Varslar demonstrasjonar mot jærsk bomring

Bommen på Kåsen vert borte 1. oktober. Inger Lise Bjerk og Jan Ove Sikveland vil ikkje at dei jærske bommane skal erstattast av nye, og arrangerer no demonstrasjonar i forkant av at lokalpolitikarane neste veke skal drøfta ein ny, lokal bomring. Foto: Åge Bjørnevik

«Nok er nok» på Jæren også. I løpet av ei veke vert det demonstrasjonar både på Bryne og Kleppe mot ny bomring.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 27.08.2018 kl 07:24

- Nok er nok. Me vil ikkje ha meir bompengar, seier Inger Lise Bjerk frå Klepp.

Rett før helga tok ho initiativ til eit eige demonstrasjonstog på Bryne - mot dei planlagde bommane på Jæren. Etter planen skal toget starta frå Storstova klokka 18 torsdag kveld. Folk skal gå til fots ned til M44, og tilbake til Storstova/rådhuset via Bryne stadion.

- Eg vil ha ein fredeleg og roleg demonstrasjon der me viser kva me meiner om bompengar, og ingenting anna. Me skal gå til fots, halda oss på fortauet, og i så liten grad som mogeleg hindra trafikken, fortel Bjerk, som har sendt søknad til politiet, men enno ikkje fått svar.

Fire dagar seinare, måndag 3. september, skal bompengemotstandarane også markera seg. Då samlast dei utføre Klepp rådhus ein halvtime før formannskapet startar sitt møte - der prinsippavklaring om ein ny bomring på Jæren står på sakskartet.

- Me vil visa vår misnøye og frustrasjon direkte overfor politikarane med ei fredeleg markering idet dei kjem til møtet. Vår beskjed til politikarane er at no må dei tenkja seg om. Motstanden mot bompengar blant folk flest er stor og veksande. Folk har begynt å få nok, og til neste år er det val, seier Jan Ove Sikveland frå Ålgård, ein av eldsjelene som engasjerer seg i den nye folkeaksjonen med utgangspunkt i Facebook-gruppa «For vi som er imot bomringen i Sandnes og Stavanger».

No mobiliserer mot ein ny bomring på Jæren, også.

Bakgrunn

Demonstrerer mot bompengar

  • Bompengedebatten har teke fyr i regionen. Facebookgruppa «For vi som er imot bomringen i Sandnes og Stavanger», som ble oppretta i sommer, har no passert 65.000 følgjarar.
  • Då dei arrangerte demonstrasjonstog i Sandnes og kjør-sakte-aksjon i Stavanger onsdag, møtte nær 3000 menneske opp under slagordet «Nok er nok».
  • No er dei klare for markeringar mot ein ny bomring på Jæren, også.

- Urettferdig skattlegging

Begge dei lokale bommotstandarane legg vekt på at bompengar rammar skeivt, og dermed er ein urettferdig måte å krevja inn skatt/avgift.

- For enkelte vil auka bompengar slå ekstremt hardt ut på privatøkonomien, medan andre ikkje vil merka noko særleg til det. Dei som har minst å rutta med i utgangspunktet, vert hardast ramma. Det er opprørande å tenkja på. I tillegg er det store forskjellar etter kor du bur, og etter kor bommen er plassert i forhold til der du kjører til barnehage, jobb, fritidsaktivitetar og så vidare. Bompengar kan aldri verta rettferdig, seier Sikveland.

- Sjølv har eg ein økonomi som går akkurat opp kvar månad. Skal eg betala meir i bompengar, må eg kutta andre kostnadar. Me er mange som har det slik, seier Inger Lise Bjerk, som synest det verste er at bompengane kan føra til at foreldre må velja vekk fritidsaktivitetar som ungane har lyst til å vera med på.

Manglar alternativ

Bjerk viser også til at kollektivtilbodet ikkje er godt nok.

- I Klepp er me mange som ikkje har noko alternativ til bilen. Ikkje ein gong i sentrum er det skikkeleg dekning. Om søndagen, som gjerne er den dagen ein vil gjera noko saman med familien, går det ikkje ein einaste buss til og frå Kleppe. I realiteten har me ikkje ein sjanse til å velja vekk bilen og bompengane, seier Bjerk.

- Kan fort verta dyrare

På Nord-Jæren er aksjonen møtt med at dei er seint ute, sidan vedtaket er gjort for lenge sidan, og dei nye bommane allereie er sette opp. 1. oktober skal dei setjast i drift.

På Jæren er det motsett: Dagens bommar skal fjernast 1. oktober, og det er ikkje teke avgjerder om ein ny bom. Men i neste veke skal formannskapa i både Klepp, Time og Hå ta stilling til prinsippet - altså om det er verdt å jobba vidare med ein eigen bompengefinansiert utbyggingspakke for Jæren.

For enkelte på Jæren vert det dermed mindre bompengar å betala i første omgang. Men mange som passerer dagens bommar her, reiser uansett til Sandnes, Forus, Stavanger, Sola eller Tananger, der dei fem nye bomringane på Nord-Jæren opnar. For mange pendlarar vert det også vanskeleg å unngå rushtidsavgifta i dei nye bommane.

- Vert ein ny jærsk bom meir spiseleg sidan han etter forslaget ikkje skal ha rushtidsavgift?

- Nei, bompengar er feil, uansett, slår Inger Lise Bjerk fast.

Sikveland er samd, og slår også fast at han ikkje stolar heilt på kva som skjer vidare dersom det kjem ein ny bomring på Jæren.

- I starten vert det kanskje inga rushtidsavgift, men eg reknar med at prisen kjem til å stiga etter kvart. Då dagens bom kom, kosta det 5 kroner, og det var gratis på natta. Men så steig prisen etter kvart som folk vart vande med å betala bompengar. I dag betalar me prisen for bommane som vart innførde den gongen, og det er ganske andre summar me snakkar om. Det er også verdt å merka seg at me gjennom bompengane betalar store summar for å krevja inn bompengar, seier Sikveland.

I Utbyggingspakke Jæren reknar Rogaland fylkeskommune med at det kan takast inn rundt 2 milliardar kroner i bompengar. Rundt 500 millionar - altså kvar fjerde krone - skal brukast på sjølve innkrevjinga.

- Må inn på statsbudsjettet

Sikveland og Bjerk har førebels ikkje sett seg godt inn i kva prosjekt som er påtenkt i ein Utbyggingspakke Jæren.

- Det kan godt henda at mange av prosjekta er viktige, men vårt poeng er at bompengar ikkje er den rette måten å finansiera nye vegar. Det har me i Norge råd til å ta over statsbudsjettet. Me har store summar på bok, seier Sikveland, som gler seg over at bom-uroa på Nord-Jæren no ser ut til å spreia seg vidare til andre delar av landet.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...