Satsa på is til rett tid

ISKALD SATSING: Tord Carlsen vart dagleg leiar i Mix på Kleppe i januar i år. Ei satsing på kuleis viste seg å vera gull verdt i eit år med rekordvarme på Jæren. Foto: Jorunn Erga Steinsland

Tord Carlsen gjorde ei endring på Mix-kiosken på Kleppe då han tok over i januar. Han satsa på kuleis. Det har lønt seg.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

- Det var eit sjakktrekk å starta med kuleis akkurat i år, smiler dagleg leiar i Mix Kleppe, Tord Carlsen.

Han tok over kiosken på nyåret i år og har ikkje endra mykje, men valde å satsa på kuleis og milkshake. Med strålande ver, både i mai og vidare i juni og juli, viste deg seg å vera veldig lurt.

Sidan april har pila peika oppover, både i issalet og for salet generelt i kiosken.

- Kuleis og milkshake har absolutt vore den største vekstmaskinen i år, slår den relativt ferske Mix-sjefen fast og fortel at issalet passerte heile fjoråret allereie i mai.

Tipping

Då tidlegare eigar Berge Hatteland valde å bli pensjonist, tok 31-åringen over den tradisjonsrike bedrifta som langt på veg er å rekna som ein institusjon i Kleppekrossen. I tillegg til å vera ein vanleg kiosk er Mix-kiosken ein av dei største tippekioskane i distriktet og samlar kvar dag mange travinteresserte for drøs og hestesnakk.

- Det går mykje i hest her ja. Det er folk som er innom her kvar dag og gjerne fleire gonger til dagen for å anten sjå travløp eller bare treffa andre, seier Carlsen.

For mange er kiosken ein fast treffplass og den nye eigaren vil satsa på å vera det også vidare.

- Det er absolutt lettare å ta over ein etablert kiosk som dette. Så langt er eg bare fornøgd, smiler Carlsen bak isdisken.

Han aner ikkje kor mange kilo is det har gått i løpet av ein vår og sommar der veret har vore sjeldan tørt og . varmt.

- Men me passerer iallfall 1000 milkshake i løpet av desse dagane, slår Mix-sjefen fast.

140 år butikkhistorie

Sjølv om kiosken kan sjå ut som alle andre kioskar, ligg det ei viss historie i veggane her. Carlsen tok over stafettpinnen etter Berge Hatteland. Hattelands-familien har drive butikk i Kleppekrossen i 140 år. Berge var tredje generasjon som styrte butikkskuta. Dei fyrste 123 åra var butikken matbutikk, etter kvart med kiosk. Dei siste 17 rein kiosk.

Det var auka konkurranse og nye krav som ville gi store investeringar som gjorde at kolonialdelen av drifta vart avvikla.

Fleire generasjonar av kleppbuar har eit forhold til akkurat denne bedrifta, anten det var som kunde i daglegvarebutikk og tippekiosken eller som ungdom som følgde farselukta og handla lunsjen hjå det som ei stund bare vart omtala som Berge Farseland.

Fjerde generasjon

Som tidlegare eigar har også Tord fått butikkdrift inn frå barndommen og er fjerde generasjon kjøpmann i familien.

- Far dreiv ein Rimi-butikk, så eg er meir eller mindre oppvaksen på lageret hans, ler 31-åringen, som allereie kan skilta med 10 år som kjøpmann.

Som 21-åring fekk nemleg unge Tord ein sjanse han ikkje kunne seie nei til - å ta over som kjøpmann av Rimi på Sand. Han takka ja og flytta frå heimkommunen Bjerkreim til Sand.

Sjølv om han treivst godt med jobben, freista det å koma nærare venner og familie.

Etter fire år på Sand tok han over som franchisetakar av Narvesen på Bryne.

Eitt år seinare gjekk turen vidare til Narvesen på Sandnes, før jobbadressen igjen vart flytta sørover nå i 2018 til Kleppe og Mix-kiosken her, som har åtte på lønningslista.

- Det freista litt å koma seg inn i Mix-kjeden. Det er eit litt friare system, seier Carlsen og forklarer at i motsetnad til Rimi og Narvesen der kjøpmennen driv som franchisetakarar, er han nå bare medlem av Mix-kjeden.

-Dette er meir min butikk. Det liker eg godt, smiler han.

Bustadadressen er tilbake til Bjerkreim, men 31-åringen utelukkar ikkje at han snart er på flyttefot til ein plass nærare jobb.

Vil starta med farse

Då kolonialbutikken til Hatteland vart historie, forsvann også farsesalet. Sjølv om det har gått 17 år, er det framleis ofte folk inne og spør etter farse. Derfor vil den nye kjøpmannen nå starta opp igjen med farsesal.

- Med såpass mange førespurnader om farse tenkjer eg at det er ein marknad for det, seier Carlsen.

Han håpar å starta opp med sal av farse så fort han får på plass ein leverandør.

I løpet av siste rest av sommaren skal kiosken pussast opp. I august blir det nyopning, med eller utan farse.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...