Vil ha forvaring i ni år

I RETTEN: Aktor, Thomas Frøberg (t.h) la ned påstand om ni års forvaring for den tiltalte 38-åringen. Ved sida av sit Lars Lode, politibetjent ved Time lensmannskontor.

Aktor Thomas Frøberg la ned påstand om ni års forvaring for 38-åringen som er tiltalt for mishandling med døden til følgje.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Saka mot 38-åringen i Jæren tingrett vart avslutta onsdag 7. desember. Medan 38-åringen hevdar seg uskuldig, meiner aktor å kunna bevisa at det var den tidlegare sambuaren som stod bak valden som førte til at Scarlet Thomsen (33) døydde.

33-åringen vart funnen død på sin eigen terrasse 9. oktober i fjor.

- Gode bevis

- Det er ikkje tekniske funn som direkte knyttar tiltalte til hendinga. Det er ingen funn av dna, men me har gode bevis for at ho døydde utanfor parets felles bustad, på eit tidspunkt der tiltalte var til stades, oppsummerte aktor Thomas Frøberg i si avsluttande prosedyre i tingretten torsdag. Han la til at påtalemyndigheita også har gode bevis for at tiltalte var i ei sinnstemming der han var tilbøyeleg til å utøva vald mot sambuaren sin.

- Han hadde kunnskap om funnstad som få andre enn gjerningspersonen kunna ha. Når også andre mulege gjerningspersonar er sjekka ut av saka, meiner me at det var tiltalte som utøvde den dødelege valden mot fornærma og at han derfor må dømmast for dette, heldt Frøberg fram.

Bistandsadvokat, Olav Hetland.

Vitneskildringar og dagbok

38-åringen er tiltalt for mishandling i nære relasjonar med døden til følgje. Grunnen til at påtalemyndigheitene ikkje kallar dette eit drap, er at det ikkje er muleg å slå fast om kvinna døde under valdshandlinga, eller i etterkant, som følgje av valden.

Mykje av bevisførselen til aktor er vitneskildringar som fortel om eit turbulent forhold.

Personar i miljøet rundt det tidlegare sambuarparet har opplyst i avhør som vart spelte av i retten, at tiltalte skal ha fortalt at han mishandla sambuaren sin. Aktor viser også til Scarlet Thomsen si eiga dagbok, der ho skildrar fleire valdsepisodar.

Aktor meiner at valden er så omfattande at det må oppfattast som eit mishandlingsregime.

- Døydde på terrassen

Dei siste sikre observasjonane av Scarlet Thomsen er frå kvelden 1. oktober 2015. Aktor meiner at 33-åringen døydde denne natta eller tidleg fredag 2. oktober.

Naboar har fortalt i retten om mykje bråk rundt midnatt denne natta. Det er fortalt om hylgråt frå kvinne og ein mann som brølte. Bråket har blitt oppfatta som om det kom frå utsida av leilegheitene.

- Me meiner at fornærma mista livet denne natta og at ein kan sjå vekk frå at ho vart drepen ein annan stad og til ei anna tid, sa Frøberg.

Frøberg meiner at medisinske funn tyder på at kroppen ikkje har blitt flytta etter dødstidspunktet. Det er også funn på åstaden som gjer at aktor meiner å bevisa at 33-åringen døydde på sin eigen terrasse, og deretter vart skjult.

Aktor la også vekt på den tiltalte 38-åringen sin sinnsstemming i denne perioden, som var sterkt prega av rusmisbruk.

Politiet har hatt andre mulege gjerningspersonar i søkelyset, men har sjekka desse ut av saka.

38-åring er også tiltalt for bruk og oppbevaring av narkotika, ruskjøring og kjøring utan gyldig førarkort.

Forsvarsadvokat, Brynjar Nielsen Meling.

- Eit lett bytte

Tiltalte sin forsvarar, Brynjar Nielsen Meling, påpeikte i sin prosedyre at det blir stilt store krav til bevis i ei straffesak.

- Tiltalte har ein lang historikk med ei rekke dommar og ei haldning til politi og rettsvesen som gjer at han blir eit lett bytte når politiet bestemmer kor dei skal halda fokus når hans namn dukkar opp i ei straffesak, sa Meling og viste vidare til at det må vera bevist over ein kvar rimeleg tvil at 38-åringen stod bak det han er tiltalt for.

- Det er ikkje grunnlag for å dømma tiltalte, sa Meling i retten torsdag.
Han viste til at tiltalte har forklara seg om eit turbulent forhold der begge var aktive partar.

38-åringen nektar straffeskuld på alle punkt i tiltalen og har ei anna oppfatning av valdsepisodar som er nemnde.

Stiller spørsmål

Meling meiner det ikkje er hald for å sei at forholdet mellom han og Scarlet Thomsen var eit mishandlingsregime. 38-åringen har forklara at han og sambuaren krangla kvelden 1. oktober, og at ho var vekke då han vakna dagen etter.

Han dreg også i tvil om Scarlet Thomsen døydde denne natta og meiner ho kan ha blitt drepen seinare og blitt plassert på terrassen, noko aktor avvisar grunna tilgangen til terrassen ho vart funnen på.

Han stiller også spørsmål ved om alle vitna frå miljøet rundt dei to er pålitelege og meiner det kan ha skjedd ein glipp frå politiet eller at tiltalte sjølv har gjort ein observasjon under transport til fengselet som gjer at han visste at kvinna var funnen på terrassen.

- Det er ingenting som knyttar han til valdshandlinga som forårsaka fornærma sin død. Han må frifinnast, sa Meling avslutningsvis i retten.

Meling peika i prosedyren sin på andre, namngitte personar som kan ha hatt noko med dødsfallet å gjera.

Dette er personar politiet har hatt i søkelyset.

471 dagar i varetekt

Aktor la i retten ned påstand om ni års forvaring med ei minstetid på seks år og viste til gjentekne straffbare handlingar og meiner den tiltalte 38-åringen ikkje har effekt av tidsbestemt straff.

Alternativ straff er ni år fengsel, med minstetid på seks år. Retten har blitt følgt av to rettspsykiatriske sakyndige, ein psykolog og ein psykiater. Desse har også vitna i retten og har funne tiltalte strafferettsleg tilrekneleg. Tiltalte har nekta å snakka med dei to sakkyndige

Lova seier at ein person som har rusa seg av eigen vilje før eit lovbrot, skal straffast som han var tilrekneleg.

Tiltalte har sete i varetekt frå han vart pågripen og vil eventuelt få eit fråtrekk i straffa på 471 dagar.

Erstatningskravet frå etterlatne er samla på 425.000 kroner.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...