Nordic Steel flyttar frå Øksnevad til ny fabrikk på Bryne

Dagleg leiar Børre Lobekk (bildet) satsar på å vera på plass i den nye fabrikken, på Håland utanfor Bryne, innan desember 2019. Foto: Nordic Steel / Snorre Standish Norheim

Produksjonslokala på Øksnevad er blitt for små for eit Nordic Steel AS i vekst. Mot slutten av året tek bedrifta spranget over til ny fabrikk på Håland.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 10.05.2019 kl 15:29

- Jobbane me får, blir større. Produkta me lagar, blir tyngre, aukar i lengd, breidd og høgd. Det gjer at me veks ut av lokala me har i dag. Dei er ikkje så eigna som dei burde vore for å halda kostnadene låge for kundane, seier Børre Lobekk.

Då Lie CNC (bedriftas gamle namn) flytta inn i sine nåverande produksjonslokale, for om lag 10 år sidan, var det tynnplateproduksjon som galdt. Nå leverer Nordic Steel AS stort sett det kunden vil ha, så lenge materialet er stål. Platebearbeiding er ennå ein viktig del av drifta, men større konstruksjonar og mykje sveising pregar dagens produksjon.

Lobekk føretrekkjer nemninga «stålsenter» på bedrifta han leier. Nordic Steel har kundar i alle segment, i alle bransjar. Nede i produksjonshallen på Øksnevad sveisar Piotr Mozur ventilasjonskanalar til ei plattform i Nordsjøen, av tjukke stålrøyr som skal tola fleire tiår med sjø, vêr og vind. I motsett ende av hallen, held lærlingen Sindre Øksnevad (20) på å montera svære skovlar på eit system for oppdrettsindustrien som skal fjerna lus utan kjemikaliar.

Formann Kim Tysse, som har sitt 15. år i bedrifta som hadde sitt 20-årsjubileum i fjor, står ved kantpressa og lagar klammer som skal halda på plass røyr. Knekking, kallar Børre Lobekk operasjonen. Han listar også opp laserskjering, fresing, stansing og valsing, operasjonar som gjerne blir samla under sekkeomgrepet mekanisk industri, og som blir utførte på Øksnevad.

Lærlingen Mathias Oftedal (19) skjer og tilpassar stålplater ved hjelp av laser. Foto: Snorre Standish Norheim

Mangfald i produksjonen

Stålprodukta blir laga på bestilling. Eit typisk døme er rundt 1200 spesialdesigna, oppvarma garderobeskap som vart leverte til plattforma Johan Sverdrup. Nordic Steel har nå sett i gang jobben med å «produktivisera» eit utval suksessfulle design, slik at nye kundar kan bestilla utprøvde løysingar.

Men det er spesialproduksjon som er norma. Det nye Nasjonalmuseet i Oslo, som kneisar bak Nobelinstituttet og Vestbanestasjonen midt i hovudstaden, er i ferd med å dekkjast av skiferstein. Heile fasaden heng på eit opphengssystem som først vart teikna på Øksnevad, og så produsert der. Om lag 250 tonn syrefast stål er gjort om til festebrakettar, innmuringsboksar og sitjebenkar. Nærare sju kilometer golvlister er produserte i rustfritt stål, til utstillingslokala i det nye museet (sjå video - ekstern lenke).

Piotr Mozur sveisar ventilasjonsanlegg som kan tola påkjenningane i Nordsjøen. HVAC (varme, ventilasjon og klimanlegg), klimakontroll på norsk, er eit viktig segment for Nordic Steel. Foto: Snorre Standish Norheim

Nordic Steel har også laga opphengsbrakettane til fasadeelement på det nye Munchmuseet i Bjørvika. Då Mjøstårnet skulle oppførast i Brumunddal, leverte dei alt stålet som held saman berestrukturen av limtre og massivtre. Bedrifta har dessutan produsert balkongane som heng på utsida av det som skal vera verdas høgaste trehus.

Kundane kjem for det meste frå Norge, men ein fersk millionordre frå eit indonesisk selskap viser at selskapet har eit kundepotensiale utanfor landegrensene.

- Me har veldig få leveransar ut av landet i landet i dag, men opplever ein auke. På sikt er det eit mål å ekspandera meir ut av regionen, og ut av landet, men me skundar oss langsamt. Det er ikkje sånn at me tilset ein seljar som har fokus på utlandet. Det handlar meir om å ta vare på moglegheita når ho byr seg, seier Børre Lobekk.

Formann Kim Tysse lagar klammer som skal halda på plass røyr. Foto: Snorre Standish Norheim

Veks ut av produksjonslokala

Seinast tysdag 7. mai fekk Nordic Steel inn bestilling på ein konstruksjon så stor, høg og brei, at dei måtte takka nei til jobben. Årsaka var ganske enkelt at enkeltelementa til saman ville blitt så store at det ikkje ville vore mogleg å få produktet ut av fabrikken på Øksnevad.

- Me hadde kapasitet, kunnskap og papira i orden, og ein kunde som hadde lyst til å bestilla hjå oss, men hadde me begynt å byggja i hallen, ville me ikkje fått konstruksjonen ut av porten etterpå, seier Lobekk.

Byggjer for framtida

Nybygget på Håland industriområdet skal vera klart til innflytting desember 2019. Med større sveiseavdeling, større portar og traverskraner oppunder taket som løftar 20 tonn, kan Nordic Steel ta på seg større og meir komplekse jobbar enn før.

Bygget blir på 4400 kvadratmeter, med plass til endå ein produksjonshall. Nesten like viktig er tomteflata på heile 10.500 kvadratmeter. Utanfor dei nåverande lokala på Øksnevad er det knapt plass til å parkera personbilar, og langt mindre kapasitet til å ta i mot stålleveransar og oppbevara ferdige produkt, på ein effektiv måte.

Dagleg leiar Børre Lobekk skildrar ein evinnelig kamp, med prispress og krav om effektivitet og låge prisar. Han trur nye fabrikklokale vil svara seg i lengda.

- Me jobbar med å effektivisera kvar dag, der me er nå, og er komne langt og blitt veldig gode på det. Men det nye bygget vil leggja til rette for ytterlegare effektivisering og tilpassing til den produksjonen som trengst for å halda oss på eit konkurransedyktig nivå i tida framover.

Sindre Øksnevad (20) er lærling for andre gong, ettersom han er starta på sitt andre fagbrev. Her klatrar han på ein konstruksjon som blir bygt for ein kunde i oppdrettsindustrien. Foto: Snorre Standish Norheim

Over 50 arbeidsplassar

Administrasjonsdelen i tre etasjar, som vender ned mot ByggMAX og fabrikken til Aarbakke, blir nå fullt innreia. Grunnen er at bedrifta har behov for nesten alle arbeidsplassane allereie nå, seier Børre Lobekk, på veg opp trappa for å sjekka utsikta frå den øvste etasjen på Håland.

Nordic Steel er gått frå rundt 30 tilsette i 2014, til om lag 55 tilsette i dag, pluss innleidd arbeidskraft. Talet inkluderer rundt 15 tilsette i dotterselskapet Nordic Steel Construction, som vart oppretta i fjor, og er ein fullverdig stålentreprenør. Dei står naturlegvis for stålarbeidet i den nye fabrikken i utkanten av Bryne.

- Me var opptekne av å vera på Jæren, heller enn å vera på Forus. Å byggja arbeidsplassar og ei solid bedrift på Jæren, har vore ei målsetting for oss, seier Lobekk, som legg til at det ikkje var nokon næringspolitiske grunnar til at Time vart valt framfor Klepp.

Øgreid-familien er blitt deleigarar

Rekneskapstala for 2017 viser eit godt årsresultat i Nordic Steel, på 6 millionar, med ei omsetning på 66 millionar. Nordic Steel Construction AS leverte i sitt første år eit driftsresultat på 1,3 millionar, med ei omsetning på rundt 28 millionar.

- Me har ikkje auka med så ekstremt mange tilsette, viss du ser på veksten i omsetning. Det betyr at me har klart å effektivisera prosessane, og at me har så dyktige folk at me greier å få igjennom mykje meir enn før, per hovud, seier Børre Lobekk.

Ifølgje Lobekk vart omsetninga i konsernet om lag dobla i 2018, og innteninga held tritt.

Nytt ved nyttår var at Øgreid-familien kom inn på eigarsida, med kontroll over 50 prosent av aksjane. Lobekk meiner dei har erfaringar som kan gjera at Nordic Steel kan utvikla seg og fyllbyrda potensialet i bedrifta.

- Nordic Steel er i ein stor vekst. Alle stadium av vekst, krev rett type og mengd ressursar, det gjeld også på eigarsida. For vår del var det rett å få inn ein partnar som deler ambisjonane og planane våre, seier han om endringane i eigarstrukturen.

Tomteflata er på cirka 10.500 kvadratmeter, sjølve bygget tek opp nesten halvparten. I enden, mot marka, har Nordic Steel gjort plass til ei eventuell utviding. Foto: Nordic Steel

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...