Sirkelen-hagen vart ikkje det Klepp drøymde om

Einar Refsnes (t.v.) og Ove Horpestad konstaterer at hagen midt inne i Sirkelen vert lite brukt på grunn av kald vind. No vil dei ta grep. Foto: Åge Bjørnevik

Midt på Kleppe ligg ein 1,2 dekar stor hage så godt som ubrukt. Slik bør det ikkje vera, slår to lokale Høgre-politikarar fast.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

- Kjenn på den vinden! Det var ikkje slik utføre på framsida, seier Ove Horpestad.

Me er i den runde hagen inne i Sirkelen. Det er ikkje den varmaste dagen me har hatt denne våren, langt derfrå. Ikkje den stillaste heller. Men i den runde hagen er der ein ekstra kald vind, som er der heile tida.

Det som vart lansert som ein lun og skjerma solplass med sansehage, er vorte til ein kald vindtunnel.

- Tilbakemeldingane me får, er at uteområdet her i liten eller ingen grad vert brukt. Det er veldig synd, så det vil me prøva å få gjort noko med, seier Einar Refsnes (H), leiar i hovudutval for helse og velferd i Klepp, medan han ser ut over den vakre hagen med frukttre, blomar, utemøblar og vassdam.

Vil la fagfolk vurdera hagen

Dei to Høgre-politikarane har sjekka måla på hagen. Diameteren inne i rundingen er på 40 meter.

- Me hugsar «pi gonger r i andre» frå skulen, så viss me då har rekna rett, er denne hagen på 1,2 mål, seier Refsnes.

- Det me no ønskjer, er at nokon som kan meir enn «pi gonger r i andre» - fagfolk på området - skal sjå på denne hagen og dette bygget, og finna ut om det er noko som kan gjerast med enkle grep for å få uteområdet lunare - og dermed meir brukt, legg Refsnes til.

- Dette er eitt av dei nyaste bygga me har i Klepp. Det er berre seks år sidan det opna, så det skal vera med oss i mange tiår. Då kan me ikkje berre sitja og sjå på at eit så stort og flott uteområde - midt i Klepp sentrum - vert ståande ubrukt, skyt Ove Horpestad inn.

- Fullt tak vert nok i overkant

Ove Horpestad er til dagleg gartnar. At ein flott hage med mange planter skal stå ubrukt, skjer i eit gartnarhjarta. Derfor begynte han å snakka om saka med partikollegaer i Høgre. Einar Refsnes, som har ei nøkkelrolle i helse og velferd, engasjerte seg raskt, og saman har dei mellom anna snakka om å få bygd tak over heile hagen.

- Men det var før me kom inn her og såg kor stort dette uteområdet eigentleg er. Å byggja tak over heile vert nok ganske sikkert i overkant av det me kan få til økonomisk. Men kanskje finst det andre løysingar? Me ser jo ein del fotball for tida, og eg registrerer at det finst ulike typar halvtak over delar av stadionanlegga. Kanskje er det i dei banar me skal tenkja? Eller kanskje finst det heilt andre løysingar? Gode fagfolk vil heilt sikkert kunna gje oss svar, utan at det kostar altfor mykje, seier Refsnes, som understrekar at eventuelle utbetringar må vera økonomisk edruelege i ei tid då Klepp kommune står framføre rekordstore investeringar.

- Eg veit ikkje kvifor det er så mykje vind her inne, men det må me finna ut av. Tenk så flott om dette faktisk kunne verta ein lun og skjerma hage, seier Horpestad, og fantaserer fritt om appelsinar og alt det andre spennande som kan dyrkast ein slik stad.

- Det går også an å tenkja seg at fleire enn dei som er tilknytte Sirkelen til dagleg kan få bruka hagen. Tenk for ein flott plass for ordføraren å arrangera mottakingar, for eksempel, seier Horpestad.

Dei to Høgre-politikarane lanserer i første omgang tankane sine med å snakka høgt om dei offentleg. Dei kjem også til å spørja ein partikollega med sete i hovudutval for lokal utvikling om å be administrasjonen sjå nærare på bruken av hagen, og kva som eventuelt kan gjerast.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...