BEINET: Ut frå denne beinresten kan ekspertane slå fast at det truleg levde ei binne eller ein ung hannbjørn på Vasshus for rundt 1300 år sidan. Kosthaldet var omtrent som anbefalt i Hakkebakkeskogen. Foto: Nils-Ove Støbakk

Veganarbjørnen på Vasshus

Det var ein gong ein bjørn. På Vasshus. I Klepp. Som var veldig glad i gras og grønt.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Hausten 1974 var det grøftegraving på Vasshus-garden, heilt nord i Klepp. På Dykjella, vest for Dykjellebekken, fann Dorthea Sørbø ein beinstump som såg noko spesiell ut. Beinet var tungt som stein og blei derfor teke vare på.

Seinare blei beinstumpen overlevert til direktør H. Holgersen ved Stavanger museum. Han sende funnet vidare til Zoologisk museum i Bergen for å få fastslått kva slags dyr det stamma frå.

Våren 1975 kom det eit brev til gardbrukar Johan Sørbø frå Zoologisk museum. Innhaldet var overraskande, for i ein kort og konsis tekst opplyste museet om at beinet rett og slett var eit olbogebein av bjørn. Og så blei det stilt om beinet i 43 år.

BREVET: I mars 1975 fekk Johan Sørbø dette brevet frå Zoologisk museum i Bergen. Neste kapittel i soga om Vasshus-bjørnen skulle ikkje koma før i 2018. Foto: Nils-Ove Støbakk

Truleg frå 700-talet

I 1975 var det ikkje mogleg å datera så små bein som dette bjørnebeinet. I dag har me teknologien til å fastsetja alderen, sjølv med svært små prøver.

- Det her er rundt 1300 år gammalt, med nøyaktigheit på pluss-minus 100 år, fortel Jørgen Rosvold, avdelingsdirektør for naturhistorie ved Stavanger museum.

Før sommaren gjekk Rosvold og andre museumstilsette gjennom magasina sine og såg gjennom kva dei hadde av bein. Vasshus-beinet låg vekkgøymt mellom diverse fossil og bein.

- Så det har nok vore gløymt ei god stund, medgir han.

Rosvold fekk tatt ein prøve, som så blei sendt til eit laboratorium i USA. Då beinet kom tilbake frå datering, blei avdelingsdirektøren overraska over kor gammalt det faktisk viste seg å vera.

- Me trudde at det hadde ein ganske bra alder. Du ser det på brunfargen at dette har lege i jorda ei stund. Men det har vore godt bevart, så me trudde at det truleg berre var nokre hundre år gammalt.

Kan ha levd i nærområdet

Beinbiten har blitt godt undersøkt av ekspertane. Dei fann ingen spor etter jakt eller slakting.

- Men me kan jo ikkje utelukka det, understrekar Rosvold.

Han kan òg fortelja at beinet kjem frå framfoten på bjørnen, som ein del av underarm/olboge. Det er dermed lite sannsynleg at beinet blei tatt vare på ved slakt og lang frakt - noko som kanskje kan tyda på at bjørnen faktisk har levd og døydd i nærområdet.

- Sannsynlegvis har ikkje bjørnen blitt frakta over lang tid, i alle fall. Og det var mykje meir bjørn i Noreg før, seier Rosvold.

Det er altså ikkje usannsynleg at denne bjørnen har levd i nærheita av der Vasshus-garden ligg i dag. Slike detaljar får det til å lysa ekstra opp i augo til museumsdirektøren. I dag finst det nemleg ikkje bjørn i Rogaland, og det nærmaste funnet av bjørnebein er i Vistehola i Randaberg.

FUNNSTADEN:  Der borte ved bekken var det, fortel Hans Voll og peikar mot staden der bjørnebeinet blei funne i 1974. I midten ser me Jørgen Rosvold frå Stavanger museum, med beinet i handa. Til høgre Finn Sørbø  sonen av paret som kom over beinet. Foto: Nils-Ove Støbakk

Stussa på tyngda

- Sånn går det når dei samlar på alt dei ser, ler Finn Sørbø.

Dorthea og Johan Sørbø var foreldra til Finn. Sjølv var han i militæret i 1974-75, så han fekk ikkje vita om funnet før etter ei god stund. Han er likevel veldig glad for at Rosvold nå kjem tilbake til garden for å fortelja om dei nye detaljane som har kome fram.

Hans Voll, som vaks opp på nabogarden Voll, var heime på denne tida. Han snakka med Sørbø senior og fekk høyra om det tunge beinet som dukka opp ute på marka.

- Eg tykte det var fantastisk! Og då svaret om at det var eit bjørnebein kom, tykte eg det var endå meir fantastisk, fortel Voll.

- Johan meinte beinet var litt tyngre enn frå andre dyr, og ville senda det til museet for undersøking.

- Viktig å få inn slike funn

Det er Jørgen Rosvold takknemleg for i dag. Beinet på Vasshus er eitt av svært få bjørnefunn ein har gjort på Jæren som ikkje har vore gravmateriale, altså pynt frå bjørneskinn.

- Det er viktig å få inn slike funn. Spesielt i Rogaland, der det er så sjeldan me finn bjørnebein, understrekar Rosvold.

Sjølv fekk Hans Voll besøk av ein arkeolog då han var berre tolv år gammal.

- Det kom ei som gjekk frå gard til gard og lurte på om me hadde funn. Eg hadde faktisk laga eit lite museum i eit hønsebur, så det fekk ho, ler han.

I det private museet hadde Voll mellom anna gamle flintreiskapar. Han visste ikkje då at slikt skal leverast inn.

- Det er eit ganske strengt lovverk for slikt, opplyser Rosvold.

- Når ting eldre enn reformasjonen, er det staten som eig det. Då er du forplikta til å levera det inn.

Om du finn noko som du trur kanskje kan vera frå før 1537, skal du altså varsla fylkeskommunen.

- Så gir dei det ofte til Arkeologisk museum, seier Jørgen Rosvold.

Uvanleg mykje grøntfôr

Ut frå å studera beinresten kan ekspertane slå fast at bjørnen på Vasshus nesten berre har ete plantar.

- Bjørnen er altetar. Han et kjøt om han får det - men et stort sett plantar og gras, forklarer Rosvold.

Denne bjørnen har likevel hatt uvanleg mykje plantefôr i kosthaldet.

- Det her var på nivå med ei ku. Og det er sjeldan for ein bjørn!

Ut frå storleiken på beinbiten er det tydeleg at dette anten var ein ungbjørn eller ei binne.

- Teknologien utviklar seg stadig, så eg ser ikkje vekk frå at me kan finna ut endå meir om Vasshus-bjørnen i framtida, seier avdelingsdirektøren for naturhistorie ved Stavanger museum.

Nøkkelord

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...