Miljødirektoratet vil ikkje betala for å utvida Sandtangen

Eigedommen som ligg aust for jernbanen (Sandtangen), er på 51 dekar. Time kommune har inngått kjøpsavtale, men fått nei frå Miljødirektoratet om finansieringsstøtte frå staten. Sikring av området vest for jernbanen (Vardheia) ligg lengre fram i tid, og dette skal kommunen få overdrege vederlagsfritt. Foto: Skjermdump: Norgeskart.no

Miljødirektoratet meiner kommunen var for rundhanda i forhandlingane om Sandtangen og Varheia. Staten seier derfor nei til å finansiera ei utviding av byparken.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 15.05.2019 kl 08:49

I starten av mai fekk Time kommune avslag på ein søknad om statlege midlar til å kjøpa det populære fritidsområdet ved Bryne sentrum. Miljødirektoratet meiner at søknaden ikkje oppfyller kriteria for å få tildelt statlege midlar, fordi vederlaget kommunen har avtalt fort kan verka prisdrivande.

- Me har sett svaret og har orientert direktoratet om at me kjem til å klaga på avgjerda, seier Bjørn Meling, kommunalsjef samfunn.

Tomtekjøpet er tenkt å sikra ein samanhengjande grøntstruktur frå den nye ungdomsskulen for Klepp og Time kommune, som skal stå ferdig på Kåsen i 2021, ned til Frøylandsvatnet. Områdeplanar for vidare utbygging av Brynehaugen vest og aust er under planlegging, medan Tjøtta gard er under utbygging på kleppsida.

Eigedommen som kommunen skal overta i løpet av 2019, er ått av fleire grunneigarar, og ligg både vest og aust for jernbanelinja. Grøntareala vest for jernbanen, ein del av Vardheia, skal kommunen få overdrege vederlagsfritt, i tråd med ein tidlegare inngått avtale.

Den austre delen av eigedommen er tenkt som ei forlenging av dagens Sandtangen, og startar omtrent der byparken sluttar i dag.

Vil utvida storleiken på byparken

Brynes vel erverva grunnen til Sandtangen i 1934. Byparken som strekk seg frå brua ved Time rådhus, til enden av skogen, er på om lag 110 dekar.

Skoggruppa til Brynes Vel ryddar vekk sitkagran frå Livsgledesletta på Sandtangen. Foto: Arkivfoto: Harald G. Madsen

Området kommunen nå skal leggja til parken, er ei 51 dekar stor mark på austsida av jernbanen. I søknaden til Miljødirektoratet bed kommunen om totalt 2,3 millionar, mellom anna til opparbeiding av turveg, rydding av vegetasjon og ei ny brygge.

- Hovudsaka i første omgang er å søkja Miljødirektoratet om tilskot til innløysing, og så inngår det også ein del andre tiltak, fortel Meling.

Nær halvparten av det omsøkte beløpet, 1,1 millionar kroner, skal brukast på tomtekjøp.

Ytterlegare ein halv million er tenkt brukt på turvegen som skal binda saman grøntdraget frå den nye skulen og ned til Frøylandsvatnet, og på knyta den nye vegen til den eksisterande turvegen i Sandtangen.

I overkant av 200.000 kroner er tenkt brukt på skilting, medan 1 million er planlagt brukt på ei brygge for kano- og kajakkutfart. I sin uttale skriv Fylkesmannen at det allereie finst brygge på Gunnarsberget og på Kverneland, og at det av omsyn til Søndre Frøylandsvatnet fuglevernområde ikkje er ønskjeleg med brygge.

Meiner vederlaget er for høgt

Miljødirektoratet har henta inn positive uttaler frå Fylkesmannen og fylkeskommunen, men seier at desse etatane ikkje har ansvar for å vurdera pris. Først eit stykke ut i saksbehandlinga vart direktoratet obs på vederlaget kommunen har avtalt. Prisen kommunen har avtalt med grunneigarane, imponerte ikkje saksbehandlarane i direktoratet.

«Vi er kjent med at landbruksverdien i dette tilfellet ligger godt under vederlaget til grunneier. Ved sikring/kjøp av friluftslivsområder kan en enkelte ganger strekke seg noe ut over en landbruksverdien for å oppnå frivillige avtaler, men for et så stort areal som 51 daa vurderer vi det slik at 20,-/m2 er for høyt til at staten kan medvirke med midler.»

For å erstatta dei økonomiske tapa til seljande grunneigar, skal staten ta utgangspunkt i lovleg og pårekneleg utnyttingsverdi. Det omsøkte området er regulert til friluftsføremål, og ikkje utbygt. Direktoratet viser til sikker rett, til at for slike eigedommar skal landbruksverdien vera rettleiande.

Høgast prioritet i fylket

Gjennom regionreforma har fylkeskommunen fått ansvar for å vurdera og prioritera søknader om tilskot til sikring av areal til friluftsføremål i Rogaland.

Kommunalsjef Bjørn Meling viser til at Regional- og kulturutvalet i mars vedtok at sikring av Vardheia/Sandtangen skal ha høgast prioritet i fylket. Vedtaket seier at dersom det ikkje finst midlar til alle dei fire omsøkte tiltaka i fylket, skal sikringsmidlar til Vardheia/Sandtangen betalast ut først.

- Det politiske utvalet i fylkeskommunen har tilrådd at heile summen skal gjevast øvste prioritet frå Rogaland, påpeikar Meling.

Miljødirektoratet har kome med ulike signal på om dei kan ta imot klager på vedtak. Meling seier han trur at kommunen si klage vil bli behandla.

- Me kjem ikkje til å vera barduse i klaga vår. Sjølv om prisen er noko høg, kan me be om at det kan bli gjeve tilskot på eit lågare nivå.

Kommunen har søkt om statlege midlar for å finansiera kjøpet av marka som ligg nærmast sentrum. Foto: Frode Ueland

Kan avlasta forstyrra naturverdiar

I sin uttale til direktoratet, skriv Fylkesmannen at det er fleire forhold som taler for statleg sikring av Vardheia/Sandtangen. Området er bynært, grensar opp til eksisterande friområde i sør og har enkel tilkomst for alle brukargrupper.

Fylkesmannen meiner at tilrettelegging av friluftsliv på eigedommen kan ta litt av trykket frå naturvernområdet og fuglefredingsområdet i sør, som i dag er truga av forstyrringar. Han meiner området er betre eigna for tilrettelegging for intensivt friluftsbruk enn eit allereie eksisterande statleg sikra område langs Arne Garborgs veg.

Men nærleiken til verneverdiane i Søndre Frøylandsvatnet fugleverneområde, og til restar av intakt kantsone mellom turstien og vatnet, legg sterke føringar på kva som kan gjerast. Fylkesmannen vil beholda mest mogleg av naturleg kantsonevegetasjon mellom turveg og vatnet, vil ikkje leggja til rette for utsetting av motoriserte båtar og ønskjer at eventuell sikring skal følgja retningslinjer for enkel og naturvenleg tilrettelegging av friluftsområde.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...