Tek med seg India Tandoori frå Stavanger til Bryne

– Det blir tradisjonell mat frå India Tandoori, men òg litt streetfood og fingermat i baren, seier dagleg leiar Izral Singh (t.v.), som også vil servera indiskinspirerte cocktailar. Han har støtte frå foreldra Karamjit Singh og Kamaldeep Kaur. Foto: Snorre Standish Norheim

For 27 år sidan opna dei regionens første indiske restaurant ved De røde sjøhus i Stavanger. Nå er turen komen til Bryne.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 08.02.2019 kl 09:07

- Me har fått mange førespurnader, spesielt under 100-uken i Sandnes. Mange kom frå Bryne for å eta, og då spurde dei: «Når vil de opna på Bryne? Me har mykje thai og kinesisk, men ingenting indisk. Me saknar noko eksotisk.»

Izral Singh tek brynebuen på ordet, og tek med seg kokkar frå hotell i India og oppskrifter frå restauranten til faren i Stavanger, for å servera tandoorirettar frå Nord-India og smaksbomber frå Sør-India. Faren Karamjit Singh har brukt ein nesten 40 år lang kokkekarriere på å perfeksjonera marinadar, sausar og chutney, som skal brukast i restauranten på Bryne.

Karamjit Singh (t.v.) starta familiebedrifta for 27 år sidan. Han er ein viktig støttespelar når sonen Izral Singh satsar på Bryne. Foto: Snorre Standish Norheim

Han begynte som restaurantmedarbeidar i Oslo. Då det i 1991 dukka det opp ei moglegheit til å starta eigen restaurant i Stavanger, tok han med seg familien til Vestlandet.

Familiebedrifta India Tandoori har halde til i Valberggata sidan, under same namn. Familien driv også restaurant i Kirkegata i Sandnes. Namnet på den nye restauranten ved Bryne torg er ikkje klart ennå, fortel Izral Singh, som etterlyser innspel frå publikum.

- Me ønskjer eit konsept som fungerer, med bar og restaurant. Det er ingen som seier: «Ah, me går og tek ein øl på India Tandoori». Dei vil ha eit namn som betyr noko. Derfor ønskjer me å finna eit namn som består av ein kombinasjon av noko jærsk og noko eksotisk.

Nærkontakt med kjøkkenet

Investeringa kjem truleg på i overkant av to millionar kroner. Det er foreldra som akslar børa, og investerer midlar opptent gjennom restaurantane i Stavanger og Sandnes. Mor Kamaldeep Kaur skal stå for interiøret, og innreia restauranten i ein moderne, kolonial indisk stil.

Nøkkelleveringa til rålokalet i første etasje i Torjå, vendt ned mot Kongo, var onsdag denne veka. Kjøkkenet er bestilt, ein flat japansk grill og ein tandooriomn, som skal bli midtpunktet i lokalet som har stått ubrukt sidan bygget stod ferdig.

- Me skal visa kokkekunsten vår. Folk skal kunna sjå inn i kjøkkenet, og sjå korleis maten blir laga: «Å, ja. Sånn steiker dei naanbrød, sånn steiker dei kjøt.» Ingenting blir skjult, seier Izral Singh, som blir dagleg leiar på Bryne.

Lokalet i Torjå har stått ledig sidan bygget stod ferdig for vel åtte år sidan. Foto: Snorre Standish Norheim

Restaurant og bar

- Vil nokon ha full middag, er dei velkomne til det. Nokon vil ha små rettar, og då treng ein ikkje ha heil middag. Det skal bli moglegheit til å ta eit glas raudvin saman med ein enkel rett, som tandoori tikka, seier Singh.

Han håper å kunna opna før 17. mai. Restauranten skal ha sitjeplass til mellom 60 og 70 personar. Det kjem òg eit longueområde med bar. Her skal ein kunna bestilla mindre rettar, når lunsj- og middagserveringa stengjer klokka 22, saman med indiskinspirerte cocktailar.

I helgane, dersom dei ikkje har fått ete opp maten før dei er gått, kan gjestane ta med maten som nattmat. Restauranten vil også tilby take-away.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...