig samansveisa bygd. Du har gardane, men så har du òg litle «Podlest sentrum», som har ulen, butikken og idretten. Eg føler folk er veldig engasjerte i det som skjer i bygda, og er veldig flinke til å ta del. Så samhaldet er godt.

Ei svær, skråstilt seng står på kanten av scena på Orre samfunnshus. Foto: Snorre Standish Norheim

Bytilbod for ein aftan

I Stavanger, Sandnes og til dels Bryne, kan publikum på kulturarrangement halda fram når arrangementet er over, ved å ta seg eit glas vin eller ein betre middag «ute på byen». Pollestad har naturleg nok ingen serveringsstader med liknande tilbod, men det stoppar ikkje Orre revylag frå å arrangera heilaftan. Samfunnshuset er utselt både fredag og laurdag, med cirka 240 selde billettar kvar kveld.

- Eg har hatt lyst til å skapa ein heilskap. Inne i byen går du gjerne ut og et middag, før du går på revy. Her har me ikkje den same moglegheita, me har jo ikkje akkurat bystatus, så me bestemte oss for å laga tilbodet sjølve.

- Det blir heilaftan med raud løpar, velkomstdrink og revy. Etterpå blir det spelt opp til dans, med DJ. Me har bar, og det blir sal av mat.

Den siste veka har revylaget arbeidd på spreng for å bli ferdige. «Me ligg nok ei veke på etterskot, så då er alt i rute», er eit munnhell som gjerne blir nytta om revyar, og det same gjeld for revyartistane på Orre. Linda Tysdal Orre innrømmer gjerne at ho har scenenervar, og rapporterer om stor aktivitet hjå sommarfuglane i magen.

- Eg håper ikkje noko går gale, og eg trur ikkje det heller. Og me er sikkert flinke nok til å improvisera, om det skjer noko. Om det blir litt lått innimellom, trur eg folk vil synest at det er heilt ok, seier ho og ler.

- Sidan me er så ferske, er det gjerne ikkje så store forventningar til oss, heller.

Målet er at Orrerevyen skal koma tilbake om to år, og bli eit fast innslag i kulturtilbodet i bygda.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...