Vinningskriminaliteten veks i Time, men fell i Hå

Politiinspektør Oddvar Tengesdal må prioritera dei alvorlegaste sakene i det daglege arbeidet ved Jæren lensmannskontor. Foto: Åge Bjørnevik

Politiinspektør Oddvar Tengesdal ser ikkje bort frå at lengre reisetid til lensmannskontoret kan ha ført til at færre håbuar melder frå når dei er utsette for små tjuveri.

Jærbladet
Jærbladet AS

Publisert:

Sist oppdatert: 25.02.2019 kl 09:00

– Talet på melde vinningssaker i Time har gått opp frå 275 i 2017 til 384 i fjor. Det er ein stor auke, og Time ligg langt over Klepp og Hå, seier politiinspektør Oddvar Tengesdal.

Leiaren av Jæren lensmannskontor blar i krimstatistikken for Klepp, Time og Hå for å sjå om der er nokon tal som peikar seg ut når fjoråret skal oppsummerast. Auken i vinningskriminalitet i Time er det mest iaugefallande.

Kvifor det er så stor vekst akkurat her, har Tengesdal ikkje noko fullgodt svar på. Sidan den melde vinningskriminaliteten går nedover både på landsbasis og i Sør-Vest politidistrikt, er tala litt overraskande. Ikkje var Jæren og Time særleg plaga av utanlandske bandar på raid i fjor, heller, slik det har vore enkelte år tidlegare.

Kraftig nedgang i Hå

Tala for Time viser at veksten er størst i butikktjuveri og tjuveri frå private bustadar, bodar eller garasjar.

– Alt vert ikkje oppklart innan vinning, så me har ikkje full oversikt. Men tradisjonelt er det få personar som står bak mykje av vinningskriminaliteten. Slik er det enno. Me har nokre gjengangarar, slår Tengesdal fast.

384 saker i Time – og ein oppgang på 39,6 prosent – er mykje. Til samanlikning hadde Klepp 189 melde vinningslovbrot i fjor – omtrent som året før. Hå hadde berre 114 – ein nedgang på heile 33,7 prosent. Klepp har flest folk av dei tre kommunane, etterfølgd av Hå og Time.

– Dette er første året med felles lensmannskontor. Kan det tenkjast at håbuen let vera å ta turen til Bryne for å melda vinningskriminalitet?

– Det skal me slett ikkje utelukka. Er det snakk om forsikringsoppgjer, må sakene meldast til politiet, men i mindre saker ser eg ikkje bort frå at nokon har valt å la vera å ta turen til lensmannskontoret for å melda. Det same gjeld nok butikktjuveri. Eg vil tru det er lågare terskel for å melda om det på Bryne enn lenger ut på Jæren, seier Tengesdal.

Må prioritera det alvorlegaste

Som leiar av Jæren lensmannskontor må Tengesdal prioritera.

– Me må ha fokus på dei viktigaste sakene, dei som handlar om å tryggja liv og helse. Desse sakene – til dømes dei der familiemedlemmar, og gjerne barn, er utsette for vald og seksuelle overgrep – er ressurskrevjande. Me ser ein auke i desse sakene, kanskje også fordi me etter kvart har fått betre kompetanse til å avdekka det som skjer – i tett samarbeid med den felles etterforskingseininga i Stavanger, seier Tengesdal.

I fjor vart det meldt 35 totalt seksuallovbrot mot mindreårige i Klepp, Time og Hå.

– Vår prioritering av dei viktigaste sakene vil i nokon grad gå ut over vår etterforsking av mindre alvorleg kriminalitet. Det er i og for seg eit paradoks, sidan fleire menneske vert ramma av mindre alvorleg kriminalitet. Å verta fråstolen sykkelen er sjølvsagt veldig irriterande, og me skal aldri koma dit at det er fritt fram. Men eg ber om forståing for at slike saker vert lågare prioritert.

Førebyggande ungdomsarbeid

1. mars er det eitt år sidan heile politi-Jæren formelt vart samla på eitt felles lensmannskontor på Bryne. Ein viktig jobb det siste året har vore å få på plass den nye organisasjonen.

Det nye lensmannskontoret satsar særleg på førebyggjande arbeid blant ungdom. Medan det før berre var éin dedikert stilling til førebygging på Jæren, er der no heile fem. Ei viktig oppgåve er å jobba mot det politiet oppfattar som ei stadig meir liberal haldning til narkotikabruk blant ungdom.

– Me brukar mindre ressursar på dei kjende narkotikamisbrukarane, og meir på å hindra omsetnad og nyrekruttering til miljøet. Me er ute og jobbar systematisk opp mot både enkeltpersonar og miljø, seier Tengesdal.

– Innspela me får frå helsevesenet er urovekkande. Dei melder om stadig fleire unge som pådreg seg psykosar på grunn av narkotikabruk, legg Tengesdal til.

Han understrekar at dei fleste ungdommar ikkje brukar narkotika, og viser til dei nyaste Ungdata-tala, som fortel at 87 prosent av elevar på vidaregåande skule ikkje har prøvd narkotika.

– Me er likevel urolege for dei 13 prosentane som har prøvd.

Varhaug-drapet sette preg

Drapet på Sunniva Ødegård (13) på Varhaug natt til 30. juli prega året til politiet på Jæren.

– Det er ei veldig alvorleg og tragisk sak for alle involverte. Ho er vanskeleg både for familien som mista jenta si, familien til guten som er sikta i saka og heile lokalsamfunnet. Også mange tilsette her på kontoret måtte jobba med saka, og er sterkt prega, seier Tengesdal.

Også dei mange brannane på Bryne i fjor sommar var ei spesiell utfordring for politiet lokalt.

– Det var ei sak som med god grunn skapte mykje uro og frykt. Saka har ikkje vore til doms enno, men i politiet har me merka oss at brannane stoppa etter arrestasjonen i august, seier Tengesdal.

Slutt på passkontoret

Frå og med 1. juli vert det ikkje lenger mogeleg å skaffa seg pass ved Jæren lensmannskontor. Frå sentralt hald er det bestemt at det skal vera færre passkontor, og Bryne er ein av stadene der tenesta vert nedlagt. Sandnes, Sola lufthavn og Egersund vert dei nærmaste stadane.

– Me har stor pågang av folk som bestiller time. Pass er ei av dei tenestene folk flest på Jæren har brukt lensmannskontoret til. I så måte kjem det til å verta ei stor endring for oss når me ikkje lenger skal tilby pass, slår Tengesdal fast.

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Tredjepartsaktører

Her finner du informasjon om våre samarbeidspartnere:

Vis mer

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...