– Ofte kjennest det som at me får lekser berre for at me skal ha noko å gjera

Tore Refve, Victoria Marthinsen og Andrea Haaland (til høgre) er avgangselevar ved Bore ungdomsskule. Foto: Brit Romsbotn

Det seier 10. klassingar ved Bore ungdomsskule.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 04.03.2019 kl 17:24

Undersøkingar som er gjort, syner at elevane på Jæren er mindre motiverte for skulearbeid enn langsgjennomsnittet.

Men Tore Refve, Andrea Haaland og Victoria Marthinsen, som alle er 15 år gamle og avgangselevar ved Bore ungdomsskule, liker seg på skulen.

– Kan snakka med lærarane

– Lærarane er venlege og oppfører seg meir som kompisar, fastslår Tore Refve.

– Mange av lærarane er ganske unge, og me kan snakka med dei. Det å treffa vener er også noko av det som er gildt med skulen, i tillegg til at det er fag som er gilde. Stort sett liker me å gå på skulen, men det er dagar som er hardare enn andre, meiner Andrea Haaland og Victoria Marthinsen.

– Kva trur de er årsaka til at mange slit med motivasjonen?

– Kanskje tykkjer mange det er mykje teori? Og kanskje slit dei, sidan dei ikkje har fått med seg til det grunnleggjande i faget, som til dømes i engelsk, svarer Tore Refve.

– Det kan også vera at dei slit med seg sjølv og har vanskar med foreldra. Det er også nokre som berre ikkje er særleg interesserte. Det er mykje som skjer i ungdomstida, seier Andrea Haaland.

Andrea Haaland. Foto: Brit Romsbotn

– Lite tid til å slappa av

Sjølv om Bore-elevane som oftast ser fram til å gå på skulen, tykkjer dei at det kan vera hardt, med mykje lekser og mange prøvar.

– Leksene er det eg liker minst med skulen. Det går veldig mykje tid på nokre av dei, og det hender at eg blir sitjande å arbeida fram til midnatt. Eg tykkjer det er for mykje. Det blir litt lite tid til å slappa av, seier Andrea Haaland.

Tore Refve er samd.

– Me er først på skulen i seks timar, og når me kjem heim, er det lekser. Ofte blir det for travelt. Dei fleste har andre ting dei held på med i fritida, og det er viktig å ha tid til det også. Lekser skulle vore valfritt, seier han.

– Av og til føler eg at me berre får lekser for at me skal ha det. Me lærer ikkje alltid så mykje av det. Leksene kunne heller vore å øva til prøvar, seier Victoria Marthinsen.

Overraska over mobbetal

I fritida er Tore med og arbeider heime på garden, i tillegg til at han spelar fotball. Andrea og Victoria spelar handball, og Victoria har også ein hest som ho bruker eindel tid på.

Ingen av dei tre har høyrt om tilstandsrapporten frå Jærskulen før Jærbladet syner han fram.

– Oj, kjem det frå Andrea då ho ser statistikken som syner at Klepp er den kommunen på Jæren der flest elevar melder frå om mobbing.

– Eg ser at det er mest i 6. og 7. trinn, og det er då det er mest drama, særleg når det gjeld jentene. Men eg er overraska, for dette er noko som eg ikkje hadde sett før.

Sjølv har dei aldri opplevd mobbing eller sett andre bli mobba på skulen.

– Det har kanskje meir handla om slenging med ord. Slik eg set det, er det meir snakk om diskusjonar og ueinigheiter. Eg trur heller ikkje at det er spesielt mykje mobbing her på Bore, seier Andrea.

Dei andre er samde.

– Stress med karakterar

Noko anna som verkar stressande på dei tre, er karakterane.

– I 8. klasse var det nytt og litt kult. Slik er det ikkje lenger. Men det er viktig med karakterar, for dei er med og avgjer om me kjem inn på førstevalet vårt, slår Tore fast.

Tore Refve. Foto: Brit Romsbotn

– Sjølv tenkjer eg på karakterane heile tida. Det er skikkeleg stress. Karakterar har også med sjølvtillit å gjera. Ein blir stolt når ein får gode karakterar, og ein føler at ein har gjort noko bra, seier Andrea.

– Det er veldig lett å måla seg med andre, og eg trur at dei aller fleste vil ha gode karakterar, kjem det frå Victoria.

Victoria Marthinsen. Foto: Brit Romsbotn

– Kor viktig er det å få gode karakterar?

– Det spørs kva fag det er, meiner Tore.

– For meg betyr det mykje, seier Victoria.

– Det treng ikkje vera dårlege karakterar, men likevel tykkjer eg at dei er dårlege. Når eg har førebudd meg godt til ein prøve, ventar eg at det skal syna igjen på karakterane, seier Andrea.

– Ja, når ein bruker mykje tid ventar ein at resultatet skal bli godt, supplerer Tore.

Klar over at mange droppar ut

Dei tre er klar over at kommunane på Jæren har mange elevar som droppar ut av vidaregåande skule. Dette har særleg vore eit problem i Klepp.

– Det er dumt at så mange sluttar før dei er ferdige. Det er viktig å gjennomføra vidaregåande skule, meiner elevane.

– I 8. klasse var det nytt og litt kult med karakterar. Slik er det ikkje lenger, seier Tore Refve. Saman med Andrea Haaland og Victoria Marthinsen (til høgre) er han avgangselev ved Bore ungdomsskule. Foto: Brit Romsbotn

Sjølv veit dei ikkje kva yrke dei vil satsa på.

– Hadde eg vore eldst, kunne eg tenkt meg og tatt over garden, seier Tore, som satsar på å gå allmennfag ved Tryggheim vidaregåande skule.

Andrea vil gå allmennfag ved Bryne vgs, medan Victoria satsar på helse- og oppvekst ved same skule.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...