Sa opp bankjobb for å satsa på opera

Førre veke song Roald Haarr saman med Nordic Tenors i Storstova. Foto: Kristine M. Stensland

Då Roald Haarr fekk tilbod om å bli med i «Nordic Tenors», sa den nybakte faren og ferske huseigaren ja. No fyller trioen konserthus i heile landet.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

- Konserten i kveld er utselt, seier Roald Haarr då Jærbladet møter han torsdag førre veke.

Haarr og dei to andre i trioen Nordic Tenors har eit par timar igjen til øvinga begynner. I hovudsalen til Storstova er teknikarane i gang med justering av lyd og lys. Om kvelden skal trioen Nordic Tenors servera konserten «Con Amore». På menyen står både opera og songar i pop- og visesjangeren.

- Det er nok klassisk musikk som er styrken min, seier Haarr.

Trioen besøkte Storstova for fyrste gong i 2011. Sidan den gong er det blitt mange fleire konsertar på Bryne, så Haarr er godt kjent med fasilitetane. Han reiser seg frå sofaen på bakrommet og set på kaffi. Ein av dei andre tenorane svingar innom kjøkkenkroken, sjekkar kjøleskapet, konstaterer at det er tomt, og forsvinn raskt ut igjen for å finna seg noko å eta.

Det er andre gong dei besøker Storstova med denne konserten, men publikum kjem likevel.

- Me er i gang med å laga ei ny framsyning no, seier Haarr.

Rockeband

Haarr er frå Vigrestad.

- Det var mykje musikk i familien. Begge bestefedrane mine song.

I tenåra var Haarr med i eit lokalt rockeband med namnet «The Emerald».

- Eg hadde spelt både piano og fiolin. Men det blei vel ikkje tøft nok, så eg lærte meg gitar på eiga hand. Fleire av medlemmane frå «The Emerald» speler i dag med «Johnny Red and The Prayerhouse People».

Då han begynte på vidaregåande, søkte han seg inn på musikklinja, som den gong heldt til på Lundehaugen.

- Eg begynte med elgitar som hovudinstrument, men seinare gjekk eg over til song.

Frå bank til scene

Håbuen flytta til Oslo i 2000.

- Det nærmar seg snart halve livet, seier 38-åringen.

Det var studiar på handelshøgskulen BI som fekk han til hovudstaden.

- Eg blei utdanna økonom. Etter det jobba eg seks år i bank.

Songen var med han som ein hobby heile tida, men i 2011 bestemte han seg for å satsa på musikken på fulltid.

- Eg blei oppringt av Nordic Tenors på jobben. Ein av dei hadde sunge med ei av systrene mine. Dei ønskte å høyra meg for å gjera ei vurdering.

Etter prøvesynginga blei Haarr plukka ut til å vera tredje tenor i trioen.

- Det var stas å få vera med. Eg såg at dei hadde eit konsept som fungerte.

Haarr hadde nett kjøpt rekkehus og blitt far.

- Eg sa opp jobben og blei med i Nordic Tenors. Dei næraste støtta meg. Men det var naturleg nok mange som lurte på korleis dette kunne fø ein familie.

- Eit eventyr

Haarr konstaterer at resultatet blei over all forventing.

- Det er eit eventyr. No fyller me konserthus i heile landet. Me har mellom anna sunge for fulle hus i Greighallen, Olavshallen og Stavanger konserthus. Men ein kan ikkje ta for gjeve at det held fram slik. Ting kjem ikkje av seg sjølv. Det er dumt å bli for komfortabel, uansett kva yrke ein har.

Han fortel at Nordic Tenors har mellom 80 og 100 konsertar kvart år.

- I fjor hadde me 33 julekonsertar. Resten er fordelte utover året.

Konseptet deira inneheld ein dose humor.

- Me tøyser litt med ting, men alt er gjort med kjærleik. Nordic Tenors starta opphavleg som ein kommentar til Dei tre tenorane, men det var før mi tid. Det humoristiske elementet var meir tydeleg før. Men me har funne eit konsept som fungerer bra. Folk set pris på at det ikkje er så stivt. Me gjer den klassiske musikken meir tilgjengeleg.

Haarr trivst godt med sjangervariasjon.

- Når ein syng opera, syng ein lange linjer. Opphavleg skal ein også synga utan mikrofon. Ein må ha eit visst volum på stemma. Bruker ein mikrofon, er ikkje det like sentralt. Når me syng i kulturhus, bruker me som regel mikrofonar fordi me syng ulike sjangrar, og fordi akustikken ofte er tørr slike stadar. Men me har også akustiske konsertar.

Gravferdssongar

Haarr syng også i nærare 100 gravferder i året.

- Det gjer at eg får synga jamleg og halda instrumentet mitt ved like. Eg syng mykje forskjellig, for no skal ikkje folk berre ha salmar lenger. Derfor går det med mykje tid til å lytta til ny musikk.

Tenoren jobbar heile tida for å bli ein betre songar.

- Det er mange som trur at om ein kan synga, så kan ein synga. Men synging er ei konstant utvikling. Det er mykje som skal klaffa. Ting kan endra seg etter kvart som åra går. Det viktigaste når ein står på scenen, er å få fram bodskapen.

Idol

Haarr hadde også vore i rampelyset før han blei med i Nordic Tenors. I 2004 kom han til finalen i Idol.

LES OGSÅ: Roald fra Vigrestad er videre i Idol

- Det var eit skikkeleg sirkus og ei spanande erfaring å ha med vidare. Eg trudde eg var førebudd på kva det innebar, men det var vanskeleg å vera skikkeleg førebudd på all den merksemda me fekk. Det var ganske tøft å ryka ut. Eg song «Stay on these Roads» av AHA. Eg skulle ha gjort songen heilt annleis.

Eitt år om gongen

Haar veit ikkje kor lenge han kjem til å halda fram med å leva av songen.

- Eg såg nett ein tenor på tv som blei kalla for ung. Han var 37 år, og eg er 38. Mange klassiske songarar held på lenge. Men eg tek eitt år av gongen. Så lenge eg er svolten på det, og publikum har glede av at eg syng, er det bra. Eg er privilegert som kan leva av musikken.

Scenen i Den norske opera har han førebels ikkje stått på.

- Det er krevjande på mange vis for dei som er med der. Eg vil gje all ære til dei som satsar på opera over tid. Dei står på som idrettsutøvarar gjennom ein heil karriere. Opera krev mykje av kroppen. Det er dessutan mykje meir reising. Men eg trur at stemmen min kan passa der. Me får sjå.

Byliv

Haarr synest det er fint å vera tilbake på Jæren for å halda konsert.

- Eg er veldig glad i naturen på Jæren, men eg er blitt meir van med klimaet på Austlandet.

Håbuen trivst godt i storbyen, der han bur med kone og to barn.

- Eg kjem frå ei fin, lita bygd med små forhold. Då eg flytta til Oslo, var det gøy å bli ein del av ei mengde og eit større miljø med mange ulike folk og grupperingar. Det gav meg andre typar utfordringar, noko i alle fall eg hadde godt av å oppleva. Ein må setja pris på at folk ikkje er einige med ein sjølv. Det gjeld i trioen vår også. Om me ikkje er einige, kan det skapa ein fin dynamikk.

Nøkkelord

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...