Lokale aksjonistar fryktar at skogen skal forsvinna bit for bit

Laurdag var over 50 personar samla i Kalbergskogen for å visa at dei vil kjempa for naturperla si. I tillegg har fleire hundre signert på underskriftskampanjen for å bevara skogen. Foto: Nils-Ove Støbakk

Kjempar for å stoppa framtidig utbygging i Kalbergskogen.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

– Vårt mål er at det ikkje skal byggast noko i Kalbergskogen. Og den kampen er me villige til å ta for framtidige generasjonar, seier Andreas Heskestad.

I Kalbergskogen ved Kvernaland og Orstad, heilt på kommunegrensa mellom Klepp og Time, møter me Heskestad og meir enn 50 andre som er på tur i det fine maivêret. Med kaffi, saft og kjeks på menyen er store og små samla til kamp for skogen som dei er så glade i.

– Kva er det eigentleg som er så bra med Kalbergskogen?

– At me kan gå tur og leita etter rådyr og harar, fortel Linas Heskestad (11).

– Og det er veldig nær der eg bur, skyt kusina Andrea Heskestad (11) inn.

– Dette kan du eta – og det er godt, forklarer Linas Heskestad (11). Både Linas, Lars Kristian Lunde (9) og Andrea Heskestad (11) er glade i Kalbergskogen – og håpar at dei får kosa seg her òg i framtida. Foto: Nils-Ove Støbakk

Vil ikkje akseptera fem dekar

Førstkomande tysdag skal formannskapet i Time kommune behandla ei sak med den ikkje spesielt tabloide overskrifta «Høringsforslag til revidert Kommuneplan for Time kommune - Arealdelen 2018-2030». Men for dei som kjempar for å redda Kalbergskogen er denne saka ekstremt viktig, for inne i den tjukke dokumentbunken ligg det inne planar om å godkjenna utbygging av eit lite område like nord for eksisterande busetnad i Skogsvegen.

Kalbergskogen er totalt på rundt 400 dekar. Jæren skoglag, som eig skogen, ønsker på sikt å bruka 150 dekar på å bygga 550 bustadeiningar.

I første omgang er det snakk om å bygga på «berre» fem dekar. Men det er fem dekar for mykje, ifølge Andreas Heskestad og dei andre aksjonistane.

– Då er det aksept for å ta den fantastiske skogen, som heile bygda vil ha, seier Heskestad, som fryktar at skogen vil krympa gradvis – år for år.

– Me reagerer på at kommunen vil opna opp for bygging i Kalbergskogen når det er regulert massevis av bustader på Kvernaland allereie, påpeikar han.

Skal levera underskrifter

At delar av skogen kan bli utbygd har vore kjent heilt sidan 2011, då utbygginga blei tatt inn i reguleringsplanen for Bybåndet sør – den interkommunale kommunedelplanen som legg opp til at Sandnes, Klepp og Time til saman skal få titusenvis av nye innbyggarar i grenselandet mellom dei tre kommunane.

Sjølv om det har vore mobilisert i rykk og napp dei siste ti åra, trur ikkje Heskestad at folk har forstått kva som faktisk er på spel. Og tidlegare har det vore snakk om noko som skulle koma tidlegast i 2030, men nå kan plutseleg det første trinnet vera rett rundt hjørnet.

Dei lokale skog-forkjemparane har trappa opp innsatsen den siste tida, med mellom anna ei rekke lesarbrev i Jærbladet. I tillegg pågår det ein underskriftsaksjon der listene skal bli overleverte til lokalpolitikarane før møtet i formannskapet tysdag føremiddag.

– Me opplever at så å seia 100 prosent av dei me spør, skriv under, fortel Heskestad.

Stein Erik Heskestad (t.v.), Andreas Heskestad, Trine Selvikvåg, Ingvild Oaland Lunde og Torill Årthun er mellom dei mange som nå jobbar intenst for å sikra framtida til Kalbergskogen. Her står dei ved området i sørenden av skogen som er aktuelt å bygga ut i første omgang. Foto: Nils-Ove Støbakk

Viser til Kleppeloen

Trine Selvikvåg er opphavleg frå Lye, men bur nå på Kvernaland og er ein flittig brukar av Kalbergskogen – både saman med familien og gjennom orienteringsgruppa til Frøyland Idrettslag.

– Då me valte stad å bu, blei det Kvernaland mellom anna på grunn av denne skogen, fortel ho.

Selvikvåg viser til nabokommunen i nord og diskusjonane rundt omkøyringsvegen ved Kleppe. For 18 år sidan vart planane om å legga fylkesveg 44 gjennom friluftsområdet Kleppeloen skrota. Løysinga vart ein tunnel under Kleppevarden, og det sentrumsnære friluftsområdet fekk leva vidare.

– Det er ingen som klagar nå over at Kleppeloen blei bevart, påpeiker Selvikvåg.

– Me håpar at politikarane vil lytta til det folket på Kvernaland nå seier. At dei lyttar til oss, seier ho.

Populært i skuletida

– Det går ikkje an å lesa seg til kva du kan læra i ein skog. At me som skule kan ta med ungane og berre gå nokre hundre meter er heilt unikt, seier Ingvild Oaland Lunde.

Oaland Lunde bur på Kvernaland og jobbar som lærar på Orstad skule, og har snakka med folk på begge sider av kommunegrensa som fortvilar over at skogen kan forsvinna i framtida. Ho trur mange ikkje er klar over kor viktig Kalbergskogen er for lokalmiljøet, og trekk parallellen til to andre naturområde nokre kilometer lenger sør.

– Om nokon hadde sagt at dei ville bygga ut i Sandtangen eller Njåskogen, hadde ingen tatt dei seriøst!

– Kva med regionalplanen?

Engasjementet for Kalbergskogen er breitt. Mellom anna det lokale vellaget, speidarane, fleire idrettslag, barnehagar og skuletilsette har stilt seg bak protestane mot utbyggingsplanane.

Argumenta for å bevara alle 400 dekara med skog er mange, og Andreas Heskestad er overbevist om at Time kommune har meir enn nok areal til utbygging utan å ta av skogen.

– I tillegg går ei utbygging her på tvers av føringane i regionalplanen, som legg vekt på fortetting utover frå kollektivknutepunkt. Å gå i gang nesten to kilometer frå haldeplassen Øksnavadporten, det forstår ikkje me noko av, seier han.

– Vår bodskap til politikarane er at dei ikkje må legga inn noko om Kalbergskogen i den nye arealplanen. Det er det me kjempar for, understrekar Heskestad.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...