Slik blir kulturvåren i Storstova

11. april blir det ein eventyrleg kulturskulemusikal i Storstova. Foto: Pressefoto

Lokkar med mellom anna intimkonsertar, lokale talent, litt kjendisar og ei splitter ny jordbok.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sesongen i kulturhuset Storstova på Bryne er allereie godt i gang. Og nå er det både meir tid og meir plass for dei ulike aktørane, sidan kinoen flytta inn i nye lokale i oktober.

- Me har jo litt meir kapasitet nå enn tidlegare, konstaterer kulturhussjef Åse Skrudland.

Vigrestad-versjonen av «Kamilla og tyven» var først ut i 2019. 12. og 13. januar var det musikal for fulle hus, og i helga var det Unge Spor og «Sønn av synd» på plakaten.

- «Kamilla og tyven» har vore veldig populært. Og det var gildt å ha Unge Spor her med jubileumsframsyninga si, seier Skrudland.

Foajékonsertar og morsdagsfeiring

Då kinoen flytta ut, forsvann òg kinokiosken frå foajeen. Der har det nå blitt laga til eit intim scene, og framover vil det bli fleire foajékonsertar i Storstova.

26. januar skal Rune Båtsvik (Bryne) og Hanne Ahlstrøm (Sandnes) spela i foajeen, 9. februar skal Jarle Obrestad med venner ha konsert, 16. februar kjem West Coast Fog med fullt band.

- Me ser at foajeen fungerer godt som ei intimkonsert-scene. Folk får følga med på nettsidene våre, så dukkar det plutseleg opp meir der, varslar kulturhussjefen.

Søndag 10. februar er det morsdag, og dagen i førevegen blir det ei framsyning som handlar om mor og dotter. «Speilinger» er eit musikalsk-poetisk kammerspel sett saman av ulike kvinner sine forteljingar om det å vera mor og det å vera dotter.

- Dette har me lagt litt opp mot morsdagen, at det kan vera ein fin ting for mor og dotter å få med seg, forklarer Åse Skrudland.

Lokale stjerner på besøk

Time kulturskule er ein flittig brukar av Storstova, og 19. februar blir det skikkeleg fest. I høve 15-årsjubileet for utdeling av kulturskulestipend blir det konsert med Hilde Selvikvåg som gjesteartist. Selvikvåg, som sjølv fekk dette stipendet for ein del år sidan, får selskap på scena av mange grupper, solistar, band, dansarar og korps.

Same dagen er det òg ei tverrfagleg framsyning i regi av Time kulturskule, retta mot ungdomar på ungdomsskulen og vaksne som står rundt ungdommane. I «Klasserom» blir det retta søkelys mot ulike aspekt ved mobbesituasjonar.

Nordic Tenors kjem til Bryne i mars. Foto: Pressefoto

7. mars kjem Vigrestad-tenoren Roald Haarr til Bryne saman med resten av Nordic Tenors. Konserten «Viva la Musica» er på opningsdagen til Livsgledefestivalen 2019, og tenorane lovar song på eit høgt nivå og mykje humor.

- Det er alltid kjekt å ha Nordic Tenors på besøk. Dei trivst godt her, seier Skrudland.

Allereie dagen etter er det eit nytt arrangement i Storstova. «Oda Krohg, bohemens prinsesse» er ei framsyning av og med Kirsti Kinsarvik, og handlar om Oda Krohg - som gjorde seg gjeldande på den norske kunstscena i siste del av 1800-talet. Øystein Johnsen er med som arrangør og akkompagnør på det noko uvanlege instrumentet basstrompet.

- Dette er jo på sjølvaste kvinnedagen, minner kulturhussjefen om.

Bokfest og mimrekveld

15. og 16. mars er det Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling som flyttar inn i Storstova. Då blir det mellom anna fleire seminar, og professor Dag Jørund Lønning skal lansera «Jordboka II. Nærmare naturen».

Dette er oppfølgaren til «Jordboka. Det fantastiske universet under føtene våre», som i oktober 2017 fylte Storstova med berekraftsentusiastar frå heile Skandinavia.

Maj Britt Andersen og Lars Saabye Christensen har eit felles prosjekt. Foto: Pressefoto

23. mars blir det òg storfint besøk. Songaren Maj Britt Andersen og forfattaren Lars Saabye Christensen har slått seg saman, og denne våren skal dei halda fleire konsertar rundt omkring i landet.

- Han tek utgangspunkt i sine tekstar, så syng ho til. Det blir veldig gildt, og me gler oss til å få dei på besøk, seier Skrudland.

Dansarar frå Hå kulturskule og Time kulturskule skal visa seg fram i juni. Foto: Pressefoto

11. april står elevar frå 10. trinn ved Time kulturskule på scena med årets storsatsing, musikalen «Det var ein gong - eit eventyrleg liv». I juni skal dansarar frå kulturskulane i Hå (5. juni) og Time (6. juni) avslutta sesongen, men før det skal to svenskar mimra litt.

Jack Vreeswijk og Cajsa Stina Åkerström er borna til to av dei mest kjende visesongarane i Skandinavia, Cornelius Vreeswijk og Fred Åkerstrøm. «Du och jag farsan» er ein konsert med udødelege svenske klassikarar, kombinert med eigne songar frå Jack og Cajsa. 25. april kjem duoen til Bryne.

- Dei har spelt dette i Sverige i to år. Nå er dei ute på ein turné, fortel Åse Skrudland, som gler seg til eit variert halvår i heile Jæren si storstove.

Jack Vreeswijk og Cajsa Stina Åkerström er borna til to av dei mest kjende visesongarane i Skandinavia, Cornelius Vreeswijk og Fred Åkerstrøm. Foto: Pressefoto

- Me har både det nasjonale og det lokale, med unge spirer og talent, slår ho fast.

- Og det kan koma til fleire arrangement utover våren.

Nøkkelord

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...