Slik er den digitale kvardagen på ein dysleksivenleg barneskule

Spesialpedagog Randi Stangeland er mykje inne i 1. klasse, og ho brukar meir enn gjerne nettbrett som læreverktøy – òg for dei yngste elevane. Førsteklassingane har fargekoda tastatur som dei kan kopla på bretta, slik at det blir lettare for lærarane å forklara kor dei ulike bokstavane er plasserte. Foto: Nils-Ove Støbakk

På Tu skule går elevane rett på brett.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

- Me har begynt på sansedikt om vinter, fortel Kaleb Mong.

- Då skriv me dei orda som me tenker på, forklarer Adine Meland Vestre.

- Men det må handla om vinter, understrekar Erik Osnes Løge.

Førsteklassingane på Tu skule skriv dikt, men utan blyant og papir. Kvar elev sit med eit nettbrett, eller læringsbrett, som skulen vel å kalla dei, og øver på både bokstavar og ord.

Kaleb Mong (t.v.) og Erik Osnes Løge jobbar med Imal på læringsbretta sine. Med denne appen skriv dei direkte på skjermen. Foto: Nils-Ove Støbakk

Innlogging med brukarnamn og passord er ikkje noko problem for desse små ekspertane, som mellom anna loggar seg på med Feide - det same systemet som Universitetet i Stavanger brukar for sine studentar.

- Det har vore eit bevisst val i Klepp kommune at me omtalar nettbretta som læringsbrett, fortel rektor Vibeke Sola.

- Og det er avgrensingar. Elevane kan ikkje lasta ned det dei vil. Ungane kallar det «babybrett», ler ho.

Vil vidareutvikla skulen

I fjor haust fekk Tu skule det synlege beviset på at dei er den første dysleksivenlege barneskulen i Rogaland. Per i dag er det tre dysleksivenlege skular i fylket; Tu skule, Tryggheim ungdomsskule og Tryggheim vidaregåande skule. Ein skule i Klepp og to i Hå.

Sola understrekar at statusen som dysleksivenleg ikkje skal bli ei sovepute for Tu skule.

- Me må jobba heile vegen med å bli betre. Me må heile tida utvikla oss, og dette skal ikkje vera læraravhengig. Me må ha system som fangar opp kven som treng hjelp, og utrusta lærarane til å gi dei den hjelpa, seier ho.

I Imal skal elevane skriva og seia lyden samtidig. Foto: Nils-Ove Støbakk

Kommentarane frå rektoren gledar Gunn Kristin Sperrevik i Dysleksi Jæren, som er veldig positiv til bruk av nettbrett i skulen. Ho påpeikar at det mellom anna fører til meir diskret spesialundervisning, sidan elevane ikkje alltid ser kva dei andre i klasserommet jobbar med. Dermed kan ein ha tilpassa opplæring for kvar enkelt elev, sjølv om alle sit i det same rommet.

- Eg veit om fleire skular her i området som jobbar bra med dette. Men eg oppfordrar dei til å søka om å bli dysleksivenlege og jobba meir bevisst med bruken av appar, seier Sperrevik. Som òg håpar at lokalpolitikarane vil setja av pengar til opplæring av lærarar og foreldre.

- Det hjelper ikkje å installera dyre program om du ikkje kan å bruka dei, understrekar ho.

Sunniva Salte og Adine Meland Vestre har ikkje noko imot å jobba med læringsbrett på skulen. Foto: Nils-Ove Støbakk

Har framleis blyant og viskelêr

Bevisst bruk av nettbrett og pedagogiske appar er ein viktig del av skulekvardagen på Tu.

- Men det er ikkje anten-eller. Det er begge deler. Elevane har blyant og viskelêr òg - ikkje berre nettbrett, poengterer spesialpedagog Randi Stangeland.

Ho forklarer at dei har fortløpande vurdering om korleis oppnå læringsmåla på best mogleg måte, og at dei heile tida vurderer nettbrett opp mot andre læringsverktøy.

Spesialpedagog Randi Stangeland har rydda vekk læringsbretta. Kaleb Mong (t.v.), Erik Osnes Løge, Sunniva Salte og Adine Meland Vestre øver seg på å kopla lyd og bokstav ved hjelp av artikulasjonskort. Foto: Nils-Ove Støbakk

Sjølv er Stangeland mykje inne i 1. klasse. Ho omtalar læringsbretta som eit fantastisk verktøy.

- Me får jobba med rettskriving og setningsoppbygging. Alle får eit fint produkt og føler at dei får til noko, fortel ho.

- Og dei skjøner ikkje alltid at dei lærer. Fleire av appane er litt spelbaserte, men med ei pedagogisk oppbygging.

- Og så er det lydstøtte, påpeikar rektor.

- Om førsteklassingane trykker inn ein bokstav, kan dei få opplest lyden for den bokstaven. Eller ord og setningar. Eldre elevar kan få opplest heile teksten, og kan lesa inn leseleksa si slik at læraren kan høyra på, forklarer ho.

- Men me har lesing ansikt til ansikt også, skyt Stangeland inn.

- Det må ikkje bli for teknisk, understrekar spesialpedagogen.

- Ja, målet vårt er å bruka Ipad dei gongane det gir meir - og betre - læring, seier Sola.

Nyttige skule-appar

Aski Raski

  • Lesetreningsopplegg der elevane skal gjenkjenna bokstavar og ord.
  • Laga av Ingrid Ask frå Sandnes
  • Blir brukt frå 1. klasse til vaksenopplæring

NLB Lydhør

  • Gratis utlån av digitale lydbøker.
  • Tilbyr både skulebøker og skjønnlitteratur.

Imal

  • Elevane skal skriva og seia lyden samtidig.
  • Målet er at barna skal ha fleire sansar i sving medan dei jobbar.

Får premiar for innsatsen

I 5. klasse blir òg læringsbretta flittig brukte i skulekvardagen.

- Me brukar appen Aski Raski til å høyra ord, skriva ord og finna ord, forklarer Eggert Logi Sigfusson.

Desse femteklassingane brukar appen Aski Raski, der dei mellom anna kan øva på ord med dobbel konsonant. Rundt bordet sit Eggert Logi Sigfusson (t.v.), Arturs Skudra, Angelica Dahl-Gundersen og Kevin Horpestad. Foto: Nils-Ove Støbakk

- Du kan velja både nynorsk og bokmål, seier Kevin Horpestad.

Alt blir lest opp med ei veldig tydeleg rogalandsstemme.

- Og så kan du velja kor fort det skal gå, seier Arturs Skudra.

Undervegs får elevane stjerner og andre symbol som premiering. Femteklassingane viser gjerne fram poengfangsten dei har fått gjennom arbeidet.

- Lærarane kan følga med på kva me er inne på. Så kan dei låsa brettet viss me er inne på feil app, opplyser Arturs.

Elevane får premiar etter kvart som dei fullfører ulike oppdrag. Foto: Nils-Ove Støbakk

Elevane hjelper kvarandre

Opplesing av lydbøker er òg eit populært tilbod. Eggert viser fram leselista si, med både skulebøker i samfunnsfag og spennande Star Wars-historier lett tilgjengeleg.

- Før måtte elevane ha sakkyndig vurdering frå PPT for å kunna ta i bruk lydbok. Nå er det nok at skulen eller foreldra melder inn at det er behov for det. Så terskelen har blitt kraftig seinka. Før var dette knytt til spesialundervisning, nå er det ein del av tilpassa opplæring, understrekar Vibeke Sola.

I NLB Lydhør finn du lydbøker om både samfunnsfag og Star Wars. Foto: Nils-Ove Støbakk

Både rektor og spesialpedagog legg vekt på at det er viktig å læra opp lærarar og foreldre, slik at dei veit korleis dei skal hjelpa elevane på ein best mogleg måte.

- Me har hatt kurs både for grupper og enkeltforeldre. Og det er mogleg å få til i ein travel kvardag. Dette er ikkje noko som tek timevis, forsikrar Randi Stangeland.

I tillegg opplever dei at elevane meir enn gjerne hjelper kvarandre med appane.

- Dei blir jo meistrar på dette etter kvart, smiler rektoren ved den - så langt - einaste dysleksivenlege barneskulen i Rogaland.

Dette er Jærskulen

Jærbladet vil i ein serie artiklar setja fokus på Jærskulen og tilstandsrapporten for 2018 som nå blir behandla politisk i dei fire kommunane.

  • Gjennom Jærskulen samarbeider 
kommunane Gjesdal, Hå, Klepp og Time om skuleutvikling.

  • Overordna mål er auka læringsutbytte og betre læringsmiljø i dei fire kommunane.

  • Jærskulen har 34 skular og totalt 9682 elevar. Dei private skulane er ikkje med i Jærskulen.

  • Vasshus skule i Klepp er 
minst (47 elevar), 
Rosseland skule på 
Bryne er størst 
(568 elevar).

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...