Stine Rommetveit finn stadig nye utfordringar når ho teiknar

Folgehuset på Haugabakka er Klepp kunstforening sin faste utstillingsstad. I kveld opnar Stine Rommetveit si aller første utstilling her. Foto: Åge Bjørnevik

– Eg vert aldri ferdig utlært, seier kunstnaren frå Bryne som gjekk over frå keramikk til papir og blyant. No har ho så smått begynt å leggja inn litt 
fargar i tekningane sine.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 15.02.2019 kl 19:48

– Eg har starta litt forsiktig. Det er ein annan måte å jobba på. Eg jobbar lag på lag, og teikninga må planleggjast på ein heilt annan måte når ho skal få fargar. Men det er veldig gildt å jobba på det viset, og på denne utstillinga er det litt farge i mange av teikningane, seier Stine Rommetveit.

I Klepp kunstforening

I kveld, fredag, opnar utstillinga hennar «I det små» i Folgehuset på Haugabakka. Teiknaren frå Bryne synest det er stas å stilla ut heime på Jæren, og dette er hennar aller første utstilling i Klepp kunstforening.

– Eg kjenner jo huset, eg har vore på utstillingar her før. Men det er noko heilt anna å stilla ut her sjølv. Det er gildt å stilla ut heime, og treffa kjentfolk på opninga. Og så er det jo alltid spennande å sjå korleis det eg har sete åleine og laga vert motteke av andre, seier Rommetveit.

Utstillinga har ope fredag, laurdag og søndag denne helga og laurdag og søndag neste helg.

– Naturen betyr mykje

På Kleppe stiller Stine Rommetveit ut 18 heilt ferske teikningar.

– Dei fire ansikta vil vera kjende for nokon. Dei har eg brukt før. Men eg har jobba vidare med dei, og skapt ei ny historie til kvar person, fortel Rommetveit.

Naturen er eit viktig motiv, og på dei kvite arka har ho streka seg fram til fuglar, bjørnar, rådyr, skyer, blomar og bier. Og skog. Nokre veldig enkle strekar som går mot det abstrakte, men som likevel er gjenkjennelege som skog. Eit heilt nytt uttrykk frå Stine Rommetveit si hand.

– Naturen betyr mykje for meg, både i arbeidet og i kvardagslivet. Dagane er travle, det er mykje å gjera, det går fort. Men når eg er ute i naturen, får eg tid til å tenkja. Til å tenkja tankane heilt ferdige. I naturen er eg til stades på ein heilt annan måte. Det handlar om å setja ned farten og ta inn inntrykka. Om å sjå alle dei små tinga, fortel Rommetveit.

– Eg trur alle som skapar noko, går og jobbar med ting oppe i hovudet heile tida. Når eg er ute i naturen, får eg fullført mykje tankearbeid, legg ho til.

Mange detaljar

Går ein tett på bilda, ser ein at dei er bygde opp av enormt mange små strekar, sjølv om mange av dei ser enkle ut ved første augnekast.

– Ja, det er mykje arbeid bak kvar teikning, og det er heilt bevisst. Eg teiknar naturen, og det er slik naturen er; samansett og kompleks. Det har teke lang tid å laga naturen slik han er. Men no er me i ferd med å øydeleggja han i stor fart. Det er eg uroleg for, og det prøver eg å tematisera, seier Rommetveit.

Alt, både det svarte og fargane, er teikna med blyant.

– Aldri ferdig utlært

Stine Rommetveit prøver ut stadig nye teknikkar og stadig nye måtar å laga strekane på.

– Så du finn nok utfordringar som teiknar, og lengtar ikkje tilbake til keramikken?

– Av og til får eg lyst å laga noko som er tredimensjonalt, det skal eg innrømma. Men det er erfaringar eg får teke med meg inn i teikninga også, seier Rommetveit.

– Og så er det veldig fint å berre ha papir og blyant å jobba med. Dét er alt eg treng når eg teiknar. I keramikken var det meir komplisert, med fleire prosessar og ulike brenningar, legg ho til.

Rommetveit jobba som keramikar dei åtte første åra etter at ho flytta heim til Bryne med ein fersk mastergrad frå Kunsthøgskolen i Bergen. Men dei siste åra har ho via seg til teikninga.

– Ja, eg finn stadig noko nytt i teikninga. Ein vert aldri heilt ferdig utlært. Det er det som er så fint.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...