Spreidde høgreekstrem propaganda på Bryne

Denne plakaten var ein av dei sist som hang att etter aksjonen til Den Nordiske Motstandsbevegelsen. Foto: Kristine M. Stensland

Den siste tida har Den Nordiske Motstandsbevegelsen vore aktive i området. PST ønskjer tips.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

«Nasjonalsosialitisk sone» kan ein lesa på ein plakat på torget på Bryne. Øvst på plakaten er ei pil som peiker oppover. På ein billettautomat på stasjonen heng ein annan plakat med same symbol. «Vi må aldri glemme ildstormen i Dresden» står det på den. Begge plakatane viser til nettsida frihetskamp.net som Den Nordiske Motstandsbevegelsen (DNM) står bak.

- Sympatisørar har inntatt Bryne

19. februar publiserte DNM ei sak med overskrifta «Omfattende aktivisme på Bryne». «Sympatisørene fra Rogaland som tidligere har aksjonert i Sandnes har denne gangen inntatt Bryne. Store mengder plakater ble hengt opp sentralt i byen, på togstasjonen og ved Bryne videregående skole», skriv dei. Dei har også lagt ut bilde som viser at plakatane har vore langt fleire enn dei få som framleis heng oppe. Av bilda kan ein lesa at ein plakat med «Refugees not welcome», samt eit symbol mot homofile, har vore klistra opp i sentrum. Dei hevdar sjølve at aksjonen gjekk føre seg utan problem, «bortsett fra en beruset person som ville filme - uten å lykkes».

DNM

  • Den Nordiske Motstandsbevegelsen reknar seg sjølv som nasjonalsosialistar.
  • Dei ønskjer ikkje å bli kalla for nazistar, men desse omgrepa blir rekna som synonyme i mellom anna Store Norske Leksikon. Ifølgje leksikonet er hovudtrekka i ideologien ein aggressiv, rasebasert nasjonalisme, kombinert med antisemittisme og ei mistillit til dei demokratiske styreformene.

Kjent for PST

Stig Ledaal, leiar for Politiets Sikkerhetstjeneste (PST) Sør-Vest, er kjent med dette.

- Me har fått meldingar til oss om at det er blitt hengt opp ein del propagandamateriell. Det skjer for så vidt i heile distriktet. Men i Sandnes og på Jæren har det vore meir dei siste to-tre vekene.

- Veit de om det er lokale som står bak dette, eller om det er folk frå andre stadar som kjem hit?

- Me går ut frå at det er ein kombinasjon. Det er nok lokale som i hovudsak står bak, det er i alle fall det me har erfart tidlegare. Men me veit ikkje om dette er aktive medlemmar, eller om dei har ei lausare tilknyting. Det er i alle fall nok til at me tek det opp i politidistriktet. Me vil prøva å kartlegga kven det er, og om det er grunn til bekymring. No veit me ikkje kva omfanget er. Det kan vera eit ivrig enkeltindivid. Uansett er det eit fåtal som knyt seg til miljøet. Både me og politiet er interesserte i tips og observasjonar for å avdekka kva omfang dette har. Me hadde ei oppblomstring på Sandnes og Jæren for to-tre år sidan. Den gong blei det pågripe folk og rydda opp. Så har det låge brakk. Det er litt bekymringsverdig at det har blomstra opp igjen.

Han fortel at aksjonane den siste tida ser ut til å vera bevisst retta mot ungdomsskular og vidaregåande skule.

- Dei ønskjer å nå ut til unge.

- Er det fare for at dei vil gjera meir enn å henga opp plakatar?

- Dei har ikkje vore ein trussel mot den vanlege borgar slik dei har oppført seg dei siste åra her. Det som er faren, er om dei får konfrontasjonar mot dei som står på den andre sida. Dersom venstresida mobiliserer mot dei, kan dei barka saman. Men det har ikkje vore slike demonstasjonar her. Både høgre- og venstresida har hatt lite aktivitet og små miljø i området, så me har heldigvis sleppt konfrontasjonar.

Brennpunkt

I desember sende NRK ein Brennpunkt-dokumentar om DNM. «De vil stoppe det de kaller masseinnvandringen til Norden, og kaste ut de som ikke er av «den nordiske rase». De vil ha et nytt, nasjonalsosialistisk Norden, inspirert av Adolf Hitlers «Det tredje riket», skriv NRK. Dei kallar organisasjonen for den største og best organiserte høgreekstreme organisasjonen i Norden. Organisasjonen er i hovudsak svensk, men dei har også medlemmar i Noreg og Finland. NRK reknar med at det er om lag 40 aktivistar i Noreg, men at desse er godt organiserte og svært aktive med plakatklistring og andre aksjonar.

Trusselvurdering

I årets nasjonale trusselvurdering frå PST, kan ein lesa følgjande: «Trusselen fra høyreekstremister kommer først og fremst fra mobilisering og rekruttering til Den Nordiske Motstandsbevegelsen. Miljøet har som et langsiktig mål å etablere en nasjonalsosialistisk stat og gjør dette gjennom organisasjonsbygging og radikalisering.» Dei vurderer det som lite sannsynleg at høgreekstreme grupper vil forsøka å gjennomføra terrorhandllingar i 2018. Dei skriv at DNM skil seg frå andre høgreekstreme nettverk i Noreg ved at dei har fått ei tydlegare organisering.

Nøkkelord

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...