Skuffa over «feigt» vedtak om Bryne-skular

Therese Fossnes (t.v), arbeidsplasstillitsvalt ved Rosseland skule og Marit Vardøy, leiaren i Utdanningsforbundet i Time, er blant dei som har engasjert seg for å få ein tredje barneskule på Bryne. Foto: Håvard Ovesen

Flytting av sjuandetrinnet til ungdomsskulen løyser ikkje problema på Rosseland, meiner arbeidsplasstillitsvalt Therese Fossnes.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Onsdag avgjorde kommunestyret å utsette ei eventuell bygging av ny barneskule. I staden skal problemet med for mange ungar på Bryne løysas med å flytte sjuandetrinnet frå barneskulane Rosseland og Bryne til Bryne ungdomsskule. Denne vil få ledig plass når den nye ungdomsskulen i Vardheia står ferdig hausten 2021. For å få kabalen til å gå opp, må skulekrinsane teiknast på ny.

Arbeidsplasstillitsvalt Therese Fossnes er lærar på Rosseland skule. Ho er lite imponert over avgjerda.

– Eg er ganske skuffa. Det er ei feig avgjerd. Dei skyv problema føre seg, seier ho.

– Inga løysing for Rosseland

Kapasiteten på Rosseland er sprengd, men avgjerda i kommunestyret løyser ikkje dette, meiner Fossnes.

– Dei planlegg å sende sjuande trinnet her til ungdomsskulen. Det tyder mest sannsynleg på at me framleis vil ha 24 klassar og 22 klasserom. Då må me framleis nytte spesialromma til klasserom, og me vil framleis ha enormt store trinn, seier ho.

Fossnes slår fast at løysinga Time-politikarane landa på ikkje er god, korkje for elevane eller lærarane sin del. Jærbladet snakkar med ho onsdag føremiddag, dagen etter kommunestyret. Kollegene har ikkje fått diskutert avgjerda i detalj enno, men Fossnes fortel om ein del hovudristing i gangane.

– Fleire reagerer på at ein skal sende sjuandeklassingar til ungdomsskulen. Dei er for små til det. Dei minste av dei vil vere elleve år. Å sende dei for å gå saman med 15-16-åringar er ikkje bra, seier ho.

– Det finnes andre skular som har elevar frå fyrste til tiande trinn, deriblant Undheim. Går det ikkje greitt på desse?

– På slike skular er det som regel tydeleg lagt opp slik at ein får delt av barneskulen frå ungdomsskulen. Bryne ungdomsskule er bygd med tanke på å vere ungdomsskule. Eg trur ikkje at det blir delt opp slik at det blir forsvarleg for dei små. Då har me eit problem.

– Positivt i Sandnes

På rådhuset er ikkje oppvekstsjef Eskil Nygaard like skeptisk. Han meiner det handlar om måten ein organiserer seg på.

– Dei vil ha det same læreplanverket. Skilnaden er at dei vil være på ein skule kor dei er dei minste, ikkje dei største, seier han.

Nygaard syner til at fleire nabokommunar er røynde med 7-10-skular. Blant anna er Bore ungdomsskule i Klepp ein slik skule.

– Sandnes, som eg kjenner best sidan eg jobba der tidligare, har positive røynsler med dette. Der hadde Riska ungdomsskule sjuandetrinnet frå Hommersåk skule i påvente av utbygging. Slik eg tolkar avgjerda frå kommunestyret er det dett same ein tenker å gjere her, seier han.

Nygaard understrekar at ingen av dei som skal byrje på sjuandetrinnet til hausten, korkje på Rosseland eller Bryne, skal over på ungdomsskulen. Det er kun aktuelt når Vardheia står ferdig i 2021, altså når dei som er tredjeklassingar i dag skal opp i sjuande. Før den tid kan mykje skje.

– Det ligg inne i avgjerda frå onsdag at ein skal revidere skulebruksplanen i 2020. Ein opnar for nye tal og prognosar som kan avdekke endringar i mønsteret. Der vil me kunne få ein justering av kursen. Det er først etter dette me får klargjort om me skal teikne opp nye krinsgrenser eller om det vil bli lagt andre føringar, seier Nygaard.

Trur på tredje skule

Foreløpig konsentrerer administrasjonen seg om å sette i stand Time vgs både ute og inne for sjette og sjuande trinn på Rosseland skule, som etter planen skal vere der fram til Vardheia står klar i 2021. Men det er framleis svært ope kva som skal skje i bryneskulen i åra som kjem.

– Det kan hende at ein i 2020 ser at ein må byggje ny barneskule, og dermed heller vel å halde fram med den mellombelse løysinga på Time vgs i eit par år til, seier Nygaard.
Leiaren i Utdanningsforbundet i Time, Marit Vardøy, tviler på at sjuandetrinnet på Rosseland vil bli flytta over til Bryne ungdomsskule.

– Dei vil bli gåande på Time vgs, spår ho.

Ho meiner avgjerda i kommunestyret var lite gjennomtenkt.

– Dei har ikkje hatt tid til å tenkje gjennom konsekvensane. Ein ting er å flytte elleve-tolv-åringar opp til dei store. Men det vil dukke opp fleire og fleire ting. Kva med lærarstaben? Skal ein flytte lærarar opp frå barneskulen til ungdomsskulen? Eg trur dei kjem til å finne andre løysingar etter kvart, seier Vardøy.

Vardøy meiner òg at det ikkje blir så mykje plass på Vardheia som ein trur, og syner til at sjølv om ein reknar 30 elevar per klasserom på ungdomsskulen, er krava annleis for barneskuleelevar. Den nye lærarnormen vil og bety at ein treng større plass.

Therese Fossnes er overtydd om at ein tredje skule vil tvinge seg fram.

– Det er behov for det. Men politikarane må tørre å ta avgjerda, seier ho.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...