Kjent radiotrio serverte ekspressversjonen av Garborg

Bjørn Olav Skjæveland (t.v.), Janne Stigen Drangsholt og Per Øystein Kvindesland i drøs om «Fred», av Arne Garborg. Foto: Snorre Standish Norheim

Kjenningar frå NRK P1 hjelpte dei som ikkje har lese Jærens store son, men ønskjer å lyga om det.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Trioen Janne Stigen Drangsholt, Bjørn Olav Skjæveland og Per Øystein Kvindesland er kjent frå Utakt i NRK P1, der dei kvar veke hjelper folk utan lyst eller vilje til å lesa sjølv, til å setja seg inn i litterære klassikarar.

Skjæveland og Kvindesland starta arrangementet torsdag kveld, med å fortelja om ei frykt for kva som ville skje dersom Dagens Næringsliv plutseleg ringde og spurde om kva bok dei hadde på nattbordet, til si faste spalte. Det var grunnen til at dei for to år sidan kontakta ei som har lese «alt».

Definisjonen på ein klassikar

- Ein klassikar er ei bok som mange seier dei les for andre gong, sa Janne Stigen Drangsholt.

Eit anna sikkert teikn er at boka blir lesen av folk i tenåra. Litt meir litteraturteoretisk, må boka seia noko om tida ho er skriven i, i tillegg til at ho skal vera forståeleg for menneske hundre år seinare.

I høvet Garborgdagar var det klassikarane til Arne Garborg som vart ekspressbehandla av Stigen Drangsholt. Sigbjørn Reime har modernisert språket i fleire av verka hans, men språket representerer likevel ein barriere for lesarar som vande med moderne nynorsk.

Dessutan er det snart gått hundre år sidan forfattarens død, og det trengst ein god dose av både bakgrunnskunnskap og innsats for å setja seg inn i tida han skreiv i. Dette fekk tilhøyrarane på Time bibliotek, servert til gagns.

Det var folksamt og utselt dagar i førevegen, då Arne Garborgs forfattarskap skulle omgjerast til informativ, lett passiar. Foto: Snorre Standish Norheim

Ja, tittelen «Fred» er ironisk

Tonen mellom dei tre på scena var lettbeint, akkurat som i radioprogrammet. Innhaldet var derimot kolsvart. Bjørn Olav Skjæveland sa at romanen «Fred», frå 1892, vart gjeven til alle i NRK Rogaland i 1996, utan at nokon las henne. Han bladde i byrjinga av sitt eksemplar, og viste fram fleire blanke, svarte sider.

- Ei gladsak, dette, sa han tørt

- Er det så blytungt? spurde Per Øystein Kvindesland.

- Ja, det er det faktisk, svarte Stigen Drangsholt.

Litteraturvitaren som har øvd seg i radioen på å laga fire minutt lange samanfattingar av kjende verk, hadde ingen problem med «Fred». Ho fortalde at Enok Hove er redd for guds straffedom, at han øydelegg sitt og andres liv, før han endar livet sitt for eiga hand. Dessutan bles det heile tida, ingen får drikka kaffi og alle i familien til Enok går i vonde sko, som han har laga til dei.

- Kjempetrist og superfin på same tida, meinte Stigen Drangsholt om den store jærromanen.

Ho siterte:

Det er eit sterkt, tungt folk, som grev seg gjennom livet med grubling og slit, putlar med jorda og granskar i Skrifta, piner korn av auren og von av draumane sine, trur på skillingen og trøystar seg til Gud.

Garborg var ein naturalist

Dei realistiske forfattarane som opererte i perioden 1830-1870, ville skildra samfunnet, ikkje så mykje det som var inni hovudet til folk. Garborg og andre forfattarar som ville gå djupare inn i materialet og skriva om ulukkelege og tragiske menneskelagnader, vart kalla naturalistar (1870-90).

Sjølv om litteraturvitaren vedkom at Enok Hove var ein tilnærma «psykopat», kunne ho kjenna seg att i mykje av det familiefaren gjorde og tenkte. Ikkje minst når han kritiserte ungane som hadde valt pene, men upraktiske klede, å gå ut i kulda med, eller når han gjekk og grubla på døden.

- Her er det hundre prosent attkjenning for dei som er redde for å døy, og for dei som irriterer seg over at ungane aldri han ta på seg nok klede, meinte ho.

I 2016 las Janne Stigen Drangsholt høgt frå boka si, «Ingrid Winters makeløse mismot», med Aune Sand i publikum.

Klassikar på fire minutt

  • Radioprogrammet Utakt har fått hjelp av forfattar og litteraturvitar Janne Stigen Drangsholt.
  • Etter å høyrt nokre av innslaga med henne, er tanken at du enkelt skal kunna briljera med kunnskapen i sosiale lag, og ingen vil kunna avsløre at du ikkje har lese bøkene.
  • Programleiarane i Utakt, Bjørn Olav Skjæveland og Per Øystein Kvindesland, røpte torsdag at dei har fått seg to favorittverk, som dei ikkje har lese: «Odyssevs» og «På vandring med et esel i Cevennene» (Robert Louis Stevenson).
  • Innslaga med Stigen Drangsholt finst også som podcast (peikar til NRK).

Haugtussa er ein diktsyklus

- For ikkje å gå i baret, må du hugsa at det er dikt, og at det ikkje er ein roman, fekk publikum veta.

Haugtussa frå 1895 er ei forteljing skrive i diktform, ein såkalla diktsyklus. Synske Veslemøy kan sjå usynlege vesen, blir forelska i Jon, det går svært dårleg, og så kjempar ho for å koma ut på rett side. I tillegg føreslo Stigen Drangsholt at du kan nemna at Edvard Grieg har tonesett dikta av Garborg.

På dette tidspunktet fann Bjørn Olav Skjæveland tid til ein anekdote om ein slektning som hadde kjøpt plettar med norske forfattarar på, som han gav til slekt og venar kvar jul og bursdag. Då oppdaga han at mange hadde tenkt som han, at Garborg liknar veldig på Lenin.

- Alle lurte på kvifor dei fekk Lenin, og skjønte ikkje at det var Garborg før året etterpå, då dei fekk Kielland.

Bjørn Olav Skjæveland gjekk tom for krim, på sydentur i Spania, måtte han ty til Lucinda Riley. Ho er ingen klassikar, ifølgje Janne Stigen Drangsholt. For å bli rekna som ein klassisk forfattar, bør du helst ha status som eit mystisk vesen, vera ein hengslete mann med skjegg, som er sur og kan lira av seg arrogante kommentarar. Foto: Snorre Standish Norheim

Bjørnson, Skram og Fosse

Naturalismen blir kalla «katastrofens fiksjon», og mykje av skulda for det har Amalie Skram fått. Del éin av storverket om hellemyrsfolket, «Sjur Gabriel», er ein naturleg oppfølgjar dersom samtalepartnaren på fest vil prata meir om dine litterære preferansar. Religion er ikkje eit tema her; det dreiar seg om armod, konemishandling, alkoholisme og sjukdom. Siste setning er verd å leggja seg på minne:

Fra den dag av drakk både mann og kone på Hellemyren.

Utvalet torsdag kveld var nedstemt, med eitt unntak: «En glad gutt», ei lita gladsak frå realismen, signert Bjørnstjerne Bjørnson. Guten får overklassejenta Marit og blir agronom, ikkje alkoholikar.

Siste verket ut, var «Nokon kjem til å kome» av Jon Fosse, ein moderne klassikar. Etter ei handsopprekning over kor mange som ikkje hadde lese teaterstykket frå 1996, gav Stigen Drangsholt eit kort resymé: «Han» og «ho» flyttar ut til havet for å leva i tosam einsemd, dei er redde for at nokon skal koma, og når nokon kjem, går alt gale.

Publikum måtte fleire gongar resitera Fosse, på oppmoding frå litteraturvitaren. Ingen visste kva som vart sagt, då alle sa:

Det er audt og ikkje audt på same tid.

Då Stigen Drangsholt uttalte seg kritisk til litteraturen hans, under Kapittel-festivalen i Stavanger, reiste folk seg og gjekk i protest. I dette ligg ein viktig lærdom, meinte ho:

- Det er mitt tips når du skal lyga om klassikarar du ikkje har lese. Prøv å lodda stemninga, og sjå kva signal du frå den du snakkar med, før du avgjer om du skal vera sterkt positiv eller negativ til forfattaren.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...