Slik kan den digitale framtida bli for bøndene

Victor Rueda Ayala har montert eit eige kamera på undersida av drona for å kunne henta inn mellom anna infraraude bilete frå jordene. Foto: Hilde Anette Ebbesvik

Lettare, meir lønsamt og miljøsparande arbeid. Det kan bli resultatet for bøndene om forskarane på Særheim klarar å gjera forskinga om til produkt.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 02.03.2018 kl 18:20

Sjå føre deg ein traktor som veit kvar på jordet det er dårleg jord, kvar dei fine plantene står, og som av seg sjølv sprayar berre der ugraset er. Ein traktor som er så smart at han kan kjøra av seg sjølv rundt på jordet og sørgjer for optimal drift.

I halvanna år har forskar Victor Rueda Ayala ved NIBIO Særheim Bioforsk studert den rette tida på året for direktesåing for å halda oppe produktiviteten til grasenga. Bildeanalyse kan fortelja bonden dekningsgraden, og om timotei eller raigras er redusert.

Målet til forskarane er å finna løysinga som kan gjera at bøndene både sparar pengar, treng mindre gjødsel og ugrasmiddel, og kan utnytta jordene sine betre.

Pinleg nøyaktig

Rueda Ayala forklarar forskinga med å visa ein sirkel. For det fyrste må ein innhenta data om jordet sitt.

Forskaren har studert kva måtar ein kan måla områda sine med hjelp av sensorar montert på traktoren, ved dronar eller med mobilkameraet. I dag finnast utstyr som infraraudt kamera, og opptaksmateriale som kan markera kvar det er mest vatn på jorda.

Han tar oss med ut på jordet utanfor kontoret på Særheim i Klepp, og styrer opp ei drone der han har montert sitt eige kamera med fem linser under, for å måla ulike felt.

Forskar Victor Rueda Ayala ved NIBIO Særheim Bioforsk styrer drona ved hjelp av denne kontrollen. Slik sørgjer han for at han får gode bilete av jordene. Foto: Hilde Anette Ebbesvik

– Her (på mobilskjermen) ser eg jordet frå lufta, og så må eg ha ein datamaskin for å få resultata frå det infraraude kameraet, seier forskaren.

Tilbake på kontoret viser han oversiktsbilete av jordet og peikar på ein grå flekk der ein tydeleg ser at det er tørt. Ser ein på dei andre bileta, kan ein oppdaga meir nøyaktig kvar problemet ligg.

– Så treng ein intelligente maskinar, robotar og traktorar som nyttar denne teknologien. Ein må ha utstyr som gjer at traktoren kan kjøra på den nøyaktige posisjonen. I tillegg må dei ha maskinar som gjødslar større eller mindre mengde. Alt dette bør skje automatisk ut frå dataprogram, seier Rueda Ayala.

Ved hjelp av teknologien kan bonden få eit produksjonskart som vil vera svært nyttig til dei neste åra. Ved hjelp av GPS-en kan informasjonen koordinerast til millimeteren på jordet.

– Då veit bonden kvar han fekk lite utbytte, kva som kan gjerast og laga ein ny plan for neste år.

Om til maskin

Forskaren fortel at sjølve innhentinga av data om jordene til bøndene ikkje er det vanskelegaste, og at mange bønder i dag har utstyr til dette.

– Mange selskap sel sensorar og maskinar, men fortel ikkje bonden kva dei skal gjera med informasjonen.
Rueda Ayala seier det kjem an på om bonden vil investera store pengesummar, om dei har interessa for teknologien og vil forstå korleis dei kan nytta data over jordene sine.

Litt av jobben hans nå, er å forska vidare på korleis den innsamla dataa kan bli til ein maskin eller digital løysing som bonden kan ta i bruk om nokre år. Han ser føre seg at dette kan koma allereie om fem-seks år.

Forskaren viser til eksemplar frå utlandet der dei har eigne traktorar til å klippa brokkoliplanter, som ved hjelp av kamera veit kva som er brokkoli og kva som er ugras.

Men han viser også til at ein har komen langt i Noreg. Bondevennen skreiv i byrjinga av denne månaden om GrassRobotics som fekk ti millionar av forskingsrådet for å utvikla strategiar for grovfôrproduksjon i eit våtare klima, ved robotisering og tilpassa frøblandingar.

Kan nå langt

– Norsk landbruk har alltid vore rask med å ta i bruk ny teknologi, seier administrerande direktør i NIBIO, Nils Vagstad.

Han meiner Rogaland har vore i ei særstilling når ein ser historisk på det, og viser til kva lokale gründerar har fått til innan landbruksteknikk og maskinteknologien.

Administrerande direktør i NIBIO, Nils Vagstad, meiner avansert teknologi blir avgjerande i framtidig produksjon av mat. Foto: NIBIO

– Landbruk i Rogaland har alt mogleg potensiale til å liggja i front med teknologien. Berre koplinga til annan industri som oljeindustrien gjev store moglegheiter, seier Vagstad.

– Korleis ser framtidsbonden ut?

– Det er ein bonde som er svært avansert i alt han nyttar. Samtidig vil han aldri koma seg unna at det er kompliserte biologiske prosessar som bonden må forstå, som kva det vil seia å få ei ku til å yta godt, eller ei plante til å vekse, seier han.

Vagstad seier avansert teknologi blir avgjerande i framtidig produksjonen av mat for å effektivisera, unngå plantesjukdommar, eller driva genredigering. Men det er kunnskapen hos bøndene som er avgjerande.

– Bonden må vera open, nysgjerrig på det nye, men fortsett ha sitt sunne bondevett og ikkje mista den kritiske sansen.

Fjernar manuelle oppgåver

Ein som jobbar tett med å utvikla digitale hjelpemiddel for bøndene er Per Varhaug hos Kverneland Group. Ei kjelde kalla Klepp-bedrifta «Rolls Roys» innan dette feltet. Varhaug er opptatt av å utvikla produkt som gjev bonden større tilgang til viktig data om jordbruket sitt.

– Korleis kan landbruket sjå ut om nokre år framover?

– Mange av oppgåvene me har i dag vil bli automatiserte og digitaliserte. Det handlar om å utnytta dei ressursane me har på best mogleg måte. Basert på data du aldri har hatt tilgang til tidlegare, kan du ta betre val, seier Varhaug.

Gjennom arbeidet til Kverneland Group kalla «Im farming», har dei mellom anna utvikla produkt som GPS-styring og automatisering av traktorane og utstyret.

– Me tar bort manuelle ting som brukarane må gjera. Det kan vera plogen som justerer seg inn sjølv og tar høgde for jorde og kor brei han skal vera. Me knyter meir informasjon frå plogen og lagrar data til bruk for bonden, seier han.

Utviklaren fortel at deira største marknad er i Frankrike, Tyskland, Nederland, UK og Irland, men bønder på Jæren og i resten av Noreg har også tatt i bruk slike hjelpemiddel.

Per Varhaug meiner dei store investeringane vil løna seg på sikt.

– Poenget er at du får større utbytte av det du legg inn. Det handlar om ressursar. Ein kan optimalisera det, og går dermed i pluss.
Me nyttar mykje tid for å finna ut kva som vil gje meirverdi for bonden, seier han.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...