– Vi gjorde vegval i 2016 som vil bety mykje for tida som kjem

Jonas Skrettingland, ordførar i Hå, trekte fram arbeidsløyse og trongare tider i sin nyttårstale. Foto: Hilde Garlid

Her kan du lese heile nyttårstalen til Hå-ordførar Jonas Skrettingland.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 03.01.2017 kl 10:23

Gode medpolitikarar, leiarar og tilsette i kommunen, folk som skal få utmerkelsar og anna godtfolk som har funne vegen hit til Jærmuseet denne første dagen i året: Godt nytt år!

Alf Prøysen song om blanke ark og fargestifter i møte med ein ny dag. Vi kunne kanskje tenkja det same om nytt år.

Vi har fått nye muligheter. Det er sant, men vi må nok ta med oss gårsdagen og fjoråret inn i det nye året 2017 likevel. Difor vil denne nyttårstalen ha med ein del viktige trekk av det som hende i Hå kommune i 2016. Dette som utgangspunkt og grunnlag for forventningar om at det nye året vil bringa mykje spennande, både nytt og godt.

Vegval

Vi gjorde vegval i 2016 som vil bety mykje for tida som kjem. Eit stort fleirtal av folket i Hå gav politikarane råd om ikkje å slå seg saman med Klepp og Time til ein ny Jæren kommune.

Vegen fram til ei rådgjevande folkeavstemming var god. Engasjementet auka fram mot valdagen, og sjølv om ulike meiningar vart ganske så tydelege, var det ikkje noko ugreitt i prosessen, korkje mellom politikarar eller folk elles.

Viljen til storkommune var ikkje overtydande i dei andre jærkommunane heller. Eg opplevde at vi likevel arbeidde oss nærare kvarandre som nabokommunar. Vi lærte kvarandre betre å kjenna, både politisk og administrativt.

Tanken om regionreform fekk på denne bakgrunnen lite gehør og minimalt med engasjement i vår kommune. Hå vil halda fram med same organisering som i dag.

Vi vel same organisering, men må forhalda oss til endringar rundt oss.

Arbeidsløysa

I fjor fekk vi tydeleg merka at vi er avhengige av korleis det går med regionen vi er ein del av. Sjølv om vi har kome betre ut enn naboar både i sør og nord, har også Hå merka at folk har vanskar med å koma i arbeid, og andre har mista arbeidet sitt. Dette er sjølvsagt mest alvorleg for dei personane og familiane som kjenner det på kroppen, men vi merkar det faktisk i skatteinngang og kostnadar for kommunen og. Vi har ikkje hatt den veksten vi hadde planlagt, korkje i folketal eller inntekter. Så kan det seiast at vi kanskje var vel optimistiske, men der og har vi vore ein del av den regionen vi tilhøyrer.

For eit par år sidan var det vanskeleg å få fatt på einebustadar, og prisane vart høge i alle tettstadane. Leiligheter vart selde i god tid før dei var bygde. Kommunen selde og sine tomter i høg fart. Så har det vore stillare. Teikn tyder på at interesse for bustadar og tomter kanskje begynner å ta seg opp att.

Motkonjunkturmidler var eit viktig ord i fjor. Staten gjekk inn med pengar for at kommunar skulle kunna finansiera vedlikehald og mindre oppgåver for å halda hjula i gang og å dempa svingningar i økonomien. Med ei arbeidsløyse på landssnittet fekk ikkje Hå kommune del i desse statlege pengane, men vi har i praksis drive motkonjunkturpolitikk likevel.

Det har vore høg aktivitet i kommunen når det gjeld investeringar, både bygningar og anlegg. Verksemder har hatt bruk for oppdrag, og kommunen har halde «stø kurs framover», slik overskrifta var på budsjettet for 2016. Vi har då hatt både store og små oppdrag til næringslivet i kommunen.

Stø kurs

Overskrifta for budsjettet i 2017 er framleis «stø kurs», men denne gongen med tillegget «redusert fart». Statsbudsjettet gav oss ikkje full inndekning av forventa løns- og prisvekst. Skatteinngangen auka og betydeleg mindre enn landssnittet, så i arbeidet med budsjett og økonomplan måtte vi bruka ord som kutt, gjenbruk og sambruk av ressursar. Det betyr ikkje at vi har dårleg økonomi i Hå. Økonomistyringa er god, og vi tek innover oss dei endringane som er i regionen vår.

Hå kommune har over mange år hatt som mål å ha økonomisk handlefridom. Vi skal ikkje ha periodar med overforbruk og la etterkomarane måtte vinne igjen handlefridomen. Difor vel vi å utsetja investeringar vi gjerne ville ha gjort. Men vi har mykje i gang, så fartsreduksjonen er ingen bråstopp.

La oss sjå litt på aktiviteten i dei ulike tenesteområda:

Helse- og sosial

Tenesteområdet for helse- og sosialsaker opplever at behova veks raskare enn budsjettramane. Å arbeida med menneske og å oppleva at det er ressursane som set begrensningar, er ikkje berre lett. Innsparingstiltak og omdisponering av ressursar har ført til ei viss uro. Tilsette vil så gjerne gi så godt tenestetilbod som råd er. Og eg kjenner meg trygg på at vi har eit godt nivå på tenestene. Statistikkar og tilbakemeldingar viser det. Ei av dei tilsette ved sjukeheimen sa det slik: Vi skulle gjerne hatt meir ressursar, men vi gjer i alle fall så godt vi kan! Det trur eg mange tilsette i denne sektoren kjenner seg igjen i.

Hå førebur seg på auka antal eldre med ein større sjukeheim. Sjølv om vi legg vekt på at eldre skal kunna bu trygt heime så lenge som mogeleg, vil det over tid verta behov for meir sjukeheimsplassar. Parkeringsanlegg ved sjukeheimen er under bygging, og arbeidet med å byggja to nye etasjar er i oppstartsfasen.

Det har vorte arbeidd mykje i 2016 for å få klarlagt behovet for eit nytt helsehus på Nærbø. Ei politisk arbeidsgruppe har saman med administrasjonen gjort eit grundig arbeid her, og i arbeidet med økonomiplan var dette det viktigaste diskusjonstemaet. Nytt helsehus er nå innarbeidd i gjeldande økonomiplan, men innhald og størrelse er ikkje heilt bestemt. Neste år vil visa korleis tenestane kan organiserast slik at vi med rimeleghet kan utsetja investeringane litt.

Straumen av flyktningar inn til Norge har minka som følge av strenge tiltak lenger sør i Europa, og for første gong har kommunen fått brev frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet om å justera ned talet på flyktningar kommunen skal ta imot. Ettersom det er vanskeleg å finna arbeid i regionen, har straumen av innflyttarar frå aust og stansa opp.

Vi får likevel ein del nye Hå-buar kvart år, og det er viktig at vi lukkast med å inkludera desse i lokalsamfunnet vårt. For ei tid sidan evaluerte vi oss sjølv på dette området. Som følge av det, vart det i 2016 oppretta ei eiga Flyktningeeining. Dette for å få til betre samordning av arbeidet med å gjera Hå-buar av folk frå ulike deler av verda.

Då Stavanger biskop i mars visiterte Nærbø sokn, var nettopp samarbeid mellom kommune, kyrkje og frivillige organisasjonar i inkluderingsarbeidet tema på eit felles program. Det er mange, både enkeltpersonar og lag som gjer eit viktig arbeid som betyr mykje for dei nye medborgarane våre. Jærbuen er kanskje ikkje den mest inkluderande av natur, så mange av oss har nok eit stykke veg å gå her.

Opplæring og kultur

Politikarane i Hå snakkar mykje om skule og barnehage. Og eg vil påstå at det ikkje berre vert med snakket. Planar kan verta verande snakk, men eg trur at det viktige og grundige planarbeidet som vert gjort i barnehage og skule også får nedslag i endra og forbetra praksis. Like før sommaren vedtok kommunestyret kvalitetsplan for barnehagane. Vi har bygd mange barnehagar dei siste åra, og barnehagane vert stadig viktigare som rame om barna sin oppvekst. Då er det viktig å ha fokus på innhaldet i barnehagane.

Det er ikkje alltid vi har vore fornøgde med læringsresultata i skulane i Hå. Like før sommaren vart det og vedteke ein tiltaksplan for å auka læringsutbytet og for å avgrensa mobbing i Hå-skulen. Dette arbeidet vert vidareført i ein kvalitetsplan no i vår.
Her har eg og tru på at politisk merksemd og dei planprosessane som går føre seg rundt på skulane skal føra til betre resultat. Samarbeidet med skulane i dei andre jærkommunane i Jærskulen skal bidra i same retning.

På desembermøtet vedtok kommunestyret og ny barnehagebruksplan og ny skulebruksplan. Dette er planar som viser bygningsmessige behov. Framskriving av befolkningstal er ingen lett kunst, og vi har måtta justera desse tala, men vi har no gode og oppdaterte planar for dei neste åra.

Det har skjedd endringar i skulen i 2016. I januar flytta Ogna skule inn i førebels lokale på Ogna og på Vigrestad. «Bibliotek i bensinstasjon» vart eit nytt omgrep på Ogna medan vi leiger lokale til folkebiblioteket. Ogna skule er riven, og arbeidet med ny skule er i full gang, slik at ungane i Ogna skulekrins skal få ei uvanleg fin julegåve dette året.

Ny Bø skule, som er det største enkeltprosjektet vi har hatt i Hå, vart ferdig og tatt i bruk i August. Skulebygget har fått mykje merksemd langt utover kommunen sine grenser, men det viktigaste er nok at skulen får med seg det gode læringsmiljøet dei hadde i dei falleferdige bygga dei var i før. Uteanlegget på Bø har vorte eit leikeområde for meir enn Nærbø, og eg tenkjer det er fleir enn eg som har fått tankar om tiltak i samband med nye sentrumsplanar og liv i stasjonsbyane.

På Vigre vart eit langt og viktig kapittel for grenda avslutta då skulen vart lagd ned, og dei fleste elevane vart flytta til Høyland. Barnehagen står der, og når skulebygget vert teke i bruk som kontor til PPT, skal det framleis tenkjast på grendehusfunksjonen skulen har hatt. Skule er meir enn skule, men no er punktum sett for Vigre skule.

Vi har ikkje teke i bruk nye barnehagar i 2016, men anbud for ny Vigrestad barnehage er lagt ut, så det er ikkje lenge før vi er i gang med den.

Biblioteket på Nærbø er definert som hovudbibliotek. Dette er pussa opp, og vart teke i bruk etter sommaren. Nytt her er Litlaståvå, eit rom for debatt og føredrag.

Går vi over til kultursida i dette tenesteområdet, er det betydeleg aktivitet der også. Kulturskulen er mangfaldig med sine 475 elevplassar. For få år sidan hadde det vore utenkeleg med store produksjonar som musikal og opera, men det får kulturskulen til. Oppsettet av musikalen Petter Pan i mars viste at det går an å få til mykje. Vi kan vera stolte av både elevar og lærarar i kulturskulen.

Hå Gamle Prestegard har jamt interessante utstillingar. Minneutsutillinga av Kjell Nupen, som mellom anna har utsmykka Høghuset på Bryne, var ei betydeleg utstilling som fekk mange besøkjande.

Framtida ligg i barn og unge. Fritidsklubbar vekslar i popularitet. Klubbane i Loen og i Lensmannsløa gå svært godt for tida. Swing-meisterskap for 9. klassetrinn vart arrangert for 9. gong, og har vorte svært populært med mange dansarar og mange tilskodarar. Det er god stemning i hallen når skulane konkurrerer seg imellom. Private lag og organisasjonar arrangerer opne hus med rusfrie miljø for ungdommar helgekveldane. Idrettsaktivitetar og idrettslag femnar mange, og i fjor vart det teke i bruk 2 nye fleirbrukshallar, den eine på Bø skule og den andre på Varhaug i regi av idrettslaget. Dugnadsånda lever i beste velgåande, og dette året er det Varhaug med ny hall og Vigrestad med uteanlegg som har gjort dei største løfta. Eg tenkjer vi lever opp til utnemninga til årets kulturkommune i Rogaland i 2015.

Tekniske saker og næring

Vi har ferdigstilt to større viktige anlegg dette året. Industriområde på Tjemslandsmarka og omkjøringsvegen nord for Nærbø fram til Bjorhaugsletta. Ved Bjorhaugsletta fortset så arbeidet med vegen vidare samtidig som det vert opparbeida nytt industriareal på Krusemarka.

I Stokkalandsmarka vert det og opparbeidd industriareal samtidig som det vert laga veg inn til det framtidige sentrumet i Stokkalandsmarka. Omkjøringsvegen nord for Brusand er i startgropa, og det ser no ut til å verta avklart med Fylkesmann og grunneigarar slik at arbeidet der kjem i gang. I Sirevåg oppgraderar vi industriareal rundt hamna. Hå kommune driv motkonjunkturpolitikk. Vi har mange bygg og anlegg i gang. Samtidig står vi også klar med industriområde fordelt over heile kommunen.

Flaumen i 2014 viste med all tydelighet korleis endra nedbørsmønster set nye krav til avløp for vatn. Det er store oppgraderingsarbeid i gang både på Vigrestad og Nærbø. Dette er kompliserte arbeid som tek tid, og det medfører merkbare ulemper både for folk som bur og folk som driv næring i området. Det er likevel nødvendig for å sikra mot flaumar som med all sannsynlighet kjem.

Det vert arbeidd med reguleringsplanar. Utbyggingsplan for Stokkalandsmarka er vedteken. Anlegg er i gang. Så ventar vi og på fylkeskommunale anlegg, så som gang- og sykkelstiar i Varden og frå Grødaland til Bratland, gatelys m.m., men vi veit at ting tek tid. Vegvesenet arbeider og med reguleringsplan for oppgradering av Buevegen.

Vi har starta opp eit omfattande arbeid med ny sentrumsplan for Nærbø. Her har vi lagt opp til ein spennande og arbeidskrevjande metode med stor grad av involvering. Mange er i sving med gjestebud og innspel. Så er det å håpa at resultatet vert godt, og at vi får til eit levande Nærbø sentrum. Varhaug står for tur innanfor denne kommunestyreperioden, og vi vil arbeida oss sørover.

Rådhuset

Fellesadministrasjon har litt ulik klang. Då vi sa at vi ville kutta i administrasjon i budsjettet til fordel for skule og helse, tenkte mange at det var eit godt grep.

Det er likevel slik at kommunen er avhengig av ein velfungerande administrasjon. Det vert gjort mykje for å vidareutvikla leiargruppa i kommunen sin administrasjon. Vidare vert det gjort mykje for å arbeida rasjonelt og effektivt. Her er digitalisering eit viktig ord. Endeleg vert det og lagt vekt på at innbyggjarane skal få den service, informasjon og saksbehandling dei har krav på og fortener.

Den endringa som er mest synleg er kanskje servicetorget på rådhuset. «Me er her for deg», seier dei, og lista over det servicetorget kan hjelpa med er lang. Servicetorget er ikkje eit forfina sentralbord, det er eit kontorfellesskap der det vert drive med informasjon og saksbehandling for alle tenesteområda, særleg for tekniske saker og næring. I ei tid då meir og meir føregår digitalt, er det viktig at det ennå er hjelp å få når datamaskinen ikkje gjev nødvendige svar til alle.

Med 1287 årsverk å halda styr på, er det også viktig å gjera det på ein skikkeleg måte. Over 70 prosent av dei kommunale ressursane er knyta til løn. Då er det viktig at denne ressursen vert brukt på best mogeleg måte.

I 2016 vart det arbeidd mykje med inkluderande arbeidsliv, og sjukefråveret har vist tydeleg reduksjon. Særleg i barnehage har arbeidet gitt positivt resultat, og det vert i snitt rekna med at det kvar dag er fem fleire på arbeid i slutten av året.
Eg vil retta ein stor takk til den einskilde av dei mange som er tilsette i Hå kommune i større eller mindre stillingar.

Hå vil vera ein open kommune. Av og til vert vi utfordra på det. Alt i januar skal vi arbeida med kva dette betyr når vi skal arbeida med etiske retningslinjer for kommunen.
Vi har driftige folk på ulike nivå i organisasjonen Hå kommune. Det ser vi i alle tenesteområda. Det er all grunn for å vera stolt, både av dei folka vi har og dei tenestane vi yt.

Det er grunn til å vera stolt av politikarane og. Politisk arbeid er heller ikkje alltid like verdsett, men det er grunnlaget for eit demokratisk godt samfunn.
Open, driftig og stolt. Det er Hå kommune.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...