Risa møter krav om fagorganisering

Foto: Nils-Ove Støbakk

Personalsjefen i Risa meiner det kan bli ei utfordring at stadig fleire statlege aktørar stiller krav om fagforeining for å gje oppdrag. Det har aldri Risa hatt.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 19.01.2018 kl 10:23

Odd Dysjaland er hovudtillitsvald hos Risa AS, men han er ikkje fagorganisert. Dette har han til felles med dei aller fleste av kollegaene.

- Det har aldri vore eit tema for meg å bli fagorganisert. I grunnen liker eg ikkje fagorganisasjonen. Det er ikkje vits i å vera med. Me har det godt som me har det. Då eg begynte i Risa for lenge sidan, var det korkje brakke eller arbeidsklede. No får me alt det me vil ha, seier Dysjaland.

LES OGSÅ: Aarbakke er utan fagforeining

Han trur prisen for å vera medlem i ei fagforeining kan vera ei av årsakene til at tilsette i Risa ikkje organiserer seg.

- Me hadde sikkert ikkje fått det betre om me var organiserte. Me får jo det me vil ha.

Innsyn: Fagforeiningar på Jæren

  • Fredag kan ein lesa fleire saker om fagorganisering i papirutgåva av Jærbladet.
  • Her uttaler tillitsvalde frå eit utval fagorganisasjonar seg om korleis det er å driva fagforeining på Jæren.
  • Ein kan også lesa om samarbeidet mellom leiinga og fagorganisasjonane hos Kverneland Group Klepp.
  • Alle sakene vil bli publiserte på jbl.no i løpet av helga.

Elleve tillitsvalde

Dysjaland har vore hovudtillitsvald sidan i fjor vår.

- Eg har mange oppgåver. Eg snakkar med leiinga ganske titt. Det er ikkje så langt frå vanlege arbeidsfolk til leiinga.

Han fortel at det i tillegg til han er ti andre tillitsvalde hos Risa.

- Me prøver å ha møte kvar tredje månad, men me har hatt det litt meir enn det.

Fagorganisasjonar sørgjer som regel for opplæring av tillitsvalde. Dysjaland har ikkje eit slikt apparat i ryggen.

- Eg snakka litt med leiinga, og dei har forklart meg korleis det er å vera tillitsvald. Me skal vera eit ledd mellom arbeidsfolka og leiinga. Eg har aldri vore i situasjonar der eg har hatt behov for å ha ein fagorganisasjon med meg.

Statlege anbod

- Det tilsette står sjølvsagt fritt til å organisera seg i ein klubb, men fram til i dag har det ikkje skjedd, seier Torill Sigurdsen som er personalsjef hos Risa.

Ho fortel at stadig fleire statlege oppdragsgjevarar stiller krav om at det skal vera ei fagforeiningsordning i bedrifta.

- I nokon tilfelle er det nødvendig for å få lov til å utvida arbeidsdagar. I andre tilfelle ser me at det blir stilt krav til fagforeiningsordningar i anbodsrundar. Det kan fort bli ei utfordring dersom krav om fagforeining viser seg å hindra oss i å levera anbod eller oppnå full utnytting av utstyr og andre investeringar. Det kan derfor tenkast at me vil ta initiativ overfor dei tilsette om fagorganisering.

«Ekta vare»

Ifølgje personalsjefen snakkar leiinga ope og godt både direkte med tilsette og med tillitsvalde.

- Det er korte avstandar hos oss. Tilsette er velkomne til å ta opp saker både med næraste leiar og toppleiinga. Eigar er også tett på det som skjer. Kvar veke er han rundt på anlegga og lyttar til kva folk har på hjartet.

Sigurdsen meiner at dei tillitsvalde kjem med viktige bidrag og representerer dei tilsette på ein fin måte.

- Me finn som regel ut av det på ein god måte. Det er stor takhøgd og open dialog, seier Sigurdsen.

- Korleis gjer de det når det oppstår krevjande spørsmål som gjeld tilsettingar og arbeidsvilkår?

- Det er veldig sjeldan me opplever slike problem. Dersom det skjer, har me teke det opp og løyst det. Som regel hjelper det å snakka om utfordringane, gjerne så tidleg som mogleg. Me har god erfaring med å involvera tillitsvalde. Me finn konstruktive løysingar saman. Me har ein eigen Risa-skule der leiarar på alle nivå får opplæring i å handtera ulike saker som dreier seg om tilsetting og arbeidsvilkår på ein god måte. Me har ein open tone. Det gjeld også når me står overfor utfordringar som er litt vanskelege.

Personalsjef Torill Sigurdsen skryter av bedriftskulturen.
 Arkivfoto: Jan Arne Wold

Sigurdsen fortel at Risa heilt frå starten i 1948 har hatt eigarar som har lagt vekt på at dei tilsette skal ha ein trygg og god arbeidsplass.

- Dei siste åra har me tatt desse erfaringane inn i ei stor satsing på bedriftskulturen som me har kalla for «Ekta vare». I praksis betyr det at me jobbar hardt for at arbeidsplassen skal vera den beste i bransjen. Dei tilsette skal trivast og ha det godt. Eg trur ikkje det er mogleg å driva ei stor bedrift som Risa utan å vera på lag med dei tilsette.

Norsk Arbeidsmandforbund, som organiserer tilsette i bransjen til Risa, opplyser at dei har nokon få medlemmar i bedrifta, men at dette er litt i det skjulte fordi det ikkje er kultur for å vera organisert.

- Me kjenner til at nokon få er organiserte. Når det gjeld kulturen, viser eg til det som er sagt, seier Sigurdsen.

Nøkkelord

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...