– Unge, takk ja til politikken

 SEI JA: Olaus Trygve Bjuland oppfordrar andre unge til å seie ja viss dei får spørsmål om å stå på ei politisk liste til valet 2019. Foto: Fabel Media

For Olaus Trygve Bjuland (KrF) begynte den politiske interessa med Kommunistpartiet og ein engasjert lærar. Nå håpar han fleire unge vil takka ja til å stå på ei liste til kommunevalet.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

21-åringen frå Nærbø er sjeldan. Han har allereie åtte års politiske erfaring. I tillegg har han fast plass i eit kommunestyre.

Til saman var det nemleg bare tre personar under 25 år som vart valde inn på fast plass til i eit kommunestyre på Jæren ved sist val. I tillegg til Bjuland var desse: Benjamin Aarsland Erikstad (Hå Høgre) og Susanne Horpestad (Klepp Sp).

Av desse var Bjuland den yngste på Jæren og saman med ein representant i Sokndal den yngste i Rogaland på fast plass i eit kommunestyre. Han skulle ønska dei var fleire.

- Eg syns ungdom skal seie ja til å stå på listene ikkje minst fordi det er veldig kjekt. I tillegg lærer du veldig mykje. Du kjem på innsida og får vera med på å styra kommunen. Det er eit ansvar iallfall eg har vakse på og ei erfaring eg unnar fleire, seier han.

Begynte i 6. klasse

For Olaus Trygve sin del begynte et politiske eventyret med ein politisk engasjert lærar.

- Me hadde Stein Aarsland som samfunnsfaglærar i 6. klasse. Han delte oss inn i parti. Eg var kommunistpartiet og skulle diskutera mot dei andre i ulike saker, seier Bjuland.

Då var det gjort, men det var likevel ikkje Kommunistpartiet som fanga hans interesse utanfor klasserommet.

- Det tok ikkje lang til før eg kom i kontakt med KrF, og så balla det litt på seg, ler han.

Bjuland begynte lokalt på Jæren, før han har stige gradvis i gradene til nestleiar i KrFU, som han var fram til forrige helg.

- Nokon tykkjer gjerne det er rart å bruka så mykje av ungdomstida på politikk, men eg har blitt kjent med masse folk frå heile landet. Det har vore veldig sosialt og veldig kjekt. Du blir ein del av noko som er større enn deg sjølv, meiner den unge politikaren.

- Ein verdi for demokratiet

Han trur mange kan gå med ein politikar i magen utan å heilt veta det sjølv.

- Nokon må nok bli valde inn fyrst, før dei forstår kor kjekt og viktig det er. At 18-åringar som skal stemma for fyrste gong også har unge dei kan stemma på, trur eg kan få fleire til å stemma, og er dermed ein verdi for demokratiet, seier 21-åringen, som nå pendlar frå studium i Oslo kvar gong det er møte i Hå kommune.

- Det er kanskje dei som trur dei ikkje kan stilla viss dei har ein plan om å reisa vekk for å studera. Der har Hå vore rause med meg og betalt reisene heim frå Oslo. Det har gjort det muleg å vera med sjølv om eg flytta til Oslo, seier han.

Olaus Trygve Bjuland bur nå i Oslo på tredje året. Med fast plass i både kommunestyret og Utval for opplæring og kultur har han vore heim rundt to gonger i månaden.

- Då held du litt kontakten med dei heime òg. Saknet heim blir ikkje så stort, seier han og ler.

Den unge politikaren meiner jobben bare er delvis gjort når ungdommar har lyst til å stilla. Dei må også få spørsmålet.

- Fyrst og fremst ligg ansvaret hjå dei som har ansvaret for nominasjonsarbeidet. Dei må vera frimodige og spør unge folk. Det er mange politikarar som har hatt ein tilfeldig inngang til politikken, meiner han.

Tar ein pause

Bjuland har vore politisk aktiv sidan han var 13 år. Etter åtte år, tar han seg ein pause. Han har gått av som nestleiar i KrFU og stiller heller ikkje til val i Hå kommune.

- Det er litt annleis når du startar perioden heime. Nå veit eg at eg skal vera i Oslo nokre år til. Eg skal jobba med andre ting og ha fokus på å fullføra utdanninga mi. Eg trur det er viktig å ha gjort noko anna enn politikk òg, legg han til.

Men døra inn til politikken er absolutt ikkje lukka for den 21 år gamle håbuen. Ho står framleis på gløtt.

- Eg får heller sjå når det blir nominasjon til neste stortingsval. Det er målet etter kvart, iallfall, seier han, og avslører at han gjerne kunne tenkt seg andreplassen på KrF si liste i Rogaland.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...