Ungane var knallharde då den beste julebrusen skulle kårast

Jonas Haaland Bru (10), Mari Haaland Bru og Tyra Thu-Kure smaker på julebrus. Foto: Snorre Standish Norheim

Dei unge dommarane var brutalt ærlege då den beste julebrusen skulle kårast på Mellombels ølstove.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 10.12.2018 kl 19:13

- Litt ekkelt og litt godt.

Det sa Hedvig Thu-Kure (7), som presenterte ei fortettinga oppsummering av smaken av julebrus. Men det å smaka seg fram til nyansane i ulike typar julebrus, og gje ein dom over det dei har smakt, kan naturlegvis også gjerast på langt meir raffinert vis.

Tyra Thu-Kure (10) drikk julebrus. Jenta i raudt er systera Hedvig (7), som sit saman med faren Morten. Foto: Snorre Standish Norheim

Det var det som var oppgåva for Hedvig og dei andre smaksdommarane, sundag føremiddag: å finna seg ein favoritt blant fem sortar julebrus. Kvar julebrus fekk først ein kort presentasjon, levert av konferansier Bjørn Hagerup, før servitørane kom rundt med smaksprøvar til dei unge dommarane.

I ferd med å bli tradisjon

- Dette er tredje året me arrangerer julebrussmaking, så nå er me i ferd å bli rutinerte julebrussmakarar, seier Bjørn Hagerup ved Mellombels ølstove.

Dei små glasa og framgangsmåten ved vurdering av smak, ved å samanlikna brustypar og assosiera smakar, er akkurat som når vaksne drikk øl med kjennarmine. Interessa for det tradisjonsrike arrangementet har vore stor; det var utselt første sundag i advent, andre sundag i advent, og det vart sett opp eitt ekstra arrangement, som skal haldast tredje sundag i advent.

- Billettane rauk på eit minutt, me kunne hatt tre arrangement til, men det skal vera spesielt, seier arrangøren.

Bjørn Hagerup (tv.) omtaler julebrus nummer to, frå Molde og produsenten Oskar Sylte. Tvilligbroren, med krone og nissebukse, er Frode Hagerup. Foto: Snorre Standish Norheim

Solid oppmøte frå Tu

To venepar frå Tu var blant dei som brukte delar av sundagen på Mellombels, og fylte opp eit heilt langbord borte ved vindauget, saman med ungane. Hanne og Morten Thu-Kure tok med seg Ovidia (7), Hedvig (7) og Tyra (10). Stian Bru og Mari Haaland Bru hadde med seg Ola (7) og Jonas (10).

Familiane Thu-Kure og Haaland Bru brukte sundag føremiddag på Mellombels. Foto: Snorre Standish Norheim

At det var første gong med julebrussmaking, la ingen dempar på vurderingane til ungane. Tyra var beinhard i sin dom over dei to første brusane, frå Ringnes og Oskar Sylte. På skjemaet sitt valde ho det strengaste av tre moglege karakterar: eit bistert andlet, som indikerte at brusen var «ring». I kommentarfeltet noterte 10-åringen at den første brusen «smakte litt kjemikaliar».

Dei to andre kategoriane, var «god» og «galgod». Det siste fjeset hadde hjarte i staden for vanlege auge, for å understreka at den brusen var fantastisk.

Alle fekk kvart sitt skjema å fylla ut, med tre moglege karakterar. Foto: Snorre Standish Norheim

Jonas syntest begge dei første brusane var gode, men ingen av dei var «galgode». Nummer to smakte godteri, og det var ikkje noko minus.

- Eg likte den betre. Eigentleg midt mellom «godt» og «galgodt». «Kjempegod», men ikkje «galgod», konkluderte han, som altså hadde ein for avansert gane for det grove systemet med berre tre karakterar.

Jonas Haaland Bru (10) konsentrerer seg når han drikk julebrus. Foto: Snorre Standish Norheim

All verdas smakar

Det var ikkje til å koma frå at nokon av ungane brukte kroppen som utgangspunkt for nokon av sine smaksreferansar. Den villaste assosiasjonen av smakar hadde likevel ingenting med det å gjera, og den var det Max-Emil Soma Opstad (11) som melde frå om: ketsjup, partybrus og potetlauv.

Og smakte det noko godt?

- Ja, kunne han stadfesta, om den brune julebrusen frå Ringnes.

Tyra Thu-Kure (10) noterer ned toppskår til Berentsens Brygghus, med tre plussteikn bak smilefjeset. Foto: Snorre Standish Norheim

Flest var det likevel som likte den raude julebrusen frå Berentsens Brygghus, som vann framfor brusen frå Lillehammer og Hamar Brygghus. Til og med den kravstore Tyra, som ikkje var særleg rundhanda med rosen, gav brusen frå Egersund beste karakter, attpåtil med tre plussteikn bak.

- Den smakte heilt vanleg julebrus, det gjorde ikkje dei andre, meinte ho.

Fire kommersielle og éin heimebrygga, frå Rygr Brygghus, fekk ungane smaka på. Foto: Snorre Standish Norheim

Mellombels hadde brygga eigen, ufiltrert julebrus, med smak av kanel og ingefær, men den var det berre dei vaksne som ville drikka opp. Det var også det publikummet den brusen var mynta mest på, vedkom Bjørn Hagerup, som har utvikla brusen saman med Rygr Brygghus.

Kåring av beste julebrus

1. Raud «Julebrus» frå Berentsens Brygghus. 15 røyster.

2. Brun «Hamar Lillehammer Julebrus» frå Ringnes. 12 røyster.

3. Brun «Julebrus» frå Ringnes. 6 røyster.

3. Raud «Rudolf & Nissens julebrus» frå Oskar Sylte Mineralvannfabrikk. 6 røyster.

4. Raud «Bjørnemust» frå Rygr Brygghus / Mellombels. 4 røyster.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...