Sykkelløype gjekk over freda gravrøys

Njå Bike Park opna i 2015. No har Rogaland fylkeskommune oppdaga konflikt mellom sykkelløype og freda gravrøyser i den såkalla Rio-løypa. Foto: Åge Bjørnevik

Tilrettelagt terrengsykling i Njåskogen har kome i konflikt med kulturminne, har Rogaland fylkeskommune oppdaga.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Førre fredag var det synfaring i Njåskogen, med representantar frå Rogaland fylkeskommune, Time kommune, grunneigar Jæren Skoglag og leigetakar Bryne Cykle Klubb.

– Eg var ikkje med på synfaringa sjølv, og kan ikkje seia så mykje meir no enn at me følgjer opp saka vidare på normalt vis, seier seksjonssjef Kate I. Jellestad Syvertsen ved seksjon for kulturarv i Rogaland fylkeskommune.

Direkte over ei gravrøys

I ein epost frå seksjon for kulturarv i Rogaland fylkeskommune til Time kommune går det fram at arkeologane under ei synfaring i deler av sykkelløypa i august «kunne konstatere at løypa går direkte over i hvert fall en gravrøys, som er blitt skadet som følge av dette. I tillegg er det tatt stein fra en annen røys til oppbygging av en sving i løypa».

Fylkeskommunen viser til at dei ikkje har fått høve til å uttala seg om løypa før ho vart opparbeidd, og at dei heller ikkje har førehandsgodkjent inngrep i marka, slik gjeldande reguleringsplan for Njåskogen krev.

– Kor alvorleg ser Rogaland fylkeskommune på denne saka?

– Det er sjølvsagt veldig uheldig at dette har skjedd. Gravrøyser er automatisk freda kulturminne, og det er strenge reglar for å gjera inngrep i slike. Men dette er ei sak under behandling, og det er vanskeleg å seia noko om kor alvorleg me ser på det før me har behandla saka ferdig, seier seksjonssjef Kate I. Jellestad Syvertsen til Jærbladet.
Det kan vera aktuelt for fylkeskommunen å gjera vidare undersøkingar i Njåskogen før dei konkluderer.

Fakta

Terrengsykling i Njåskogen

  • Hausten 2015 opna Bryne Cykle Klubb sitt nye anlegg for terrengsykling i Njåskogen.
  • Njå Bike Park består av fleire ulike, merka løyper, og blir brukt både til konkurransar, organisert trening og eigentrening.
  • Løypene ligg i den øvre delen av skogen, på austsida av fylkesveg 505.

– Hendeleg uhell

Styremedlem Aud Steinsland i Jæren Skoglag var ein av deltakarane på synfaringa.

– Njåskogen er full av fornminne – naturleg nok, sidan han vart planta allereie i 1884, og det aldri har vore gravemaskinar der. Me som har brukt skogen, har ikkje visst kva det var me gjekk på, medan fagfolka frå fylkeskommunen gjekk rundt på synfaringa med stjerner i augo, seier Steinsland.

– Dessverre blei ein del av sykkelløypa lagt over nokre steinar som viste seg å vera ei gravrøys. Då me fekk beskjed om det, tok leiaren i Bryne CK straks initiativ til å leia løypa utanom gravrøysa, seier Steinsland, som til dagleg jobbar som økonomisjef i Time kommune. I styret representerer ho kommunen, som er største eigar i Jæren Skoglag.

– Kor alvorleg ser de på saka Rogaland fylkeskommune har kome med?

– Som sagt har me ikkje reflektert så nøye over at desse steinane var fornminne. Slik eg ser det, snakkar me om eit hendeleg uhell, og ingen varig skade har skjedd. Rogaland fylkeskommune har varsla at dei skal undersøkja nærare i området ut over hausten, og me avventar no dette arbeidet. Finn dei meir å setja fingeren på, skal me naturlegvis retta opp i det, seier Steinsland.

– Ei ytterlegare kartlegging av kulturminna i Njåskogen, som fylkeskommunen no legg opp til, gjev oss også mogelegheiter. Kanskje kan me skilta kulturminna, og laga ei eiga turløype knytt opp mot dei, legg ho til.

– Kom som ei overrasking

Leiaren i Bryne Cykle Klubb, Stian Osmundsen, opplyser at dei no fysisk har sperra av det dei trudde var ei vanleg steinrøys, men som viste seg å vera ei verna gravrøys. Røysa har vore brukt som ei hindring i seg sjølv for terrengsyklistane, og har ikkje blitt fysisk endra på.

– Denne saka kom som ei stor overrasking på oss. No må me gjera det beste ut av det, og retta oss etter dei krava som måtte koma, seier Osmundsen.

Skulle vore godkjent først

Fritidssjef Stian Langeland i Time kommune var også med på synfaringa i Njåskogen fredag. Han deler fylkeskommunens syn om at inngrepa i marka skulle vore godkjent av kulturstyresmaktene på førehand.

– Det er ikkje tvil om at dette står i reguleringsplanen for Njåskogen, seier Langeland.

– Kven sitt ansvar er det at reguleringsplanen blir følgt opp; Time kommune, grunneigar Jæren Skoglag eller leigetakar Bryne CK?

– Det optimale hadde vore at sykkelklubben gav oss ei grundig orientering om det som skulle skje på førehand. Då hadde nok me sjekka gjeldande reguleringsplan, og sørgd for at Rogaland fylkeskommune blei varsla, seier Langeland

– Har Time kommune kjent til sykkelløypa i Njåskogen?

– Ja, me har vore godt kjent med at det er ei sykkelløype der. Men ein må ha på seg spesielle augo for å sjå det kulturminnestyresmaktene no har sett, seier Langeland, som meiner saka botnar i ein kommunikasjonssvikt.

– Det er inngått ein avtale mellom skoglaget og sykkelklubben, men me fekk aldri tilsendt ein kopi av avtalen, slik det var snakk om før banen blei laga. Dermed har me ikkje sett på denne saka med dei augo me burde ha brukt på henne. Det er sjølvsagt beklageleg, men gjort er gjort. No ser me framover og prøver å finna gode løysingar, i samarbeid med skoglaget, sykkelklubben og fylkeskommunen, seier Langeland.

Aktiviteten kan halda fram

Langeland trur ikkje saka blir til hinder for aktiviteten i sykkelløypa.

– Sykkelløypa er eit positivt tiltak, og eg er ganske sikker på at alt let seg løysa med berre visse små justeringar av traseen, seier Langeland.

Gjeldande reguleringsplan for Njåskogen er frå 1995, og har som føremål å leggja til rette for skogsdrift, rekreasjon og naturverdiar. Sykkelløypa ligg innføre føremålet, og det var derfor ikkje nødvendig med ein ny reguleringsplan før løypa blei lagt til Njåskogen i 2015.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...